Alt innhald og kommentarar på denne bloggen vert innsamla og lagra av Nasjonalbiblioteket.

Viser arkivet for stikkord fjord1

Flyselskap eller Vidaregåande skular?

Fredag kom nyhenda om at SAS har vald å selje dotterselskapet Widerøe. Blant dei nye eigarane Torghatten og Nordland Fylkeskommune finn vi og Fjord1, eit selskap der Sogn og Fjordane Fylkeskommune eig 59 %. Innbyggjarane i fylket skal altså betale ca 415 millionar for oppkjøpet.

Når eit offentleg eigd selskap kjøper noko, bruker dei pr definisjon innbyggjarane sine pengar for å gjere det. Viss Fjord1 har 700 millionar tilgjengeleg for å kjøpe flyselskap, så er det pengar som kunne vore utbetalt til eigarane i form av utbytte slik at eigarane, og i dette tilfellet Fylkeskommunen, kunne brukt dei på å levere gode tenester til innbyggjarane som sikring av vidaregåande skuletilbod og/eller betre og opprusta vegar.

Viss Fjord1 derimot ikkje har desse pengane så må dei gå til eigarane for å få tilførd meir kapital slik at dei sikrar eigenkapitalandelen i selskapet ved eit eventuelt låneopptak. Eller dei må selje ut eigendelar for å få frigjort kapital, noko som fører til auka kostander og svekking av konkurransekrafta og derigjennom innbyggjarane sine verdiar.

Uansett korleis ein vrir og vender på det, så er det innbyggjarane som til sjuande og sist må betale. Og for ein fylkeskommune som slit med nedlegging av vidaregåande skular og eit vegbehov som mange hundre gangar større enn tilgjengelege ressursar, så er kanskje ikkje flyselskap på førsteplass på innbyggjarane si ynskjeliste.

Det er og svært overraskande at Fjord1 vel å kjøpe seg inn i Widerøe. Ikkje fordi Widerøe på nokon som helst måte er eit dårleg kjøp, men på grunn av situasjonen i Fjord1. Selskapet er eit godt selskap som har utvikla seg bra i mange år, til tross for at dei har hatt eit offentleg eigarskap som har hemma utviklinga deira.

Men også gode selskap må gjere grep for å halde seg på topp. I fjor selde Fjord1 seg ut av bussmarknaden for som administrerande direktør, Leif Øverland sa: «For å styrke vår satsing på sjøsida vel vi å gå heilt ut av landbasert kollektivtrafikk». Og seinast denne veka her vart det kjend at Fjord1 måtte gjere tøffe nedskjeringar grunna eit underskot på 100 millionar i 2012.

For Widerøe og dei tilsette i flyselskapet kan oppkjøpet fort utvikle seg til eit mareritt. Utfordringa vil ein ikkje sjå før Widerøe har behov for å få tilførd kapital enten fordi ein får eit magert år eller får ekstraordinære utgifter eller behov for investeringar. Korleis skal Fjord1 kunne sette ekstra kapital inn i Widerøe framfor å betale ut utbytte til ein offentleg eigar som har denne inntekta som ein viktig del av velferdsproduksjonen sin?

Fjord1 sitt kjøp av Widerøe har berre ein naturleg utgang. Sogn og Fjordane Fylkeskommune må selje sine 59 % i Fjord1, for å sikre at det kjem inn ein langsiktig eigar som har kapital og risikovilje til å sikre utviklinga av to veldig viktige selskap for mange både passasjerar og tilsette. Dei tilsette i Widerøe og Fjord1 fortener ikkje å ha ein offentleg eigar utan utviklingskompetanse og kapital. Og innbyggjarane i Sogn og Fjordane fortener ikkje å måtte ofre vidaregåande skular og framtidig vegbygging for å ta risiko i konkurranseutsette næringar.