Alt innhald og kommentarar på denne bloggen vert innsamla og lagra av Nasjonalbiblioteket.

Viser arkivet for stikkord kultur

Vil kultureliten ha dei som rapar?

Førdekonferansen er ein kulturkonferanse som vert avholdt kvart år i forbindelse med Førdefestivalen, og temaet for årets konferanse var «Inn med publikum – ut med fordomane». Dette syntes eg høyrdes veldig spennande og interessant ut. Så heilt impulsivt, kvelden før konferansen, fann eg ut at eg skulle melde meg på. Mest truleg hadde det ikkje vore nokon FrParar på Førdekonferansen sidan 2009, då eg deltok i ein debatt mot stortingerepresentantane Olemic Thommessen frå Høgre, og Tove Karoline Knutsen frå Arbeidarpartiet. Men eg bestemte meg for å leggje fordommane til sides, heilt i tråd med temaet for konferansen, og meldte meg altså på.

Det var eliten som var samla på Førdekonferansen. Det var dei som har, på vegne av alle oss andre, tatt på seg å definere kva kultur skal være, definere kva som er god og dårleg kunst, og ikkje minst definere kva som skal satsast på og korleis det skal gjerast. Det var kultursjefar, kulturbyråkratar, kulturpolitikarar, kulturutøvarar og stort sett det meste anna av titlar du kan sette kultur framføre. Og målet deira var aldri «Inn med publikum – ut med fordommane», men målet var legitimering av deira eigen stand, deira definisjonsmakt og deira kompetanse.

For kultureliten er ikkje oppteken av å demokratisere kulturen og tilby publikum det publikum vil ha. Det dei er oppteken av er korleis dei skal få publikum og det breie lag av folket til å like det same som eliten allereie har definert som god kultur, og på den måten legitimere at det faktisk er dei som har evna og kompetansen til gjere vurderingane på vegne av alle oss andre.

Men kultureliten gjer ei stor tabbe. Dei gjer det same som dei politiske partia og media har gjort med politikken dei siste ti åra. Direktør for kommunikasjon og samfunnsansvar i Sparebanken Vest, Siren Sundland, trefte spikaren på hovudet når ho i oppsummeringa av konferansen sa at det vart for mykje «teoritisering». For det er nettopp det både politikken og kulturen gjer. Samstundes som ein tilsett fleire og fleire med akademisk utdanning i utforminga og defineringa av både kultur og politikk, så distanserer ein seg frå dei ein skal representere og yte eit tilbod til. Nemleg det breie lag av befolkninga.

Analysesjef i NRK, Kristian Tolonen, kunne grafisk vise at ca 8% av befolkninga er «kjernepublikumet» til det vide kulturtilbodet i Norge. No er dette litt forenkla sagt frå mi side, ettersom Tolonen brukte Pierre Bourdieu sine teoriar om at ulike grupper i samfunnet har forskjellig grad av kulturell og økonomisk kapital som bakgrunn for sine vurderingar av det talmaterialet han analyserte. Men gjennom fleire foredrag fekk vi likevel bekrefta det grunnleggande: Berre i underkant av 10% av befolkninga er regelmessige brukarar av eit vidt kulturtilbod. Og for å konkretisere «eit vidt kulturtilbod» ytterlegare, så snakkar vi då om både teater, opera, klassisk musikk, litteratur, kunst, samtidsdans og ein rekke andre «smale» kulturuttrykk.

Dette innlegget skal ikkje handle så mykje om fordeling av kulturkroner, men eg eg klarte likevel ikkje å oversjå at dei under 10% av befolkninga med den største økonomiske kapitalen, altså dei rikaste, er dei som og er brukarar av dei mest offentleg subsidierte kulturtilboda. Her snakkar vi om folk med høg utdanning, rimelig god løn, dei fleste godt plassert ytterst på den politiske venstre fløy, og ikkje minst mange av dei som oftast roper høgt om kor urettferdig samfunnet er. Dette er dei som er brukarar av den kulturen som ikkje er «mainstream» nok til å oppnå nok volum på betalingsvillige publikummarar til å få det til å gå rundt utan offentlege overføringar. Det er eit tankekors som eg vil følgje opp i eit seinare innlegg.

For det som er poenget mitt i dette innlegget er at kultureliten, i staden for å svekke si eiga definisjonsmakt, heller ynskjer å styrkje den. I staden for å anerkjenne folk si evne, kompetanse og ynskje om å definere kunst og kultur på eigne vegne, så vil dei heller utvide «kjernepublikummet», som allereie godtek eller er ein del av kultureliten sin definisjon. Dei leitar febrilsk etter verkemiddel for å få fleire til å like det same som dei sjølv, eller det dei har vært med å definere. Som direktør i MIC, Kristin Danielsen, sa det på konferansen: «Her er vårt tilbod, de er hjarteleg velkommen».

Er Tone Damli og Stig Eikaas kultur? Fleire eg snakka med i pausane på konferansen meinte ikkje det. Men for mange andre kan det kanskje være det? Kvifor ikkje utvide horisonten? Kvifor ikkje annerkjenne folk flest sine eigne meiningar om kva kultur er? For nokon kan kultur være Grieg og Picasso, for andre kan det være Damli og Eikaas. Dette har med smak å gjere, og den er som kjend forskjellig.

Eg er heilt sikker på at kultureliten kjem til å fortsette å teoretisere kulturen, og på den måten distansere seg ytterelgare frå folk flest sin smak. Dei er livredde for å miste definisjonsmakta, samstundes som dei veit at for å behalde den og samstundes ha handa på den offentlege pengekrukka, må dei ha legitimitet hos det breie lag av befolkninga. Men vil eigentleg kultureliten at folk som rapar skal gå i operaen? Vil ein eigentleg at folk med ungar skal gå på klassiske konsertar? Vil ein eigentleg at ungdom med «saggebukser» skal gå på ballett?

Mitt inntrykk etter konferansen er at det vil dei ikkje. Dei vil gjerne ha større legitimitet i det breie lag av befolkninga, men dei vil framleis ha dei «smale kulturartane» i fred og dei vil framleis ha «eliteinstitusjonane» sine. Og dei vil framleis ta seg retten til å være meir meiningsberettiga enn andre. I praksis betyr det at kva eg meiner og skriv i dette innlegget vil ikkje kultureliten ta notis av, og om nokon av dei meiner noko om det, så vil det være at dette har eg ikkje kompetanse til å meine noko om. Og eg er einig med dei i at eg, i likhet med dei, ikkje er berettiga til å seie kva god og dårleg kultur er på vegne av andre. Eg kan berre sei kva eg likar og ikkje!