Alt innhald og kommentarar på denne bloggen vert innsamla og lagra av Nasjonalbiblioteket.

Viser arkivet for stikkord florø

Minnetale for de falne 17. mai 2013

17. mai holdt eg minnetale for dei falne etter 2. verdenskrig ved Florø kyrkje etter barnetoget. Her er talen:

Foto: Truls Kleiven

Gratulerer med dagen heile Florø og alle florøværingar!

I dag er det ein festdag. Vi kler oss opp i dei finaste kleda vi har, går i tog, leikar, spiser god mat og feirar med familie, vener og kjende.

Men til tross for at vi neste år har grunnlovsjubileum og skal markere at grunnlova er 200 år, så har det ikkje alltid vore slik at ein har hatt høve til å feire 17. mai. I fem krigsår, under den tyske okkupasjonen frå 1940-1945, var det ikkje lov å feire 17. mai i Norge. Det var ikkje lov å gå i tog, det var ikkje lov å kle seg opp i festdrakter og det var ikkje lov å holde offentlege talar.

Og kva var det eigentleg dei mista, dei som levde i Norge under krigen? Dei som opplevde den tyske okkupasjonen mista noko av det mest dyrebare dei hadde. Fridomen! Fridomen til å bestemme over sitt eige liv, fridomen til å sei kva dei meinte, fridomen til å kle seg i festdrakter og feire 17. mai med vener og kjende. Alt dette og mykje meir mista vi under krigen.

Men det var likevel nokon som ikkje utan vidare ville gje opp fridomen utan kamp. Det var mange, heile 41 menneske, frå Florø som vart drepen eller omkom som følgje av krigshandlingane. Og det var nok ikkje tilfeldig at det var nettopp Florø som hadde det største tapet av menneskeliv av alle kommunane i Sogn og Fjordane.

Eg trur at årsaka til det ligg i den ibuande patriotismen til florøværingar. Vi har patriotisme over heile landet, men i Florø er patriotismen ekstra sterk. I Florø er vi van med å måtte kjempe. I Florø er vi van med å sloss for det vi trur på, og vi er van til å sloss for det vi meiner er rett. Dei 41 som omkom frå Florø, og mange andre med dei viste denne patriotismen ved å velje å kjempe.

Dei viste kva dei risikerte. Likevel ofra dei det mest dyrebare dei hadde å ofre, nemleg livet, for at vi skulle kunne stå her 70 år etter og feire 17. mai.

Men det var ikkje alle som kjempa. Det var ikkje alle som hadde motet og muligheten til å stå opp. Men likevel vart det fleire og fleire som gav håp til så mange mange andre. I auga til dei som kjempa såg ein lyset av håp. Og i fem lange krigsår levde nasjonen og patriotismen gjennom dei som valde å kjempe mot undertrykkelsen.

Og korleis skal vi best kunne minnast noko slikt? Er det slik at dei fridomane vi i dag har vert teken for gitt? Trur vi at det at vi kan sei meininga vår og stå her festkledde er ein sjølvfølgje? Kanskje er det ofte slik at vi tek det for gitt.

Dei 41 falne gav ikkje berre livet sitt. Dei gav oss og ein arv! Dei tente ein flamme, ein flamme som vi aldri må la slukke. Dei ofra livet sitt for å gje oss fridom, og vi har eit ansvar å kjempe vidare for å bevare den fridommen. Ikkje berre innanfor våre eigne landegrenser, men og der det finst ufridom og undertrykking i resten av verda.

Kvar einaste dag kjempar norske kvinner og menn i utanlandsteneste for dei verdiane og den fridommen vi set så høgt i Norge, hedrar vi dei så høgt som vi burde? Kvar einaste dag føregår det undertrykking og menneske vert forfulgt, står vi opp og seier at dette ikkje er rett.
Den arven vi vart gjeven, og den måten vi best minnast dei som falt under krigen på, er å aldri gløyme

I dag skal vi feire 17. mai, vi skal feire fridomen, vi skal feire nasjonen, vi skal feire folket og vi skal feire det vi står for. Men viktigast av alt er at vi ikkje gløymer. Vi skal ikkje gløyme dei som har ofra livet sitt for at vi skal ha fridom. Så mine viktigaste og siste ord i dag er: Ikkje gløym!