Alt innhald og kommentarar på denne bloggen vert innsamla og lagra av Nasjonalbiblioteket.

Viser arkivet for stikkord livsignenavarsete

Navarsete burde ikkje ringt Solhjell

Det er ikkje noko problem at ein politikar kjemper for saker som er viktig for lokalsamfunnet, det skulle faktisk berre mangle. Men det er derimot eit stort problem om ein statsråd med ein personleg fordel/ulempe av utfallet i ei sak utnyttar posisjonen sin for gjennomslag.

Dei siste dagane har debatten kring Navarsete sin telefon til statsrådkollega Solhjell om trasévalet på E16 skapt store overskrifter i media. Som typisk er i slike saker, så vert frontane steile, og krigstypane i tabloidavisene overskygger realitetane i saka. Alt frå stortingspolitikarar og regjeringsmedlemmer til fagfolk, jussekspertar og lokalbefolkning vert intervjua og journalistane koser seg med å skape stadig nye vinklingar og avsløre nye forhold i saka.

Men om vi skreller vekk blodlysta hos journalistane, markeringsbehovet til redaktørane og dei politiske kommentatorane, og lokalpolitikarane sitt ynskje om å verte høyrde, kva er eigentleg problemet med denne saka? Er verkeleg Liv Signe Navarsete si innblanding noko problem? Har ho ikkje berre gjort det einkvar politikar bør gjere? Er valet som Solhjell har gjort noko gale? Svaret er som i mange saker både ja og nei.

Sjølvet valet av trasé for E16 er i utgangspunktet ikkje noko problem. I slike saker vil det alltid være forskjellig oppfatningar av kva som er rett og ikkje. At lokalpolitikarane i Lærdal ynskjer å flytte europavegen vekk frå tettbygd strok, og inn i tunnel, er heilt vanleg i slike saker. At Statens Vegvesen prøver å finne dei beste løysingane til lågast muleg kostnad og høgast muleg samfunnsøkonomisk lønnsemd er like vanleg. Av og til vil Statens Vegvesen vinne gjennom, og av og til vil lokalpolitikarane vinne igjennom. Og politikken er no uansett slik at ein vektlegg forskjellige argument, prioriterer mellom forskjellige interesser, og deretter tek ei avgjerd. Det er lite som tyder på at avgjerda i Miljøverndepartementet er feil, og det har heller ingen parti eller politikarar uttalt.

Eg har store forventningar til politikarar, og Liv Signe Navarsete. Eg forventar at politikarar frå Sogn og Fjordane, uansett parti, kjemper for saker som er viktige for innbyggjarane og lokalsamfunna i vårt fylke. Eg forventar at statsrådar, statssekretærar og stortingspolitikarar brukar sitt nettverk og sine posisjonar til å fremje saker og synspunkt på vegne av dei veljarane som har vald dei. Kva vil poenget med folkevalde være, om dei ikkje skal representere folket? Så kan vi sjølvsagt ha ein diskusjon om at Navarsete stort sett kjemper for saker som er viktige for SP-kommunar, og i liten grad har bidrege i saker som faktisk ville fremja vekst og verdiskaping i andre deler av fylket, men det er ein annan, og politisk, diskusjon. I dette tilfellet gjorde ho det veljarane i heimkommunen hennar forventa av ho, som deira ombodskvinne i regjeringa.

Problemet er berre at Liv Signe Navarsete aldri i livet burde blanda seg inn i saka, fordi ho har ein eigeninteresse i utfallet. For sjølv om politikarar skal kjempe for saker som veljarane er oppteken av, så skal aldri ein politikar blande seg inn i ei sak der dei har ein personleg fordel eller ulempe av utfallet. Skal vi som innbyggjarar ha tillit til forvaltninga, så må vi være sikker på at personar, uansett om dei er politikarar, næringslivsfolk eller bønder, har dei same rettighetene og vert behandla likt. I denne saka utnytta Navarsete sin posisjon som statsråd ved at ho faktisk kunne snakke direkte med statsråden som skulle avgjere saka. Dei aller fleste andre som har forvaltningssaker til behandling har ikkje det høvet.

Jussekspertar slår fast at Navarsete på ingen måte har brote noko lov ved å ta kontakt med statsråden i Miljøverndepartementet om saka. Og det er eg heilt samd i. Men ho har likevel brote eit prinsipp i norsk fovaltning ved å engasjere seg politisk i ei sak der ho har ein eigeninteresse. Med å bryte det prinsippet bidreg ho til politikarforakt og mistru til det politiske systemet. Ho skaper eit inntrykk av at politikarar skal ha andre fordeler enn vanlege innbyggjarar når forvaltningssaker skal avgjerast. Og det skal dei sjølvsagt ikkje.

Hadde Navarsete vore statsråden som skulle handsama denne saka, så ville ho vorten erklært inhabil, nettopp fordi ho har ein særleg fordel eller ulempe av utfallet. Er det då rett at ho skal kunne påverke statsråden som skal ta avgjerda? Er det rett at ein person som sjølv ville vore ugild til å handsame ei forvaltningssak skal kunne påverke korleis saka vært avgjort?

Og sidan eg no ved fleire høve har skrevet at Navarsete har ein personleg fordel/ulempe av utfallet av saka, så må eg verte litt teknisk for å forklare kvifor.

Klagesaka som Miljøverndepartementet og Solhjell skulle handsame var ein kommunedelplan for Tønjum-Ljøsne. Ein kommunedelplan er ein overordna plan for arealbruken i eit definert område, og alt arealet innanfor det definerte planområdet, uavhengig av om vegen vert lagt over eigedommen eller ikkje, vert berørt. Etter loven vil ingen med eigarinteresser innanfor planområdet være habile til å delta i handsaminga av planen.

Mannen til Liv Signe Navarsete vart funnen inhabil i kommunen si handsaming av saka, noko som var heilt rett. Nokon hevdar at han erklærte seg inhabil, men det er ikkje muleg å gjere i eit folkevald organ etter forvaltningslova. Enten er du inhabil eller så er du det ikkje, og det er alltid kommunestyret, eller det folkevalde organet sjølv som vedtek om ein representant er ugild, ikkje personen sjølv. Navarsete ville og vore inhabil til å handsame klagen på kommunedelplanen, nettopp fordi ho har eigarinteresser innanfor planområdet.

Og kva ville skjedd om Solhjell hadde teke klagen til følgje? Då ville saka vorten sendt tilbake til kommunen for ny handsaming, og alle alternativ, også det som går direkte over eigedommen til Navarsete, kunne teoretisk sett vorte utfallet. Kommunestyret i Lærdal kunne sågar har regulert inn hyttetomter på eigedommen til Navarsete om dei ynskja det. Difor er det ikkje tvil om at Navarsete hadde ein personleg fordel/ulempe av utfallet i saka.

At saka vart avgjort berre dagar før regjeringsskiftet, etter ein telefon frå Navarsete, kan tyde på at ho har brukt posisjonen sin til å påverke saksgangen, men det er på ingen måte sikkert. Difor er det no viktig at dei rette organa på Stortinget ser på korleis vedtaket er fatta, og om det har kommen til på rett vis. Det er og ein av grunnane til at vi har vald dei, at dei skal sjå til at avgjersler i forvaltninga kjem til på ein rettferdig og riktig måte.

Det er ikkje noko nytt at politikarar i Senterpartiet prøver å bruke skjulte kanalar for å påverke saker der dei har ein eigeninteresse, og eg håpar at SP snart lærer at dette fører til auka politikarforakt og mistru til forvaltningssystemet. Vedtaka kan være så riktige som dei berre vil, men om prosessen fram til vedtaket har vore «skitten», så vert demokratiet og demokratifølelsen hos innbyggjarane svekka. Det kan umuleg verken Navarsete eller SP ynskje.