Alt innhald og kommentarar på denne bloggen vert innsamla og lagra av Nasjonalbiblioteket.

Viser arkivet for stikkord integrering

Bærekraftig innvandring til Flora

I eit innlegg på kystpuls.no skriv gruppeleiar i SV, Bente Halvorsen at ho er skuffa over Venstre og positivt overraska av FrP etter bystyredebatten om busetting av flyktningar. Odd Bovim frå Venstre repliserer, ikkje uventa, at det framleis er stor skilnad på partia i spørsmålet om innvandring og integrering til Flora. Og han har heilt rett! For der Venstre og SV i stor grad definerer vellukka integrering og eit meir inkluderande samfunn i kor stort antal flyktningar kommunen skal ta imot (kvantitet), så definerer FrP det same i korleis vi handterer den stadig aukande innvandrarbefolkninga i form av å inkludere dei i arbeidsliv og samfunn forøvrig (kvalitet).

Fleirtalet Høgre og Venstre vedtok til slutt å busettje oppunder 50 flyktningar i Flora kommune i 2012, ca 20 som såkalla familigjennforening i tillegg til dei 25 som det vart fatta direkte vedtak om. AP/SV/SP/KRF sitt framlegg på litt i overkant av 50 ville nok i realiteten ikkje førd til ein einaste verken meir eller mindre innvandrar. Det vart nok mest eit spel for galleriet, utan realpolitisk innhald.

I tillegg var det brei semje i Bystyret om at integreringa måtte betrast for å klare å inkludere innvandrarbefolkninga i kommunen, både når det gjaldt arbeid, bustad, organisasjonsliv og elles i Florasamfunnet. Det vart sågar fatta vedtak om utgreiingar som skulle oppnå desse måla på sikt. Problemet vart vel at dei ikkje ville ta inn over seg realitetane, og ville ikkje fokusere på kvalitet i integreringa framfor kvantitet i tilflyttinga.

Det kan godt være at både SV og Venstre er programforplikta til å hevde at jo fleire flyktningar vi tek imot, dess meir humanistiske og gode mennesker er vi. Men kanskje burde desse to partia heller fokusere på korleis folk som kjem hit har det, og korleis vi skal få dei til å “passe inn”. Flyktningar som skal busettjast har fått fast opphald i Norge, og skal pr definisjon verte “norske”. Dei skal være ein del av samfunnet og bidra på samme måte som alle oss andre som bur i kommunen. For å få dette til, hjelp det ikkje å ta inn eit så stort antal at apparatet ikkje klarer å takle det. Resultatet vert ein “humanistisk” politikk på bekostning av livskvaliteten til dei som dei hevdar dei vil hjelpe.

Vi ser allereie resultatet av denne politikken i Flora kommune. Fleire og fleire innvandrarar vel å flytte andre stader, i staden for å skape seg ei framtid i nettopp vår kommune. Dette prøver SV og Venstre å kompensere ved å ta imot endå fleire. Kanskje er det snart på tide å stoppe opp, tenkje seg om, styrkje den individuelle integreringa, og skape ei framtid for flyktningane. Dette klarer vi ikkje i “lille” Flora når vi skal ta imot 50 flyktningar i året, i tillegg til dei kanskje 100-150 arbeidsinvandrarane som kjem til Flora i same periode.

Det er ein forskjell mellom FrP og dei andre partia i Flora når det gjeld integrering. Vi meiner at ved å redusere antalet flyktningar til 15 i året, så vil vi kunne ha fokus på kvar enkelt, og kvar enkelt sitt behov, i staden for gruppetenkinga som råder idag. Viss vi ynskjer at flyktningane skal integrerast og skape seg ei framtid med familien i Flora, då må vi endre fokus frå kvantitet til kvalitet. Det ser ut som vi må vente endå eit år før det vert ein realitet.