Alt innhald og kommentarar på denne bloggen vert innsamla og lagra av Nasjonalbiblioteket.

Viser arkivet for stikkord frankwillydjuvik

Politikar søkjer sommarjobb

Det viktigaste eg kan gjere for å være ein god folkevald er å sørge for at eg har kunnskap om kvardagen til innbyggjarane. Det er berre ved å snakke med dei som har skoen på, og veit kor den trykkjer, at eg kan ta gode politiske val og sikre at eg er ein ombodsmann for dei som har vald meg. Difor har eg lyst til å lære meir, og søkjer difor om sommarjobb for å vite mest muleg om kvardagen for vanlege arbeidsfolk.

Politikarar er folkevalde, og skal representere innbyggjarane i kommunen, fylket og landet. Blant dei folkevalde finn ein folk frå dei fleste yrker, samfunnslag, og aldrar, som har det til felles at dei ynskjer å være med å bidra i samfunnsutviklinga og forvalte innbyggjarane sine verdiar. Politikarar er ikkje, og skal heller ikkje være, fagfolk innan alle områder som dei forvaltar. Men samstundes krev mange av beslutningane at ein kan utøve eit politisk skjønn basert på den kunnskapen ein måtte ha.

Difor er den aller viktigaste jobben for politikarar å tilegne seg kunnskap. Kunnskap om kvardagen til innbyggjarane, uansett om dei er direktør i eit multinasjonalt selskap eller er tilsett i omsorgstenestene i kommunen, er heilt avgjerande for å ta gode beslutningar.

Eg vil gjerne vite mest muleg om kvardagen til dei eg går til val på å representere, både i Flora kommune og i Sogn og Fjordane. Eg søkjer difor no om sommarjobb for å lære meir, og prøver meg med ein kortfatta jobbsøknad:

“Eg er ein 35 år gammal (ung og sprek) politikar som er både nysgjerrig, arbeidsom, lærevillig, kreativ og fleksibel. Eg har ei allsidig CV med variert arbeidserfaring. I sommar søkjer eg etter sommarjobb for å lære meir om bedrifter, yrker og vanlege arbeidsfolk sin kvardag og utfordringar. Så om du treng eit par ekstra hender ein dag i sommar, og samstundes er villig til å lære meg om bedrifta/yrket ditt, så er eg rett mann.

Eg stiller ingen krav eller avgrensingar, og ber heller ikkje om anna lønn enn informasjon og praktisk arbeid. Så om du treng ein dreng, handlangar, assistent eller anna ein dag i sommar, så er det berre å sende meg ein e-post på frank.willy.djuvik@gmail.com så avtalar vi dag. Eg er tilgjengeleg for arbeid i perioden 28. Juni til 20 juli."

Så får vi sjå om det er nokon som vil ha meg :-)

Vinnarfylket Sogn og Fjordane

”Kva vil regjeringa med Sogn og Fjordane”, det er spørsmålet Sosialistisk Venstreparti sin Bård Vegard Solhjell i dag skal få svar på frå kommunalminister Jan Tore Sanner i Stortinget. Solhjell burde heller utfordra lokal- og fylkespolitikarane i Sogn og Fjordane på det spørsmålet, ”Kva vil de med Sogn og Fjordane?”.

(Kjelde: Arbeidskraftundersøkinga til SSB: Undersøkelsen omfatter personer i alderen 15-74 år)

Bakgrunnen for spørsmålet til Solhjell er svært tynt, og det baserer seg i utgangspunktet på eit totalt feilaktig bilete som er skapt av fylket, primært frå raudgrøne politikarar som er oppteken av å svartmåle regjeringa sin politikk for å dekke over sine eigne manglande ambisjonar for fylket.

Solhjell hevdar at dei mange reformene som skal bidra til ein meir effektiv forvaltning, meir lokalt sjølvstyre og frigjering av administrative ressursar til meir tenesteyting, fører til sentralisering, og at Sogn og Fjordane vert ståande att som taparen. Når Solhjell kjem med eksempla sine, så fell heile interpellasjonen hans saman.

Solhjell trekk fram flytting av skatteoppkrevjinga frå kommunane til Staten som eit eksempel på utviklinga i Sogn og Fjordane. Det han då ikkje har fått med seg er at framlegget til regjeringa for ny organisering av skatteinnkrevjinga fører til like mange arbeidsplassar, og betydeleg fleire enn det ein får i andre delar av landet i Sogn og Fjordane. Der vi tidlegare hadde ca 35 årsverk fordelt rundt i dei 27 kommunane, så får vi no 35 årsverk samla i større fagmiljø på Eid, Leikanger og Førde. Skulle det være negativt for fylket?

Han trekk fram fiskeridirektøren sitt framlegg om omlegging av strukturen på regionkontor i Fiskeridirektoratet som eit anna eksempel. Her meiner han at arbeidsplassane i Måløy står i fare. Fasiten, som vi fekk i dag, er at Måløy vert vidareført som regionkontor i Fiskeridirektoratet etter at ein politisk har handsama saka. Igjen står Sogn og Fjordane igjen som vinnaren.

Solhjell trekk og fram Politireforma og alarmsentral som eksempel på sentralisering frå Sogn og Fjordane. Dette til tross for at SV faktisk sitt i forhandlingar om Politireforma med regjeringspartia, og at reforma nettopp vert gjennomført for å få meir nærpoliti ute der innbyggjarane bur, i staden for at ein skal binde opp ressursane i administrative ressursar på 27 politihus rundt om i landet.

Han trekk fram økonomien i fylkeskommunen som eit eksemepel på utarming av fylket. Her meiner altså Solhjell at det fylket som har dei desidert største inntektene av alle fylkeskommunane i landet pr innbyggjar, er så dårleg stilt at det vil føre til at fylket går utfor stupet.

Ein kunne trekt fram mange andre eksempel, der både Solhjell og andre raudgrøne politikarar, totalt feilaktig, framstiller Sogn og Fjordane som den store taparen med FrP og Høgre i regjering. Det er derimot svært mykje som tyder på at både Solhjell, fylkesordførar Kjelsnes og alle dei andre svartmålarane tek grunnleggjande feil i sine påstandar.

Det er ikkje alltid så lett å finne gode indikatorar på korleis det eigentleg står til med eit fylke som Sogn og Fjordane, men graden av sysselsetting i eit samfunn pleier å være ein god indikasjon på utviklinga. Altså kor stor del av befolkninga mellom 15 og 74 år som er i arbeid eller utdanning.

Arbeidskraftundersøkinga til statistisk sentralbyrå (SSB) syner at sysselsettinga i Norge gjekk ned med 0,3% frå 68,0% til 67,7% frå 1. kvartal 2014 til 1. Kvartal 2015 , dette heng sjølvsagt saman med kraftig nedgang i oljeprisen, og at oljerelaterte næringar har måtta kutta kraftig i kostnadane og bemanninga. Men ikkje i Sogn og Fjordane. I vårt fylke har vi ein kraftig vekst i sysselsettinga, etter fleire år med nedgang under raudgrøn regjering.

I perioden 2008-2013 gjekk graden av sysselsetting ned frå 74,6% i 2008 til rekordlåge 68,5% ved utgangen av 2013, ein reduksjon på heile 6,1%. Tal sysselsatte gjekk ned frå ca 56.000 til 54.000, i samme periode steig folketalet med over 3.000 personar i fylket. Etter regjeringsskiftet er tala igjen oppe på 56.000, og vi har auke sysselsettingsgraden frå 68,2% til 70,1%, eller 1,9% på eit år.

Dette er statistikk, og graden av sysselsetting vil alltid variere. Men likevel er det eit openbart signal på at noko har skjedd. At ein negativ trend dei siste 5 åra plutseleg skulle snu og peike oppover, på trass av at ein på landsplan har ein markant nedgang, kan ikkje forklarast på andre måtar enn at fleire av innbyggjarane i Sogn og Fjordane er i arbeid, eller at vi har blitt yngre og friskare av ny regjering. Uansett, er det svært positivt.

Etter regjeringsskiftet har eg spist mykje kake, og sett mange norske flagg i Sogn og Fjordane. Dei positive sakene står i kø. Nedbetaling av Fatlabommen, Realisering av E39 Bjørset-Skei, Realisering av Olden-Innvik, Oppstart av arbeidet med Stad Skipstunnel, Nye skogsbilvegar og tømmerkaier, fleire nye investeringar i landbruket, ny ferjeavløysingsordning som medfører fleire milliardar i investeringsmidlar i infrastruktur på kysten av fylket, nye skattearbeidsplassar, historisk satsing på vedlikehald av vegane våre, meir konkurranse og billegare billetar på nokre av flyplassane, arbeidsplassar ved fiskeridirektoratet, rask realisering og finansiering av Loftesnesbrua, betre avskrivingsreglar og grøne sertifikat for investering i fornybar industri, Opning av Knarr-feltet utanfor kysten av Sogn og Fjordane, betre incentivordning for internasjonale filmproduksjonar som er ein kjempemulighet i eit naturfylke som Sogn og Fjordane, redusert elavgift og betre rammebetingelsar for grøne datasenter som gjer unike muligheter for Lefdal gruve og andre, 300 nye arbeidsplassar i mineralnæringa, og mykje mykje meir.

Eksempla er svært mange, og Høgre/FrP-regjeringa har ikkje utelukkande æra for alt dette. Men det som er klart, og heva over einkvar tvil, er at regjeringsskiftet for 1,5 år sidan har opna mange muligheter, og ein ser stor optimisme og framtidstru i fylket. Sogn og Fjordane framstår på dei fleste områdene som den store vinnaren.

Raudgrøne politikarar og ein del journalistar prøver å skape eit bilete av eit Sogn og Fjordane på veg utfor stupet. Fylket vert demontert og rasert, og alt vert sentralisert ut av fylket med den nye regjeringa. Dette er beviseleg feil, og regjeringa og FrP har gjort desse påstandane kraftig til skamme.

Med Solhjell sin interpellasjon i Stortinget, så prøver og han å framstille Sogn og Fjordane som eit mindreverdig fylke, som treng spesiell statleg oppfølging for å i det heile teke eksistere. Det Solhjell burde gjere var å spøre politikarane i Sogn og Fjordane kva dei vil med fylket. Vil vi framstå og marknadsføre oss som taparar når vi i realiteten er dei store vinnarane?

Flora kommune sin «jødeparagraf»

«Jøder ere fremdeles udelukkede fra Adgang til Riget». Slik vart siste del av paragraf 2 i Grunnlova, den såkalla «jødeparagrafen», formulert på Eidsvoll i 1814. For nokon vart forbodet mot jødar oppfatta som eit naturleg forsvarstrekk for eit liberalt styresett mot antatte farar skapt av autonomi og seperatisme. Jødiske samfunn representerte ein stat i staten vart det gjerne hevda.

Innleiinga er formulert av Frode Ulvund i boka «Fridomens grenser – Håndhevelsen av jødeparagrafen 1814-1851», men kunne like gjerne vore ein del av Flora kommune si handsaming av MC-klubben Devils Choice i 2015. Politikarane i to hovedutval vedtok 3. mars ei formulering som er til forveksling lik «jødeparagrafen». «Flora kommune tek avstand frå organisert kriminalitet, herunder 1%-klubbar og -miljø, og erklærer desse for uønskte i kommunen. Det skal ikkje gjevast skjenkeløyve til klubbar som politiet definerer som kriminelle».

På same måte som det for eidsvollmennene var heilt naturleg å erklære jødar for uønskte i riket på bakgrunn av fordommar, stigmatisering og frykt, så stemplar florapolitikarane fleire av innbyggjarane i kommunen som kriminelle, og erklærer dei uønskte i kommunen, utan rettssak, dom og utan å ha høyrt dei aktuelle personane si side av saka.

Alle i kommunen, inkludert medlemmane av Devils Choice, kan enkelt slutte seg til formuleringa i det kommunale vedtaket om at «Flora kommune tek avstand frå organisert kriminalitet». Dette er så openbart at det skulle være unødvendig å bruke tid på å vedta det. Som politikarar og innbyggjarar er vi forplikta til å følgje norsk lov, og treng ikkje vedta at vi tek avstand frå handlingar som er straffbare etter straffeloven. Men resten av formuleringane i vedtaket er det som gjer at Flora kommune no ser ut til å kunne få sin eigen «jødeparagraf».

«..herunder 1%-klubbar og –miljø, og erklærer desse for uønskte i kommunen». Formuleringa kan verke harmlaus, spesielt all den tid begrepet «1%-klubbar» vert nytta på MC-klubbar som definert som kriminelle. Problemet er berre at ingen, verken ein sjølv eller andre har høve til å definere nokon som kriminell. Det er berre domstolane som kan, med bruk av straffeloven, definere kven som er kriminell og ikkje. Det finnst ingen motorsykkelklubb i Norge som er dømt for organisert kriminalitet, og Devils Choice MC er det ikkje. Å erklære seg som 1%-klubb er kanskje ikkje så lurt, men det er like lite kriminelt som når muslimske organisasjonar i Norge erklærer at dei er for dødsstraff for karikaturtegnarar eller tvangsekteskap. Ytringa og erklæringa er ikkje kriminell, handlinga er det.

Det er openbart at grunnleggjande rettsprinsipp og borgarrettar ikkje har særleg tilslutnad blant lokalpolitikarane i Flora, då fleire av dei vert totalt tilsidesett i det politiske vedtaket. Prinsippet om at ein er uskuldig til det motsette er bevist gjeld ikkje, prinsippet om at ein skal likebehandlast av det offentlege uavhengig av organisasjonstilhørighet er broten, ytringsfridomen likeså.

Politikarane i Flora manglar og ein grunnleggande kjennskap til «maktfordelingsprinsippet». Den norske grunnlova byggjer på eit maktfordelingsprinsipp, om at ingen statsmakt skal kunne misbruke si makt. Difor er maktfordelinga i Norge delt i tre. Vi har ei lovgjevande makt, som er det folkevalde Stortinget. Stortinget skal vedta lovene og løyvingane i statsforvaltninga. Deretter har vi den utøvande makta, som er Kongen/Regjeringa. Regjeringa har ansvar for utøvinga av Stortinget sine vedtak og «drifta» av landet. Herunder ligg blant anna Politiet sine oppgåver med å førebyggje, avdekke og etterforske kriminalitet. Og til sist har vi den dømmande makta, som er domstolane. Og til tross for at det er dei to andre maktene som har ansvar for både å utforme og handheve lovene, så er det berre domstolane som har myndighet til å faktisk fastslå om ei lov er broten, og på den måten fastslå om nokon er kriminell eller ikkje.

I vedtaket til Flora kommune står følgjande: «Det skal ikkje gjevast skjenkeløyve til klubbar som politiet definerer som kriminelle». Problemet med den formuleringa er at florapolitikarane bryt maktfordelingsprinsippet. Florapolitikarane bryt prinsippet som skal sikre innbyggjarane mot maktmisbruk, og flytter den dømmande makta over til den utøvande, gjennom at det er Politiet som skal «definere» kven som er kriminell, ikkje at du må være dømt for noko kriminelt. Det grunnleggjande rettsprinsippet om at ein er uskuldig til det motsette er bevist skal ikkje lenger eksistere.

Flora FrP skal være med å førebyggje og kjempe mot organisert kriminalitet, og all anna form for kriminalitet. Men vi er ikkje villig til å definere vanlege hardtarbeidande familefedre som verken kriminelle eller uønskt i kommunen, utan at det på nokon måte er bevist eller at dei er dømd for det. Som politikarar er vi sett til å forvalte demokratiet, organisasjonsfridommen, ytringsfridommen, og rettstryggleiken. «MC-paragrafen» vil verte ein like stor skamplett i historia, som «jødeparagrafen» allerie er blitt. Har vi ikkje lært?

No må regjeringa gje seg!

Det vil ingen ende ta. Desse fryktelege blåblå partia utarmar Sogn og Fjordane, og i sin sentraliseringsiver der alt skal verte robust og lokaliserast til dei største byane, så står Sogn og Fjordane att som taparfylket. «Storbypartia» Høgre og FrP har ikkje skjønt at Sogn og Fjordane er annleisfylket, og at det som skal til for at det framleis vil bu folk i vårt grisgrendte fylke ikkje er meir og betre vegar, mindre byråkrati, forenklingar eller skattelette til bedriftene, men tvert imot meir statleg tilsette byråkratar, større overføringar frå Staten, meir subsidiar til ulønnsam næringsverksemd, offentlege monopol og politisk styrd næringsliv. I Sogn og Fjordane har ikkje vanlege folk og bedriftseigarar greie på kva dei held på med, alt må politisk styrast frå Hermansverk om vi skal få til noko. Heilt utruleg at ikkje sentrale politikarar forstår dette.

Sist ut i ei rekke med reformer og «sniksentraliseringar» kjem den lenge venta politireforma. Drit i at det var den raudgrøne regjeringa, med Grete Faremo frå AP i spissen med Liv Signe Navarsete og Audun Lysbakken som siklande haleheng, som starta arbeidet med reforma i lys av Gjørv-kommisjonen sin rapport etter dei tragiske hendingane 22. juli 2011. Gløym at Politianalysen synleggjorde svakhetane i små einingar, der ein manglar kompetanse på etterforsking av alvorleg kriminalitet, som alle former for overgrep mot barn, seksuelle overgrep mot vaksne, drapssaker, cyberkriminalitet og alvorleg økonomisk kriminalitet. Vi treng ikkje bry oss med at manglande høve til å oppfylle responstid fører til at Politiet kjem sist til staden ved diverse hendingar. Det regjeringa må skjønne er at geografiske grenser og lokale administrative arbeidsplassar er viktigare enn at vi får fleire politifolk ut i operativ teneste til å drive førebygging og kriminalitetsbekjemping.

Skjønner ikkje desse raserarane i regjeringskontora kor håplaust det vert om politifaglege vurderingar skal danne grunnlaget for korleis politi og lensmannsorganiseringa skal være? Forstår dei ikkje at våre fortreffelige politikarar i Sogn og Fjordane er mykje meir kompetente til å vurdere dette enn fagfolka i Politidirektoratet? Ser ikkje Justisministeren at Hordalandspolitiet si handtering av Monika-saka, ei enkeltsak av mange titusenvis av årlege saker vel å merke, må være det som dannar grunnlaget for politiorganiseringa dei neste tiåra?

Nei nok får være nok! Vi vil ikkje frigjere ressursar til meir operativt nærpoliti, vi vil framleis ha dei gode gamle lensmannskontora som vi kan besøke frå kl 10-13 tre dagar i veka. Vi vil ikkje ha meir etterforskingskompetanse på alvorleg kriminalitet, for vi har uansett ikkje så mykje av den kriminaliteten i vårt fylke at det er nødvendig. Vi er ikkje så opptatt av at Politiet skal ha responstid, så lenge brannvesenet uansett kjem på staden så kan dei ordne opp. Det vi vil er derimot at Gjørv-kommisjon, Politianalyse og politifaglege vurderingar vert lagt til side, og at dei inne i Oslo skjønner at geografiske grenser og administrative arbeidsplassar er viktigare for oss.

Kjære blåblå regjering: Vi ber ikkje om mykje. Javisst bur færre og færre av landets innbyggjarar i vårt fylke, og vi forventar at vi får større og større andel av fellesgodene og overføringane. Men vi må vel få lov til å fortsette som eit annleisfylke? Kan de ikkje berre gje oss ressursane og pengane og gløyme oss? Politikarane våre sin fortreffelighet og utvida kompetanse på både næringsvirksomhet, politifag, kulturkompetanse og det meste anna, gjer at Sogn og Fjordane kan være eit prøvefylke på å ha alt som det alltid har vore. Eller kanskje vi kan gjere det litt betre? Vi kan syte for at det vi ikkje allereie har offentleg monopol på vert lagt under fylkeskommunal politisk kontroll. Vi kan syte for at det vert meir byråkrati og mange hundre nye administrative stillingar. Gje oss kontroll over skattesystemet og så skal vi sågar syte for at det ikkje vert ein einaste fæl riking som kan investere kapital inn i næringslivet, det kan det offentlege ordne med sjølv.

Slutt med dette tullet de held på med no om dagen. Det er ikkje nødvendig å bruke fellesressursane våre meir effektivt, vi har nok av pengar. Slutt å frigjere ressursar til meir vegbygging og helsetenester, det er bra nok som vi har det (Ja, alle andre stader sjølvsagt, vi må jo sjølvsagt få litt meir til vårt fylke). Det er viktigare for oss at vi har lokale skatteinnkrevjarar som vi kan møte opp hos personleg å betale skatten vår, enn at vi får meir effektiv innkrevjing. Det treng ikkje lønne seg å jobbe, vi skal no sysselsette dei som jobbar på NAV og, har de tenkt på det? Og eit siste hjartesukk frå Sogn og Fjordane: Vi er svært skuffa over at de valde å sende mulla Krekar til Sør-Trøndelag. Hadde vore mykje betre om de sende han til Sogn og Fjordane, der vi faktisk treng folketalsauke.

Frank Willy Djuvik
Frustrert Sognogfjording

Mykje feil om flyplassar frå Firda

At Firda-journalist, Helge Johnsen, dekker politiske saker i fylket med ei klar favorisering av raudgrøne parti og politikarar, og ei dertil negativ vinkling mot spesielt Høgre og FrP, er ikkje noko nytt, og heller ikkje noko som FrP har hengt seg så mykje opp i. Men når ein journalist som tek på seg å være den fremste politiske kommentatoren i den største avisa i fylket heilt bevisst kjem med feil fakta og direkte usaklige åtak på Framstegspartiet, då vert vi nødt til å svare.

I Firda 13. November har Johnsen ein kommentar som han har kalla “Vondt blod i Ville Vest”. Her tek han til orde for at tida for forskjellige politiske ståsteder er over, no er det enighet som gjeld. Og ikkje kva som helst einighet heller, men alle skal være einig i dei raudgrøne sine politiske løysingar, og kjempe i samla flokk om dei. Det er sjølvsagt oppsiktsvekkjande at ein journalist som burde være ein stor forkjempar for ytringsfridom og ein demokratisk debatt meiner dette, men det er sjølvsagt hans demokratiske rett å meine det.

Johnsen prøver med sin skarpe penn å skape eit inntrykk av at den siste tids debatt om flyplassar og vegar, handler om Flora mot resten av fylket. Dette gjer han blant anna ved å referere til at “Flora-politikarane Bjørn Hollevik og Frank Willy Djuvik vegra seg mot å være med på eit klart krav i fylkesutvalet om at alle fire flyplassene våre skal haldast oppe”. Sanninga er at det ikkje finnst Flora-politikarar i Fylkesutvalet, sjølv om 4 av dei som møtte i Fylkesutvalet denne dagen har bustadadresse i Flora. Kvifor omtalar ikkje Johnsen Trude Brosvik som Gulen-politikaren eller Jenny Følling som Gaular-politikaren? Ganske enkelt fordi dei som til einkvar tid møter i Fylkesutvalet møter på vegne av sine respektive Fylkesparti, og har eit like stort ansvar for å ivareta heile fylket. Johnsen prøver såleis heilt bevisst å skape eit inntrykk av at dette er ei sak for Flora.

Eg representerer Sogn og Fjordane FrP i både Fylkestinget og i Fylkesutvalet, og har eit ansvar for å fremme saker som medlemmane i vårt fylkesparti har vedteke. Og hadde Helge Johnsen brukt tid på å faktisk følge med på kva som skjer i politikken i fylket, så ville han ha fanga opp at Sogn og Fjordane FrP allereie i 2011 vedtok i fylkestingsprogrammet vårt å jobbe for ordninga “veg for flyplass”, og har såleis gått til val på det. I tillegg burde han og ha fått med seg at Fylkesårsmøtet i Sogn og Fjordane FrP vedtok seinast i januar i år, at ein ynskja å nytte det som vi har kalla “flyavløysingsmidlar” til å finansiere blant anna Kystvegen. Dette er ikkje noko politikarar frå Flora har funnet på, men noko eit fylkesparti har vedteke og gått til val på.

Johnsen hevdar i sin kommentar at denne ordninga er å tru på julenissen og at “Resten av Sogn og Fjordane veit at det er ein utopi å få bygd vegar for innsparingar Avinor gjer for å få skikk på sin eigen økonomi, Spesielt når Staten heller ikkje kan instruere eit selskap som Avinor”. Dette er direkte faktafeil frå Johnsen.

For det første så er det ikkje Avinor som disponerer rutekjøpsmidlane, men Staten gjennom Samferdsledepartementet. Det er ikkje Avinor som kjøper flyruter, og ergo er det ikkje Avinor som sparar mest på ei eventuell nedlegging av flyruter. Pengar som samferdsledepartementet sparer kan dei såleis nytte til å byggje vegar om dei ynskjer det. Men ved nedlegging av flyplassar så har Johnsen rett i at Avinor og vil spare, og der kjem Johnsen sin andre faktafeil. Han hevder at Staten ikkje kan disponere midlane til aksjeselskapet Avinor. Avinor er eit heileigd offentleg selskap, og det er Staten som bestemmer kva dei skal bruke pengar på. Det finnst ei rekke eksempel på at samferdsledepartementet har instruert Avinor til konkrete utbyggingar, og det er Staten som bestemmer kor mykje pengar ein skal hente ut av Avinor til andre føremål, for eksempel vegbygging. Her viser Johnsen at han ikkje sjølv har sett seg inn i saka og systemet, men har stolt på informasjonen han har fått av Jenny Følling, som i tillegg har vore feil.

Sist, men ikkje minst, så prøver Johnsen å framstille det som at det er underteikna som har bedt departementet om å vurdere “veg for flyplass”, det er ikkje riktig. I FrP sitt nasjonale partiprogram er allereie ordninga vedteke. Og det betyr at politisk leiing i departementet begynte å jobbe med dette lenge før eg diskuterte saka med dei, og allereie i mars i år sendte departementet ut ei bestilling til Avinor og Statens Vegvesen der dei bad om ei vurdering av infrastrukturtiltak som kunne erstatte flyplassar.

Og då kjem vi til kjernen i problemet. Johnsen meiner, i likskap med raudgrøne politikarar i fylket, at vi lokalt ikkje skal delta i ein debatt og ein diskusjon om korleis vi skal få bygd meir veg og få eit betre flytilbod for innbyggjarane i fylket. Her skal vi stå samla om gamle løysingar og gå ned med flagget til topps. At departementet, Avinor og Statens Vegvesen jobber med dette skal vi sjå vekk ifrå og heller vente til nokon andre fatter avgjerda for oss. Forskjellen på FrP og Johnsen/raudgrøne er at vi faktisk meiner at vi bør påvirke resultatet. Vi ynskjer å sjå kva flytilbod, frekvensar, prisar, og ikkje minst vegar, vi kan få, før vi avviser tanken. Det er muleg at Johnsen meiner at 4.400 millionar til vegar i fylket er noko vi lett kan ordne på anna vis, og at det ikkje er verdt å vurdere nedleggingar av flyplassar for slikt. Men Sogn og Fjordane FrP ynskjer å påverke framtida til fylket, og påverke korleis vi kan skape vekst og utvikling og i framtida, og då får vi heller leve med at Johnsen meiner at forskjellige politiske løysingar er “å bråke”.

FrP er, overraskande nok, imot bomringen rundt Førde

Det kom visst som ei overrasking på mange kommunepolitikarar i Førde, og fylkestingspolitikarar i Sogn og Fjordane, at FrP var imot bomringen rundt Førde. Då Firda i førre veke kunne melde at FrP sin fylkesleiar jobba for at regjeringa skulle seie nei til den omsøkte bompengepakken, så rykte dei mannsterke ut i «sjokk og vantru» og nytta karakteristikkar og uttrykk som «illojal» og «vandrande katastrofe».

At FrP sine politiske motstandarar ikkje har fått med seg at både Førde FrP, Sogn og Fjordane FrP og FrP nasjonalt har fatta vedtak om at vi er imot bruk av bompengar til å finansiere nødvendig infrastruktur, det får så være. Men at dei kallar parti og enkeltpolitikarar som ikkje bøyer av og slutter seg til sine politiske motstandarar sin politikk for illojale, er faktisk oppsiktsvekkande. Skal vi verkeleg ha eit samfunn der eit fleirtal skal kunne definere kva eit mindretal skal meine? Eg skal ikkje eingong begynne med å trekke fram eksempel på land og regime som har hatt slike system, og korleis det har gått med dei.

Framstegspartiet gjekk i fjor haust til val på at vi både skulle fjerne dagens bomstasjonar og at vi ikkje ville sette opp nye. I Sogn og Fjordane fjerna regjeringa den siste bommen, i Fatlaberget, i fjor haust, og kunne såleis erklære Sogn og Fjordane for eit bompengefritt fylke. Det er vi stolt av.
Ei meiningsmåling som Infact utførte på vegne av FrP i fjor synte at 52,2% av innbyggjarane i Førde var imot å nytte bompengar for å finansiere lokale vegprosjekt, berre 34,8% var for. Då 639 av Førde sine innbyggjarar i fjor fremja eit krav til kommunestyret i Førde om at dei ville ha folkerøysting om bomringen, så avslo kommunestyret dette, mot FrP sine røyster.

Det er faktisk overraskande at parti som kritiserer regjeringa for manglande sosial profil, utan blygsel prøver å auke utgiftene til innbyggjarane, uavhengig av kva dei tener, med fleire tusen i året, og trur at det ikkje har innverknad for familiar med dårleg råd. Dobbeltmoralisme er vel det rette ordet for slikt.

Den politiske arrogansen i denne saka har tydeligvis ingen grenser. Ikkje berre vil alle partia i Førde Bystyre, med unntak av FrP, overkøyre sine eigne innbyggjarar og pålegge dei alt ifrå 7.200-18.000 kroner i auka årlege utgifter, men dei meiner og at FrP skal kneblast, tvingast til å slutte rekkene, og nektast å jobbe for det vi har lova våre veljarar.

Førdepolitikarane hever og seg sjølv opp til eit beslutningsnivå dei ikkje er på. Det er ikkje Førde Bystyre eller Fylkestinget i Sogn og Fjordane som bestemmer om det skal bli bomring rundt Førde, det er det Stortinget som bestemmer. Og fram til Stortinget har bestemt, så reknar eg med at alle parti vil jobbe for å få gjennomslag for det synet dei har lova veljarane sine.

Det er muleg at desse partia ikkje tek løfter til veljarane så veldig høgtidleg, men det gjer Framstegspartiet. Og i tillegg til løftet vi har gitt veljarane om å jobbe imot bomringen, så gjer vi no i tillegg følgjande løfte til Høgre, Arbeidarpartiet, Venstre, KRF, Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti: Sogn og Fjordane FrP kjem ikkje til å bøye av for sjikaneringa dykkar, og kjem til å nytte alle våre moglegheiter til å hindre at innbyggjarane i Førde og nabokommunane vert pålagt 7.200-18.000 kroner i auka årleg utgifter

Indre line gjev dei beste regionale og samfunnsøkonomiske gevinstane

Det er av og til slik at ein lurer på om vi har journalistar i Sogn og Fjordane som evnar å stille kritiske spørsmål. I ei tid der sosiale media overtek mykje av rolla til dei tradisjonelle mediene, så burde jo papiravisene og NRK nettopp satse på kritisk journalistikk, fagleg tyngde og dybdeinformasjon. Men realiteten er dessverre annleis. Dei tradisjonelle mediene velger heller å være opne talerør, der «alle» får høve til å leggje fram påstandar og «fakta», utan at dette verken vert stillt kritiske spørsmål ved, eller at ein faktisk sjekker dokumentasjonen på dei framførde «fakta». Media si dekning av Trasévalet for E39 i Nordfjord er kanskje eit av dei verste eksempla på denne journalistikken.

Papiraviser og nettsidene deira flaumer over av overskrifter om at «midtre line gjev best samfunnsnytte», «Midtre line gjev den største bu-/arbeidsregionen», i tillegg til påstandar om korrupsjon, hemmelege avtalar og ureint trav frå ein rekkje aktørar. Både innbyggjarar og politikarar vert forvirra, og mediene byggjer opp under konflikter mellom naboar og innbyggjarar med å framstille saka utifrå kva standpunkt dei sjølv og deira journalistar har innteke.

Eg, og Sogn og Fjordane FrP, har innteke eit standpunkt om at vi ynskjer at E39 skal gå i indre line. Dette har vi ikkje gjort utifrå verken avtalar, taktikk, betaling eller anna påverknad, vi har gjort det utifrå at vi har sett på dei reelle fakta i saka, og konkludert med at indre line er best. Vi har gjort det fordi indre line gjev den beste samfunnsnytten, vi har gjort det fordi indre line gjev den beste, største og mest framtidsretta bu-/arbeidsregionen, og vi har gjort det fordi det er det kortaste og billegaste alternativet.

Det er faktisk ikkje sant, det som vert hevda av ordførar på Eid, Alfred Bjørlo, og hans godt betalte rådgjevarar i Nordfjordkryssing AS, at det er berre midtre line som gjev positive regionale ringverknader. Og det er direkte feil når stortingsrepresentant frå Eid, Sveinung Rotevatn, på NRK påstår at «alle rapportar peikar på at midtre line er best om ein ser litt fram i tid». Det er på tide med litt faktasjekk:

Samfunnsnytte
Den siste rapporten på samfunnsnytte vart utarbeida av SINTEF, på oppdrag frå Statens Vegvesen, etter at politisk leiing i Samferdsledepartementet bad om nye og endra vurderingar av dette, etter ei synfaring i Nordfjord i januar. Rapporten konstaterer det som Statens Vegvesen la fram i KVUen i 2011, og konkluderer med følgjande:

Indre line (K10) gjev ein netto nytte på 2,19 milliardar om ein reknar med 4% kalkulasjonsrente over 40 år (dette er standard for berekningar i dag). Midtre line (K6) gjev ein netto nytte på 0,96 milliardar. Samfunnsnytten ved indre line er altså meir enn dobbelt så stor ved å velje indre line, enn om ein skulle velje midtre. Om vi ser på kva vi faktisk får att for investeringane vi gjer, altså kva avkastning vi får for veginvesteringane, så er forskjellen endå større. For kvar krone vi investerer i indre line (K10) får vi ein netto nytte på 0,44 kroner, altså ei avkastning på 44 øre pr investerte krone. For midtre line K6 er netto nytte pr investerte krone berre 11 øre. Indre line gjev altså 4 gonger så mykje att pr investerte krone enn midtre trasé gjev. Dette dokumenterer at samfunnsnytten ved å velje indre trasé er vesentleg mykje høgare enn ved å velje midtre, og samfunnet får mykje meir att for dei investerte vegpengane ved å velje indre trasé.

Forkjemparane for midtre trasé har vald å sjå vekk ifrå korleis ein reknar og samanliknar vegprosjekt i Norge, og klamrer seg no til at ein må rekne lenger fram i tid enn 40 år for å få den reelle samfunnsnytten. Då meiner dei at midtre trasé kjem betre ut enn indre. Men også dette er grovt missvisande om ein ser på fakta, og dei faglege vurderingane av dette.

Rett nok så syner SINTEF-rapporten at midtre line kjem ut med ein netto samfunnsnytte på 6,26 milliardar med 4% kalkulasjonsrente på 75 år, mens indre line «berre» har ein netto samfunnsnytte på 5,63 milliardar. Men om ein ser på avkastninga som vegen gjer til samfunnet, altså kva får vi igjen for kvar investerte krone, så kjem indre trasé ut med ein netto nytte på 1,13 kroner pr investerte krone, mens midtre line kjem ut med ein avkastning på 71 øre pr investerte krone. Så også på 75 år kjem indre line best ut på kva avkastning samfunnet får att for investeringane.

Men det er heller ikkje reelt å rekne på 75 år. For om journalistane hadde lest litt i rapporten som Nordfjordkryssing AS tok til inntekt for midtre trasé så kan ein lese følgjande: «Diskusjonane om berekningsperioden var sentral også i Hagen-utvalet sitt arbeid (NOU 12:16). Dei konkluderte med å nytta 40 år som levetid og berekningsperiode og kalkulasjonsrente 4%. Dette er også konklusjonen frå Finansdepartementet, og vert no brukt i alle KVU-arbeid i etaten. Her ligg det ei vurdering av at 40 år er ei rimeleg lang levetid for ei veginvestering. Etter den tid må ein rekna med enten store ombyggingar/oppgraderingar, eller at anlegget vert avløyst av andre investeringar.»

Vi kan jo sjølv tenkje på veganlegg som er over 40 år gamle i dag, og vurdere om ikkje samtlege av desse treng store oppgraderingar/ombyggingar. Transportbehov og funksjonalitet endrar seg mykje på 40 år, og det er berre ei tåkelegging av diskusjonen å skulle rekne lenger enn 40 år som levetid på eit veganlegg av denne størrelsen.

Bu- og arbeidsmarknadsregionar
I media har det festa seg eit inntrykk av at indre trasé ikkje er grunngjeve med regionale effektar av vegen. Til og med journalistar og redaktørar peikar på at midtre trasé gjev større bu- og arbeidsregionar enn indre trasé. Fakta derimot er det heilt motsette. I overbygningsdokumentet til Statens Vegvesen for E39 Skei-Valsøya, der dei kjem med si samla tilråding for KVUane, så peikar nettopp Statens Vegvesen på at indre line (K10) gjev den samla sett største bu- og arbeidsregionen innanfor 45 minutt. Dette vert og stadfesta av samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen i eit skriftleg svar til stortingsrepresentant for Venstre, Abid Q. Raja, 10. mars i år. Der skriv samferdsleministeren følgjande: «Jeg vil likevel vise til at slike virkninger blir tatt med som en del av grunnlaget for Statens vegvesens anbefalinger. Eksempel på dette er konseptvalgutredningen for E39 Skei – Ålesund som ble utarbeidet av vegvesenet i 2011. Her ble vegvesenets tilråding blant annet grunngitt med at det anbefalte konseptet vil gi en totalt større region innenfor 45 minutters reisetid. Dette argumentet har sammenheng med potensialet for regionale effekter.»

Også her har journalistane feila i å stille dei kritiske spørsmåla til dei som har framlagt «sanningar» om at midtre line skulle gje den beste regionale nytteeffekten.
Kor skal pengane brukast?

I debatten vert ofte følgjande argument framført frå forkjemparane av midtre line: «Kvifor skal vi gå for det dyraste alternativet i Møre og Romsdal, men spare pengar i Sogn og Fjordane?». Journalistane bit på, og let bodskapen bli framførd utan ytterlegare spørsmål. Fakta er at differansen mellom indre og midtre line på ca 6 milliardar stort sett skal brukast i Møre og Romsdal, ikkje i Sogn og Fjordane. Det er kostnaden ved å krysse Voldafjorden og vegstrekningane i Møre og Romsdal som står for størstedelen av denne auka kostnaden. I tillegg er det ikkje slik at sjølv om indre line er billegare så er den dårlegare, fakta tyder faktisk på det stikk motsette, som eg allereie har peika på.

Media sin manglande objektive og faglege dekning av trasévalet i Nordfjord er hovudårsaka til at saka har blitt vanskeleg og mykje meir konfliktfylt enn den hadde trengt å være. Alle utspel vert kringkasta utan filter, og journalistane har ikkje sett seg godt nok inn i saka til å stille dei kritiske spørsmåla. Det er positivt at media slepp «alle» til med synspunkt om aktuelle politiske tema, men då krev det samstundes at journalistane som dekker sakene studerer fakta, og evnar å stille dei kritiske spørsmåla.

Eg er svært stolt av at Sogn og Fjordane FrP heile tida har sett gjennom støyen, og vurdert fakta objektivt i denne saka, og har teke avgjerd om vårt syn basert på det som er best for fylket og samfunnet som heilskap. Kortast reisetid, raskast realisering, best samfunnsnytte, beste regionale effektar og billegast.

Eg håpar at vi i framtida, og i andre saker, får sjå faglege og grundige media som ikkje let seg bruke i det politiske spelet, men set seg inn i fakta og bakgrunn og utfordrar dei som kjem med utspel. Det er dei tradisjonelle mediene sin styrke, eg håpar at det vil fortsette å være det i framtida.

Navarsete burde ikkje ringt Solhjell

Det er ikkje noko problem at ein politikar kjemper for saker som er viktig for lokalsamfunnet, det skulle faktisk berre mangle. Men det er derimot eit stort problem om ein statsråd med ein personleg fordel/ulempe av utfallet i ei sak utnyttar posisjonen sin for gjennomslag.

Dei siste dagane har debatten kring Navarsete sin telefon til statsrådkollega Solhjell om trasévalet på E16 skapt store overskrifter i media. Som typisk er i slike saker, så vert frontane steile, og krigstypane i tabloidavisene overskygger realitetane i saka. Alt frå stortingspolitikarar og regjeringsmedlemmer til fagfolk, jussekspertar og lokalbefolkning vert intervjua og journalistane koser seg med å skape stadig nye vinklingar og avsløre nye forhold i saka.

Men om vi skreller vekk blodlysta hos journalistane, markeringsbehovet til redaktørane og dei politiske kommentatorane, og lokalpolitikarane sitt ynskje om å verte høyrde, kva er eigentleg problemet med denne saka? Er verkeleg Liv Signe Navarsete si innblanding noko problem? Har ho ikkje berre gjort det einkvar politikar bør gjere? Er valet som Solhjell har gjort noko gale? Svaret er som i mange saker både ja og nei.

Sjølvet valet av trasé for E16 er i utgangspunktet ikkje noko problem. I slike saker vil det alltid være forskjellig oppfatningar av kva som er rett og ikkje. At lokalpolitikarane i Lærdal ynskjer å flytte europavegen vekk frå tettbygd strok, og inn i tunnel, er heilt vanleg i slike saker. At Statens Vegvesen prøver å finne dei beste løysingane til lågast muleg kostnad og høgast muleg samfunnsøkonomisk lønnsemd er like vanleg. Av og til vil Statens Vegvesen vinne gjennom, og av og til vil lokalpolitikarane vinne igjennom. Og politikken er no uansett slik at ein vektlegg forskjellige argument, prioriterer mellom forskjellige interesser, og deretter tek ei avgjerd. Det er lite som tyder på at avgjerda i Miljøverndepartementet er feil, og det har heller ingen parti eller politikarar uttalt.

Eg har store forventningar til politikarar, og Liv Signe Navarsete. Eg forventar at politikarar frå Sogn og Fjordane, uansett parti, kjemper for saker som er viktige for innbyggjarane og lokalsamfunna i vårt fylke. Eg forventar at statsrådar, statssekretærar og stortingspolitikarar brukar sitt nettverk og sine posisjonar til å fremje saker og synspunkt på vegne av dei veljarane som har vald dei. Kva vil poenget med folkevalde være, om dei ikkje skal representere folket? Så kan vi sjølvsagt ha ein diskusjon om at Navarsete stort sett kjemper for saker som er viktige for SP-kommunar, og i liten grad har bidrege i saker som faktisk ville fremja vekst og verdiskaping i andre deler av fylket, men det er ein annan, og politisk, diskusjon. I dette tilfellet gjorde ho det veljarane i heimkommunen hennar forventa av ho, som deira ombodskvinne i regjeringa.

Problemet er berre at Liv Signe Navarsete aldri i livet burde blanda seg inn i saka, fordi ho har ein eigeninteresse i utfallet. For sjølv om politikarar skal kjempe for saker som veljarane er oppteken av, så skal aldri ein politikar blande seg inn i ei sak der dei har ein personleg fordel eller ulempe av utfallet. Skal vi som innbyggjarar ha tillit til forvaltninga, så må vi være sikker på at personar, uansett om dei er politikarar, næringslivsfolk eller bønder, har dei same rettighetene og vert behandla likt. I denne saka utnytta Navarsete sin posisjon som statsråd ved at ho faktisk kunne snakke direkte med statsråden som skulle avgjere saka. Dei aller fleste andre som har forvaltningssaker til behandling har ikkje det høvet.

Jussekspertar slår fast at Navarsete på ingen måte har brote noko lov ved å ta kontakt med statsråden i Miljøverndepartementet om saka. Og det er eg heilt samd i. Men ho har likevel brote eit prinsipp i norsk fovaltning ved å engasjere seg politisk i ei sak der ho har ein eigeninteresse. Med å bryte det prinsippet bidreg ho til politikarforakt og mistru til det politiske systemet. Ho skaper eit inntrykk av at politikarar skal ha andre fordeler enn vanlege innbyggjarar når forvaltningssaker skal avgjerast. Og det skal dei sjølvsagt ikkje.

Hadde Navarsete vore statsråden som skulle handsama denne saka, så ville ho vorten erklært inhabil, nettopp fordi ho har ein særleg fordel eller ulempe av utfallet. Er det då rett at ho skal kunne påverke statsråden som skal ta avgjerda? Er det rett at ein person som sjølv ville vore ugild til å handsame ei forvaltningssak skal kunne påverke korleis saka vært avgjort?

Og sidan eg no ved fleire høve har skrevet at Navarsete har ein personleg fordel/ulempe av utfallet av saka, så må eg verte litt teknisk for å forklare kvifor.

Klagesaka som Miljøverndepartementet og Solhjell skulle handsame var ein kommunedelplan for Tønjum-Ljøsne. Ein kommunedelplan er ein overordna plan for arealbruken i eit definert område, og alt arealet innanfor det definerte planområdet, uavhengig av om vegen vert lagt over eigedommen eller ikkje, vert berørt. Etter loven vil ingen med eigarinteresser innanfor planområdet være habile til å delta i handsaminga av planen.

Mannen til Liv Signe Navarsete vart funnen inhabil i kommunen si handsaming av saka, noko som var heilt rett. Nokon hevdar at han erklærte seg inhabil, men det er ikkje muleg å gjere i eit folkevald organ etter forvaltningslova. Enten er du inhabil eller så er du det ikkje, og det er alltid kommunestyret, eller det folkevalde organet sjølv som vedtek om ein representant er ugild, ikkje personen sjølv. Navarsete ville og vore inhabil til å handsame klagen på kommunedelplanen, nettopp fordi ho har eigarinteresser innanfor planområdet.

Og kva ville skjedd om Solhjell hadde teke klagen til følgje? Då ville saka vorten sendt tilbake til kommunen for ny handsaming, og alle alternativ, også det som går direkte over eigedommen til Navarsete, kunne teoretisk sett vorte utfallet. Kommunestyret i Lærdal kunne sågar har regulert inn hyttetomter på eigedommen til Navarsete om dei ynskja det. Difor er det ikkje tvil om at Navarsete hadde ein personleg fordel/ulempe av utfallet i saka.

At saka vart avgjort berre dagar før regjeringsskiftet, etter ein telefon frå Navarsete, kan tyde på at ho har brukt posisjonen sin til å påverke saksgangen, men det er på ingen måte sikkert. Difor er det no viktig at dei rette organa på Stortinget ser på korleis vedtaket er fatta, og om det har kommen til på rett vis. Det er og ein av grunnane til at vi har vald dei, at dei skal sjå til at avgjersler i forvaltninga kjem til på ein rettferdig og riktig måte.

Det er ikkje noko nytt at politikarar i Senterpartiet prøver å bruke skjulte kanalar for å påverke saker der dei har ein eigeninteresse, og eg håpar at SP snart lærer at dette fører til auka politikarforakt og mistru til forvaltningssystemet. Vedtaka kan være så riktige som dei berre vil, men om prosessen fram til vedtaket har vore «skitten», så vert demokratiet og demokratifølelsen hos innbyggjarane svekka. Det kan umuleg verken Navarsete eller SP ynskje.

Bløffar seg til stemmer

Det ser ut til at valkampen også denne gongen skal fyllast av valløfter som partia har brote allereie før dei har lova dei. Utan skruplar fyllast aviser og valmøter med fagre ord og lovnader, som berre fører til auka politikarforakt den dagen dei bryt det igjen.

Høgres Bjørn Hollevik lovar bygging av Kystvegen Måløy-Florø med statlege riksvegpengar så snart dei inntek regjeringskontora, mens Høgre så seint som i juni stemde imot framlegg i Stortinget om å nettopp gjere Kystvegen til riksveg.

Både Ingrid Heggø (AP) og Erling Sande (SP) lovde snarleg oppstart av Stad Skipstunnel i førre valkamp, men stemde mot framlegg på Stortinget i juni i år om å starte bygging i 2014.
Dette er berre to eksempel, og det finst mange fleire. Men eg skal ærleg innrømme at desse eksempla bleiknar i forhold til det dei forskjellige partia presterte å gjere tysdag denne veka, då dei møtte på strategiseminar om Cat Ski på Harpefossen Skisenter i Eid.

Alle parti var inviterte til Harpefossen for å få ein presentasjon av Cat Ski og planane for å legge til rette for aktiviteten ved skisenteret. Kort fortald handlar Cat Ski om at ein køyrer ei beltegåande tråkkemaskin med skigåarar opp på eit fjell, der dei kan frikøyre i umerka løyper ned igjen. Det lokale tiltaket har fått brei støtte frå både rådmann og politikarar i Eid kommune, som sjølvsagt har vurdert både negative og positive sider ved aktiviteten.

Problemet er berre at Cat Ski er forbode i Norge. Eller rettare sagt, det er ulovleg å køyre ei beltegåande tråkkemaskin i utmark. Så difor er det ikkje muleg å få starta opp tiltaket uansett kor mykje lokalpolitikarar, investorar eller kundar måtte ynskje det, før Staten har godkjent anten lokal forvaltning av motorferdsel i utmark, eller bruk av tråkkemaskin i utmark.

Til stades på møtet var forutan meg sjølv, Sveinung Rotevatn (V), Hege Lothe (SV), Kristin Maurstad (AP), Jenny Følling (SP), Erling Sande (SP), Bjørn Lødemel (H), Olav Klungre (KRF) og sjølvsagt arrangørar, representantar for kommunen og nokre lokalpolitikarar.

Kandidatar frå alle parti var overbegeistra for prosjektet, og roste både tiltakshavarane og kommunen for eit flott prosjekt. Dei lovde alle saman at dei skulle arbeide for at dette vart ein realitet. Realiteten derimot er at dei fleste av desse har stemt ned dette så seint som i vår.

Hege Lothe frå SV og Sveinung Rotevatn frå Venstre var like positive som alle andre, men var samstundes ærlege på at partia deira i nokon grad hadde eit anna syn. Lothe var tydeleg på at lokalpartiet i Eid var imot, og Rotevatn meinte at slike viktige oppgåver som å køyre beltevogn i fjellet passa best for byråkratane i Oslo å handtere, sjølv partiet hans lokalt var for tiltaket.

FrP og Høgre meiner at det er politikarane lokalt som skal regulere og styre motorferdsel i utmark. Det er lokalpolitikarane og dei lokale forvaltarane som har best føresetnader til å vurdere både bruk, konsekvensar og restriksjonar på dette. Ganske enkelt fordi dei kjenner dei lokale tilhøva og føresetnadene og slepp leite seg fram på eit kart for i det heile skjønne kor det er. Difor fremmer FrP og Høgre regelmessig framlegg om dette i Stortinget, og har av og til fått støtte frå KRF.

21. mars stemde både Arbeidarpartiet, Senterpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Venstre imot eit framlegg på Stortinget om at motorferdsel i utmark skulle forvaltast og avgjerast lokalt. Ikkje nok med det, dei same partia og KRF stemde og imot ei prøveordning i Balestrand med bruk av nettopp beltegåande tråkkemaskin. Stortingsrepresentantane til SP og AP frå Sogn og Fjordane som var med på avstemninga, Tor Bremer (AP) og Knut M. Olsen (SP), stemde mot både lokalt sjølvstyre og prøveprosjektet i Balestrand.

I mars 2012 vart det fremja bortimot likelydande forslag, både om lokal forvaltning av motorferdsel i utmark og prøveprosjekt med beltegåande motorferdsel i Balestrand. Då stemde Ingrid Heggø (AP), Tor Bremer (AP) og Erling Sande (SP) mot begge framlegga. Den same Sande sat på Harpefossen og skrytte uhemma av prosjektet og kor viktig det var med lokal forvaltning av motorferdsel i utmark.
Eg syns det er heilt greitt med forskjellige syn i politikken, og at ein er ueinige om politiske løysingar og resultat av desse. Men å direkte lyge om kva partia deira vil gjere viss dei får makt, og kva partia deira faktisk har gjort dei siste 4 åra, det er direkte skittent ovanfor veljarane.

Eg ynskjer å kjempe om veljarane ved å presentere Framstegspartiet sine politiske løysingar og kvifor dei er gode og fornuftige. Eg vil ikkje være med på ein valkamp der politikarar ikkje skyr noko middel for å kapre veljarar sjølv om dei lyg dei rett opp i trynet. Slikt skapar politikarforakt, og slikt er med på å svekke tilliten til politikarar.

Ein er ikkje alltid 100% einig med det eit parti står for. Difor kjempar vi våre kampar innad i partia for å få endra det vi er ueinig i. Men når partiet har vedteke ein politikk, då er det politikarane si oppgåve og forklare den politikken og stå for det ein har gjort. Ikkje bortforklare og prøve å skjule handlingane sine.

Mi klåre oppfordring til veljarane er: Ikkje høyr på kva vi seier, men sjå på kva vi faktisk gjer!

Stigmatisering av bokmålsfolket

I dag er det 200 år sidan Ivar Aasen vart fødd, og i media over heile landet flaumar det over av saker og lovprisingar av «nynorskens far». Bergens Tidende har laga heile dagens papirutgåve på nynorsk, Liv Signe Navarsete nyttar høvet til å fremje framlegg om å likestille nynorsk og bokmål i grunnlova, og NRK Sogn og Fjordane syner at nynorsken er iferd med å vinne terreng over bokmål i småbyar på Vestlandet.

Eg er nynorskbrukar. Heile livet har eg nytta nynorsk som mitt skriftspråk, og det vil eg og at ungane mine skal gjere. Ikkje fordi eg ikkje både mestrar, og av og til nyttar bokmål når det høver seg, men fordi eg vil ikkje at ungane mine skal stigmatiserast. For det vert ein viss ein kjem frå «nynorskland» og ikkje nyttar nynorsk.

I media kan vi ofte lese saker om nynorskfolk som føler seg diskriminert og forskjellsbehandla fordi dei ikkje vert tiltalt på sitt eige målføre. Det kan være bøker som ikkje kjem ut på nynorsk, butikkar eller bedrifter som reklamerer på bokmål i staden for nynorsk, eller noko så banalt som valkort til haustens Stortingsval som vert sendt ut på bokmå i ein nynorskkommune. Eg fekk faktisk sjølv valkortet mitt på bokmål, til tross for at eg bur i ein nynorskkommune (antakeleg ein byråkrat i kommunen som har kryssa feil i meldinga til Kommunal- og regionaldepartementet).

Men eg har og forståing for nokre av reaksjonane frå nynorskbrukarane. For det store fleirtalet av dei som nyttar nynorsk så handlar det om skriftspråket dei er oppvaksen med, og det handlar om identiteten deira. Eg kjenner sjølv at eg vert provosert når eg høyrer austlendingar og andre bokmålsbrukarar snakke nedsettande om nynorsken ved å kalle det grautmål eller skriftspråk for spesielt interesserte. Endå meir provosert vert eg når sidemålsdebatten vert handlande om for eller mot nynorsk, og ikkje om valfridom til å sjølv velje om du skal lære deg eit eller to skriftspråk, slik det eigentleg er. «Fri oss frå Ivar Aasens lenker» er eit slagord som har gått igjen i skuledebattar og ungdomsdebattar så lenge eg kan hugse, slikt gjer meg eitrande forbanna.

Kampen for målføret vårt, har hardna nynorskbrukarane. Vi vert kvasse og aggressive så snart nokon «køddar» med skriftspråket vårt. Og ja, det vert eg og. Men viss vi tenkjer oss godt om, så er vi ikkje betre sjølv. Vi boikottar butikkjeder som ikkje nyttar bokmål. Vi krev at folk som arbeider i det offentlege skal svare oss på nynorsk, sjølv om det ikkje er deira eige målføre, vi spelar ut «offer-kortet» så snart nokon i Oslo snakkar om at dei sjølv vil velje om dei skal lære seg å skrive nynorsk eller ikkje. Vi «rasar» kvar gong nokon er så syndige at dei sender ut noko i postkassane våre på bokmål, og i det offentlege (Fylkeskommunen og mange kommunar) stiller vi krav til at dei som ikkje nyttar nynorsk dei får heller ikkje levere varer og tenester til oss.

Dagens sak på NRK om at det var så få elevar som ville ha bokmål i Florø, at det ikkje vart noko bokmålsklasse, har og ei førhistorie. At kommunen ikkje informerte foreldra om at det kunne verte oppretta ei bokmålsklasse før etter at fristen for skuleregistrering var ute, og at det faktisk var nok elevar til å starte klassen, men mange foreldre trekte seg i ettertid (kvifor?), det seier saka i NRK ingenting om.

Når eg vart møtt med nynorskangrep ala «Fri oss frå Ivar Aasens lenker» i debatter, så var eg alltid rask med å replisere «Fri oss frå dansk språkherredøme». Sjølv om eg i staden burde heva meg over det, og forklart at dette faktisk handlar om å sjølv velje kva skriftspråk ein skal lære, uansett om det er bokmål, nynorsk, eller begge deler.

Så ja, bokmålsbrukarar vert stigmatisert i nynorskland. Dei vert sett på som svikarar som ikkje held i hevd tradisjonar og identitet. Og vi er ikkje betre enn dei som stigmatiserer nynorskbrukarar. Vi nyttar alle midlar og retoriske grep for å fremje vår målsak, slik og mange bokmålsbrukarar gjer det. Denne språkkampen trur eg ikkje får nokon vinnar, dessverre berre taparar. Kan vi ikkje berre einast om å være ueinige? Eg vil nytte nynorsk, og vil at ungane mine skal lære seg nynorsk. Andre vil nytte bokmål, og vil at ungane deira skal lære seg bokmål. Må det være vanskelegare enn det? Treng vi å verte såra og fornerma om det står «lavere priser» og ikkje «lågare prisar» på tilbodsskilta i butikkane?

Den beste måten å fremje nynorsken på er ikkje å tvinge alle andre til å lære seg og bruke nynorsk. Den beste måten å fremje nynorsk på er at vi som er glad i nynorsk og har nynorsk som vårt skriftspråk nyttar det sjølv, og sluttar å bry oss om kva alle andre gjer. Og eg trur faktisk at eg skal klare å finne Framstegspartiet si liste i vallokalet 9. september til tross for at eg har fått «valgkort» og ikkje «valkort».