Alt innhald og kommentarar på denne bloggen vert innsamla og lagra av Nasjonalbiblioteket.

Viser arkivet for stikkord kvu

Indre line gjev dei beste regionale og samfunnsøkonomiske gevinstane

Det er av og til slik at ein lurer på om vi har journalistar i Sogn og Fjordane som evnar å stille kritiske spørsmål. I ei tid der sosiale media overtek mykje av rolla til dei tradisjonelle mediene, så burde jo papiravisene og NRK nettopp satse på kritisk journalistikk, fagleg tyngde og dybdeinformasjon. Men realiteten er dessverre annleis. Dei tradisjonelle mediene velger heller å være opne talerør, der «alle» får høve til å leggje fram påstandar og «fakta», utan at dette verken vert stillt kritiske spørsmål ved, eller at ein faktisk sjekker dokumentasjonen på dei framførde «fakta». Media si dekning av Trasévalet for E39 i Nordfjord er kanskje eit av dei verste eksempla på denne journalistikken.

Papiraviser og nettsidene deira flaumer over av overskrifter om at «midtre line gjev best samfunnsnytte», «Midtre line gjev den største bu-/arbeidsregionen», i tillegg til påstandar om korrupsjon, hemmelege avtalar og ureint trav frå ein rekkje aktørar. Både innbyggjarar og politikarar vert forvirra, og mediene byggjer opp under konflikter mellom naboar og innbyggjarar med å framstille saka utifrå kva standpunkt dei sjølv og deira journalistar har innteke.

Eg, og Sogn og Fjordane FrP, har innteke eit standpunkt om at vi ynskjer at E39 skal gå i indre line. Dette har vi ikkje gjort utifrå verken avtalar, taktikk, betaling eller anna påverknad, vi har gjort det utifrå at vi har sett på dei reelle fakta i saka, og konkludert med at indre line er best. Vi har gjort det fordi indre line gjev den beste samfunnsnytten, vi har gjort det fordi indre line gjev den beste, største og mest framtidsretta bu-/arbeidsregionen, og vi har gjort det fordi det er det kortaste og billegaste alternativet.

Det er faktisk ikkje sant, det som vert hevda av ordførar på Eid, Alfred Bjørlo, og hans godt betalte rådgjevarar i Nordfjordkryssing AS, at det er berre midtre line som gjev positive regionale ringverknader. Og det er direkte feil når stortingsrepresentant frå Eid, Sveinung Rotevatn, på NRK påstår at «alle rapportar peikar på at midtre line er best om ein ser litt fram i tid». Det er på tide med litt faktasjekk:

Samfunnsnytte
Den siste rapporten på samfunnsnytte vart utarbeida av SINTEF, på oppdrag frå Statens Vegvesen, etter at politisk leiing i Samferdsledepartementet bad om nye og endra vurderingar av dette, etter ei synfaring i Nordfjord i januar. Rapporten konstaterer det som Statens Vegvesen la fram i KVUen i 2011, og konkluderer med følgjande:

Indre line (K10) gjev ein netto nytte på 2,19 milliardar om ein reknar med 4% kalkulasjonsrente over 40 år (dette er standard for berekningar i dag). Midtre line (K6) gjev ein netto nytte på 0,96 milliardar. Samfunnsnytten ved indre line er altså meir enn dobbelt så stor ved å velje indre line, enn om ein skulle velje midtre. Om vi ser på kva vi faktisk får att for investeringane vi gjer, altså kva avkastning vi får for veginvesteringane, så er forskjellen endå større. For kvar krone vi investerer i indre line (K10) får vi ein netto nytte på 0,44 kroner, altså ei avkastning på 44 øre pr investerte krone. For midtre line K6 er netto nytte pr investerte krone berre 11 øre. Indre line gjev altså 4 gonger så mykje att pr investerte krone enn midtre trasé gjev. Dette dokumenterer at samfunnsnytten ved å velje indre trasé er vesentleg mykje høgare enn ved å velje midtre, og samfunnet får mykje meir att for dei investerte vegpengane ved å velje indre trasé.

Forkjemparane for midtre trasé har vald å sjå vekk ifrå korleis ein reknar og samanliknar vegprosjekt i Norge, og klamrer seg no til at ein må rekne lenger fram i tid enn 40 år for å få den reelle samfunnsnytten. Då meiner dei at midtre trasé kjem betre ut enn indre. Men også dette er grovt missvisande om ein ser på fakta, og dei faglege vurderingane av dette.

Rett nok så syner SINTEF-rapporten at midtre line kjem ut med ein netto samfunnsnytte på 6,26 milliardar med 4% kalkulasjonsrente på 75 år, mens indre line «berre» har ein netto samfunnsnytte på 5,63 milliardar. Men om ein ser på avkastninga som vegen gjer til samfunnet, altså kva får vi igjen for kvar investerte krone, så kjem indre trasé ut med ein netto nytte på 1,13 kroner pr investerte krone, mens midtre line kjem ut med ein avkastning på 71 øre pr investerte krone. Så også på 75 år kjem indre line best ut på kva avkastning samfunnet får att for investeringane.

Men det er heller ikkje reelt å rekne på 75 år. For om journalistane hadde lest litt i rapporten som Nordfjordkryssing AS tok til inntekt for midtre trasé så kan ein lese følgjande: «Diskusjonane om berekningsperioden var sentral også i Hagen-utvalet sitt arbeid (NOU 12:16). Dei konkluderte med å nytta 40 år som levetid og berekningsperiode og kalkulasjonsrente 4%. Dette er også konklusjonen frå Finansdepartementet, og vert no brukt i alle KVU-arbeid i etaten. Her ligg det ei vurdering av at 40 år er ei rimeleg lang levetid for ei veginvestering. Etter den tid må ein rekna med enten store ombyggingar/oppgraderingar, eller at anlegget vert avløyst av andre investeringar.»

Vi kan jo sjølv tenkje på veganlegg som er over 40 år gamle i dag, og vurdere om ikkje samtlege av desse treng store oppgraderingar/ombyggingar. Transportbehov og funksjonalitet endrar seg mykje på 40 år, og det er berre ei tåkelegging av diskusjonen å skulle rekne lenger enn 40 år som levetid på eit veganlegg av denne størrelsen.

Bu- og arbeidsmarknadsregionar
I media har det festa seg eit inntrykk av at indre trasé ikkje er grunngjeve med regionale effektar av vegen. Til og med journalistar og redaktørar peikar på at midtre trasé gjev større bu- og arbeidsregionar enn indre trasé. Fakta derimot er det heilt motsette. I overbygningsdokumentet til Statens Vegvesen for E39 Skei-Valsøya, der dei kjem med si samla tilråding for KVUane, så peikar nettopp Statens Vegvesen på at indre line (K10) gjev den samla sett største bu- og arbeidsregionen innanfor 45 minutt. Dette vert og stadfesta av samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen i eit skriftleg svar til stortingsrepresentant for Venstre, Abid Q. Raja, 10. mars i år. Der skriv samferdsleministeren følgjande: «Jeg vil likevel vise til at slike virkninger blir tatt med som en del av grunnlaget for Statens vegvesens anbefalinger. Eksempel på dette er konseptvalgutredningen for E39 Skei – Ålesund som ble utarbeidet av vegvesenet i 2011. Her ble vegvesenets tilråding blant annet grunngitt med at det anbefalte konseptet vil gi en totalt større region innenfor 45 minutters reisetid. Dette argumentet har sammenheng med potensialet for regionale effekter.»

Også her har journalistane feila i å stille dei kritiske spørsmåla til dei som har framlagt «sanningar» om at midtre line skulle gje den beste regionale nytteeffekten.
Kor skal pengane brukast?

I debatten vert ofte følgjande argument framført frå forkjemparane av midtre line: «Kvifor skal vi gå for det dyraste alternativet i Møre og Romsdal, men spare pengar i Sogn og Fjordane?». Journalistane bit på, og let bodskapen bli framførd utan ytterlegare spørsmål. Fakta er at differansen mellom indre og midtre line på ca 6 milliardar stort sett skal brukast i Møre og Romsdal, ikkje i Sogn og Fjordane. Det er kostnaden ved å krysse Voldafjorden og vegstrekningane i Møre og Romsdal som står for størstedelen av denne auka kostnaden. I tillegg er det ikkje slik at sjølv om indre line er billegare så er den dårlegare, fakta tyder faktisk på det stikk motsette, som eg allereie har peika på.

Media sin manglande objektive og faglege dekning av trasévalet i Nordfjord er hovudårsaka til at saka har blitt vanskeleg og mykje meir konfliktfylt enn den hadde trengt å være. Alle utspel vert kringkasta utan filter, og journalistane har ikkje sett seg godt nok inn i saka til å stille dei kritiske spørsmåla. Det er positivt at media slepp «alle» til med synspunkt om aktuelle politiske tema, men då krev det samstundes at journalistane som dekker sakene studerer fakta, og evnar å stille dei kritiske spørsmåla.

Eg er svært stolt av at Sogn og Fjordane FrP heile tida har sett gjennom støyen, og vurdert fakta objektivt i denne saka, og har teke avgjerd om vårt syn basert på det som er best for fylket og samfunnet som heilskap. Kortast reisetid, raskast realisering, best samfunnsnytte, beste regionale effektar og billegast.

Eg håpar at vi i framtida, og i andre saker, får sjå faglege og grundige media som ikkje let seg bruke i det politiske spelet, men set seg inn i fakta og bakgrunn og utfordrar dei som kjem med utspel. Det er dei tradisjonelle mediene sin styrke, eg håpar at det vil fortsette å være det i framtida.