Alt innhald og kommentarar på denne bloggen vert innsamla og lagra av Nasjonalbiblioteket.

Viser arkivet for stikkord willy

Glas med puppar og dårleg lydannlegg

Museumsdirektør ved Sogn og Fjordane kunstmuseum, Morten Johan Svendsen, hadde tidenes sjanse til å gjere kunst folkeleg. Opninga av det nye kunstmuseet i Førde kunne ha vekt ein interesse for kunst som ikkje tidlegare har vore til stades hos det breie lag av innbyggjarane i fylket. Men gjorde dei det?

Heile 1100 menneske hadde møtt opp til den høgtidelege opninga av Førde si nye «kunstneriske storstove». Her var vanlege folk blanda med ordførarar, politikarar, samfunnstoppar, næringslivsfolk, og ikkje minst kunstnarar. Det skulle være ein festdag både for innbyggjarane som har finansiert bygget til heile 93 millionar kroner over skatteseddelen, men det skulle framfor alt være ein festdag for kunsten og det breie spekteret av kunstnarar vi har i vårt fylke.

Eg er ingen kunstnar, kulturanmeldar eller kunstkritikar, men det er ikkje dei fleste andre heller. Eg er i likskap med dei fleste berre passeleg interessert i kunst og kultur, og vel meg dei kulturuttrykka som klarer å røre ved meg eller engasjere meg på ein eller annan måte. Det kan difor hende at andre opplevde det nye museet på ein heilt anna måte enn meg, eller som ein politikarkollega av meg frå eit anna parti kviskra til meg: «På ein slik dag er vi programforplikta til å skryte å verke begeistra».

For min del vart sjølve opningsseremonien utanfor museet ein stor fiasko. Saman med NRK sin kulturmeldar, Hans Jakob Reite, og forfattar, skribent, journalist og samfunnskritikar, Anne Viken, vart eg ståande bak ein enorm kreasjon som eg seinare fekk merke var eit overdimensjonert horn. Når lydannlegget i aller høgste grad ikkje var overdimensjonert, og ikkje klarte å nå ut til meir enn maks 100 personar, så fekk vi ikkje med oss nokon av dei heilt sikkert velformulerte og gode orda frå fylkesordførar, ordførar og museumsdirektør.

Foto: Anne Viken

På grunn av den enorme menneskemengda vart vi og ståande utanfor å vente ei stund før vi faktisk slapp inn, sidan dei måtte sleppe ut nokon før fleire kunne komme inn. Hans Jakob Reite var forøvrig så full av forventning og entusiasme at eg skal innrømme at den smitta over, og forventningane mine til kva eg skulle få oppleve innanfor dørene vart ganske store.

Vel innanfor dørene gjekk eg systematisk til verks og begynte med å studere det som var i fyrste etasje. Her vart eg fortald at det var medlemmane i Sogn og Fjordane kunstforeining som hadde bidrege med kunst som i tillegg var til sals for dei som var interessert, derav namnet museumsbutikk. Det var glas med puppar på, det var dyr i dei mest groteske kreasjonar, det var lysestakar og bruksgjenstandar. Og det var bilete, mange bilete, ja faktisk for mange bilete. Det var ein heil vegg som var så tettpakka av bilete at eg ikkje klarte å sjå eit einaste eit. Det var mange bilete der som hadde fortent betre enn å verte smurt i hop i ein enorm collage av forskjellige stilartar og kunstuttrykk. Men det var faktisk ein og anna gjenstand som og falt i smak, og som eg godt kunne ha hatt på peishylla heime.

Foto: Anne Viken

Vidare i fyrste etasje, bak eit føreheng, kom ein inn i det som heiter Høgsalen. Dette var eit enormt rom som dekka ein fjerdedel av grunnflata på bygget og gjekk over to etasjar. Dette rommet var, forsiktig sagt, sparsomt innreia. Frå taket hang nokre lange fiberoptiske lysremser, og nedst på ein vegg var det nokre lysremser i forskjellige fargar. Når vi les i media at kunstmuseet ikkje har funne plass til ei utstilling av ein av våre fremste kunstnarar frå fylket, Oddvar Torsheim, så var det første som slo meg at det må handle meir om uvilje enn mangel på plass, men det kjem eg tilbake til. Lysa i rommet var stillig, men verken nyskapande, engasjerande, eller spesiell på nokon måte.

Foto: Anne Viken

Andre etasje var den som skuffa mest. Her hang det noko stoffstykke ned frå taket, og det var nokre stoffutklipp i forskjellige fasongar. Det må utan tvil ha vore krevjande og tatt lang tid å utarbeide dette, men like fullt var det svært lite gjevande for oss som skule sjå på det. Det som var mest irriterande i andre etasje var at det ikkje var oppgitt kunstnar eller kva kunstverket heiter, eller kva det skulle bety. Eg vart seinare opplyst at det eigentleg var meininga at det skulle ligge ute eit papir der ein kunne lese dette, men nokon hadde gløymt å leggje ut papiret. Det var kort sagt svært uinteressant og uinspirerande å sjå denne utstillinga.

Tredje etasje var den beste, men basert på inntrykket frå dei andre etasjane, så er ikkje nødvendigvis bra. Men dei verka eg likte best i museet fant eg i denne etasjen. Dette var utstillinga som synte fram verka frå 52 kunstnarar frå vårt eige fylke. Som Florø-patriot var sjølvsagt favoritten eit stort bilete som synte delar av oljebasen i Florø, og viss ein kikka veldig godt etter såg ein at det også var skjult eit tjuetals kokkar mellom røra på biletet. Sjølvsagt meinte eg at ein burde har bilete som synte meir enn berre 5% av baseområdet, men det var no uansett eit bra bilete.

Foto: Anne Viken

I tillegg lot eg meg som alltid begeistre av Oddvar Torsheim sine verk, som talde to i denne utstillinga, samt eit par andre veldig fine bilete som eg fann på leitinga etter å verte engasjert. Det mest interessante i denne etasjen vart likevel møtet mellom Oddvar Torsheim og Anne Viken, der dei utveksla kulturverk og lovord til kvarandre. Kva Torsheimen syns om «Elise og mysteriet med dei døde hestane» vert spanande å høyre.

Foto: Anne Viken

Fjerde etasje var ein stor takterrasse samt ein liten sal med framsyning av ein 50 minutts lang film om skoproduksjon. Og sjølv om eg var på museet i heile 3 timar, så skal eg innrømme at eg ikkje tok meg tid til å sjå denne filmen. Takterrassen ser eg føre meg at kan verte ein svært fin plass å sitte ein varm sommarsdag, der ein kan nyte litt tid for seg sjølv mens bylivet går sin vante gang fire etasjar under.

Og for å sei litt om bygget også. Bygget er ei arkitektonisk perle. Det er fantastisk utforma, stikk seg fram i bybiletet som både originalt, spennande og interessant. Men for å forsvare ein prislapp på 93 millionar bør vel og innhaldet være det same. Det meiner eg at det ikkje er.

I likskap med dei fleste andre, så kan eg forsvinnande lite om kunst, men eg veit kva eg likar. Og eg fann forsvinnande lite eg likte i den nye kunstmuseet. Ikkje hadde dei funne spesielt mykje plass til den folkekjære kunstnaren Oddvar Torsheim i eit bygg som hadde alvorleg mykje tomme veggareal. Og eg skal ærleg innrømme at eit og anna innslag av Stig Eikaas, som var totalt fråværande med sine verk, nok ville ha gitt meg noko meir enn den tomheten eg følte etter besøket.

Med 1100 besøkande på opninga, så hadde kunstmuseet ein eventyrleg sjanse til å skaffe seg eit nytt publikum. Hadde dei klart å syne fram noko som skapte følelsar og engasjement, så ville mange ha funne turen tilbake seinare. Dessverre var det mange som vart skuffa, og gjekk ut døra kanskje for første og siste gang. Eller kanskje var mange som ordførar i Førde, Olve Grotle. Han spurde meg om ikkje dette var ein heilt fantastisk dag? Og når eg følgde opp med min noko lunkne tilbakemelding på kunsten, så sa han spørjande – Kunsten? Nei, den har eg ikkje sett på endå, men det var ei fantastisk opning!

Når ein nyttar 93 millionar av skattebetalarane sine pengar på eit slikt tiltak, då fortener både dei som har betalt det og kunstnarane å få meir tilbake enn det kunstmuseet har klart å prestere innhaldsmessig til opninga. Eg håpar at det berre går oppover herifrå!