Alt innhald og kommentarar på denne bloggen vert innsamla og lagra av Nasjonalbiblioteket.

Viser arkivet for stikkord streik

Streiken kan straffe Florø

Når eit fagforbund tek medlemmane sine ut i streik, så er det meint som eit verkemiddel for å presse arbeidsgjevar til å gje etter for dei tilsette sine krav. Men i dei aller fleste tilfella rammer streik utanforståande og kundar av dei aktuelle bedriftene langt meir enn arbeidsgjevaren. Streiken blant Widerøe sine kabintilsette kan få alvorlege og langvarige følgjer for Florø.

I dag har eg hatt ein stille og roleg dag på kontoret. Eg har i over eit år hatt kontor lokalisert i terminalbygget ved Florø Lufthamn, då Avinor hadde eit ledig lokale til leige. Med unntak av eit fly som letta i føremiddag, utan passasjerar sjølvsagt, samt nokre ut- og innflygingar av helikopter, så har det vore lite aktivitet på flyplassen. Med unntak av dei tilsette ved flyplassen og ein god del journalistar frå NRK, så har det i tillegg nesten vore folketomt.

I Sogn og Fjordane har Widerøe monopol på flytrafikk ut og inn av fylket. Etter ein noko merkeleg anbodsprosess i fjor vår, sikra Widerøe seg rutene til og frå Oslo og Bergen, også frå Florø Lufthamn, i tillegg til at dei hadde alle dei andre lufthamnene i fylket frå før. Danish Air Transport (DAT), som opererte desse rutene tidlegare, prøvde seg på nokre kommersielle ruter til Stavanger og Skien, men måtte gje tapt då dei ikkje hadde tilgang på dei store passasjermengdene som ligg i Bergens- og Oslorutene.

Resultatet av denne monopolsituasjonen er at flypassasjerane, og då også innbyggjarar, næringsliv, organisasjonar og det offentlege, er heilt avhengige av Widerøe for å møte kundar og kontaktar, delta på arrangement, eller berre reise på ferie eller besøk til familie og vener i andre delar av landet. I dei aller fleste andre fylke i landet har dei tilgang på andre flyselskap, som ikkje er i streik, og klarar då med litt tilpassing å komme seg avstad likevel.

No kan vi sjølvsagt ta ein debatt på om vi som flypassasjerar, i solidaritet med dei streikande tilsette, ikkje bør tole at vi kan få nokre dagar med innstilte fly, endra møtedatoar og avlyste feriar. Men eg skal ikkje gje meg i kast med å ta verken den debatten, eller om grunnlaget dei tilsette har gått ut i streik på er rett eller galt. Det er noko heilt anna som bekymrar meg vesentleg meir.

På Florø Lufthamn har CHC Helikopter Service (CHC) stasjonert to helikopter. Helikoptera fraktar dagleg arbeidarane til Statoil, GDF Suez og British Gas til og frå ei rekkje med ulike oljeinstallasjonar både i norsk og britisk sektor av Nordsjøen. I dag er det ikkje mange passasjerar om bord på ein del av turane. Årsaka til det er ikkje at helikoptera ikkje kan fly, men at passasjerane ikkje kjem seg til og frå Florø. Allereie nokre timar etter streiken starta vart fleire av helikopterflygingane flytta til Bergen.

Når oljeselskapa gjer vurderingar på kor dei skal plassere sin aktivitet, så er sårbarheit ein svært viktig vurderingsfaktor. Streiken blant dei Widerøetilsette synleggjer kor sårbart det er å ha helikoptertransporten lokalisert på ein flyplass der det berre er eit flyselskap som opererer. Vi skal ikkje gløyme kor mykje ekstra kostnader selskapa må ut med, og ikkje minst ekstrabelastninga for dei tilsette som ikkje kjem seg på jobb eller heim til familiane sine, som følgje av streiken.

Eg skal heller ikkje starte ein debatt om streikeretten til dei tilsette i verken Widerøe eller andre selskap. Men når fagforeininga tek ut alle dei tilsette, slik at ein totalt lammar både person- og næringstransport for eit heilt fylke, tydeligvis utan å i det heile teke å ta omsyn til verken kortvarige eller langvarige konsekvensar, då må vi kanskje vurdere heile systemet.

Florø tek mål av seg å være eit knutepunkt for petroleumsaktiviteten utanfor gullkysten, både med baseaktivitetar, forsyning, utdanning og servicefunksjonar som helikoptertransport. Vi ynskjer meir aktivitet og fleire tilbod. Då er nok situasjonen med Widerøe som monopolist på tilførselstenestene ein alt for sårbar situasjon til at vi kan leve med det på sikt.