Alt innhald og kommentarar på denne bloggen vert innsamla og lagra av Nasjonalbiblioteket.

Viser arkivet for stikkord ingridheggø

Utfordrar Heggø til økonomiduell

Det er underhaldande, men samstundes trist, når Ingrid Heggø skuldar Firda for samrøre når avisa omtalar handlingsregelen. Det skal sjølvsagt seiast at Firda ved gjentekne høve på leiarplass har synleggjort at dei ikkje heilt har forstått korleis norsk økonomi og handlingsregelen fungerer, men at AP, som har gjort sport i å tåkelegge konsekvensane av dagens økonomiske politikk, skal være den som kritiserer, det er berre humoristisk.

Det er mange spørsmål og logiske bristar i Firda sin omtale av handlingsregelen på leiarplass onsdag, som eg kunne tenkje meg å utfordre Firda på. Men når ein les korleis Firda omtalar handlingsregelen på, så er det lite som tyder på at dei verken vil, eller kan, svare for bristane. Men det er heller ikkje Firda som skal skuldast for denne «vranglæra», ettersom dei berre omtalar handlingsregelen på ein politisk korrekt måte slik AP og Finansministeren har sagt at dei skal gjere. At ei lita «landsens avis» frå Sogn og Fjordane skal ha kapasitet til å etterprøve det dei styrande partia i hovudstaden seier er sanninga, skal vi ikkje ha forhåpningar om.

Då er det mykje meir alvorleg at Arbeidarpartiet og deira fremste kvinne i Sogn og Fjordane, Ingrid Heggø, ikkje ser at konkurranseutsett næringsliv, blant anna i hennar eigen heimkommune Høyanger, ikkje kan overleve utan at rammevilkåra vert betra. Betre vilkår gjennom avskrivingsreglar, skatte- avgiftslette, lågare transportkostnader, og auka satsing på teknologiutvikling er nemleg avgjerande om vi skal ha eit konkurranseutsett næringsliv i framtida.

Ingrid Heggø trur at det vert mindre press i norsk økonomi av at kommunane og bomselskapa låner, stort sett frå utlandet, 10-tals milliardar årleg utanfor handlingsregelen for å investere i kommunale bygningar og infrastruktur, framfor å bruke våre eigne fondsmidlar. Våre eigne fondsmidlar vert ironisk nok lånt ut til våre naboland til lågare rente enn dei vi låner tilbake.

Eg vil hevde at Ingrid Heggø og Arbeidarpartiet er den største faren for konkurranseutsett næringsliv, og derigjennom og vekst og utvikling i vårt eige fylke. Så for å avsløre den økonomiske bløffen til Heggø, og den såkalla ansvarlege handlingsregelen, utfordrar eg Ingrid Heggø til ein debattduell. Ein duell på Heggø si eiga heimebane, Høyanger, i løpet av sommaren. Tek Heggø utfordringa, eller veit ho at ho ikkje klarer å svare for seg?

Her er 5 av dei logiske bristane eg kjem til å utfordre Heggø på i duellen?

1. Kva er samanhengen mellom ein teoretisk avkastning på 4% av oljefondet og press i norsk økonomi? Det kan være høg aktivitet og press i Norge, sjølv om forvaltarane av oljefondet tapar pengar på utanlandske aksjar. Når Heggø brukar oljefondet som ein indikator for press i økonomien, så må ho og kunne svare på dette spørsmålet.

2. Er Heggø ueinig med FrP i at det viktigaste for å sikre norske arbeidsplassar og konkurranseutsette næringar vil være å betre rammebetingelsane gjennom betre avskrivingsreglar, lågare transportkostnader gjennom å byggje ut infrastrukturen, forsking og teknologiutvikling for å sikre konkurransefortrinn, samt økonomisk lønsame investeringar som sikrar framtidig større avkastning enn oljefondet kan klare?

3. Korleis forklarar Heggø at Statistisk Sentralbyrå (SSB) i ein eigen studie konkluderte med at det ville være muleg å bruke så mykje som 45 milliardar kroner meir i samfunnsøkonomisk lønnsamme infrastrukturinvesteringar i Norge kvart år, utan at det ville få negative konsekvensar for økonomien? Er Jens Stoltenberg sin tidlegare arbeidsgjevar, SSB, økonomisk uansvarleg?

4. Staten tilfører norsk økonomi titals milliardar kroner gjennom statsselskap (utan at dei reknast som del av handlingsregelen). Regjeringa nyttar blant anna milliardar for å kjøpe seg opp i fiskeoppdrettselskapet Cermaq. Spørsmålet til Heggø vert då: Kvifor kan fiskeoppdrett tilførast pengar utanfor handlingsregelen, mens samfunnsøkonomisk lønsame vegprosjekt ikkje kan det?

5. I dag lånefinansierast ei rekkje oppgåver i offentleg sektor (spesielt vegar og bygg), noko som gjer at bompengegjelda og kommunegjelda er rekordhøg. Desse pengane reknast heller ikkje med når ein regner pengebruk innanfor handlingsregelen. Høgre nyttar OPS til å køyre over handlingsregelen der dei låner pengar for å framskunde investeringar, som må betalast tilbake seinare. AP gjør i praksis det same med lån via Kommunalbanken. Felles er at dei lånte pengane som oftast kjem frå utlandet. Så vert det mindre press på norsk økonomi ved at vi lånar ut våre oljepengar billeg til nabolanda, mens infrastruktur i Norge vert lånefinansiert med dyrare renter frå utlandet?