Alt innhald og kommentarar på denne bloggen vert innsamla og lagra av Nasjonalbiblioteket.

Viser arkivet for februar, 2015

No må regjeringa gje seg!

Det vil ingen ende ta. Desse fryktelege blåblå partia utarmar Sogn og Fjordane, og i sin sentraliseringsiver der alt skal verte robust og lokaliserast til dei største byane, så står Sogn og Fjordane att som taparfylket. «Storbypartia» Høgre og FrP har ikkje skjønt at Sogn og Fjordane er annleisfylket, og at det som skal til for at det framleis vil bu folk i vårt grisgrendte fylke ikkje er meir og betre vegar, mindre byråkrati, forenklingar eller skattelette til bedriftene, men tvert imot meir statleg tilsette byråkratar, større overføringar frå Staten, meir subsidiar til ulønnsam næringsverksemd, offentlege monopol og politisk styrd næringsliv. I Sogn og Fjordane har ikkje vanlege folk og bedriftseigarar greie på kva dei held på med, alt må politisk styrast frå Hermansverk om vi skal få til noko. Heilt utruleg at ikkje sentrale politikarar forstår dette.

Sist ut i ei rekke med reformer og «sniksentraliseringar» kjem den lenge venta politireforma. Drit i at det var den raudgrøne regjeringa, med Grete Faremo frå AP i spissen med Liv Signe Navarsete og Audun Lysbakken som siklande haleheng, som starta arbeidet med reforma i lys av Gjørv-kommisjonen sin rapport etter dei tragiske hendingane 22. juli 2011. Gløym at Politianalysen synleggjorde svakhetane i små einingar, der ein manglar kompetanse på etterforsking av alvorleg kriminalitet, som alle former for overgrep mot barn, seksuelle overgrep mot vaksne, drapssaker, cyberkriminalitet og alvorleg økonomisk kriminalitet. Vi treng ikkje bry oss med at manglande høve til å oppfylle responstid fører til at Politiet kjem sist til staden ved diverse hendingar. Det regjeringa må skjønne er at geografiske grenser og lokale administrative arbeidsplassar er viktigare enn at vi får fleire politifolk ut i operativ teneste til å drive førebygging og kriminalitetsbekjemping.

Skjønner ikkje desse raserarane i regjeringskontora kor håplaust det vert om politifaglege vurderingar skal danne grunnlaget for korleis politi og lensmannsorganiseringa skal være? Forstår dei ikkje at våre fortreffelige politikarar i Sogn og Fjordane er mykje meir kompetente til å vurdere dette enn fagfolka i Politidirektoratet? Ser ikkje Justisministeren at Hordalandspolitiet si handtering av Monika-saka, ei enkeltsak av mange titusenvis av årlege saker vel å merke, må være det som dannar grunnlaget for politiorganiseringa dei neste tiåra?

Nei nok får være nok! Vi vil ikkje frigjere ressursar til meir operativt nærpoliti, vi vil framleis ha dei gode gamle lensmannskontora som vi kan besøke frå kl 10-13 tre dagar i veka. Vi vil ikkje ha meir etterforskingskompetanse på alvorleg kriminalitet, for vi har uansett ikkje så mykje av den kriminaliteten i vårt fylke at det er nødvendig. Vi er ikkje så opptatt av at Politiet skal ha responstid, så lenge brannvesenet uansett kjem på staden så kan dei ordne opp. Det vi vil er derimot at Gjørv-kommisjon, Politianalyse og politifaglege vurderingar vert lagt til side, og at dei inne i Oslo skjønner at geografiske grenser og administrative arbeidsplassar er viktigare for oss.

Kjære blåblå regjering: Vi ber ikkje om mykje. Javisst bur færre og færre av landets innbyggjarar i vårt fylke, og vi forventar at vi får større og større andel av fellesgodene og overføringane. Men vi må vel få lov til å fortsette som eit annleisfylke? Kan de ikkje berre gje oss ressursane og pengane og gløyme oss? Politikarane våre sin fortreffelighet og utvida kompetanse på både næringsvirksomhet, politifag, kulturkompetanse og det meste anna, gjer at Sogn og Fjordane kan være eit prøvefylke på å ha alt som det alltid har vore. Eller kanskje vi kan gjere det litt betre? Vi kan syte for at det vi ikkje allereie har offentleg monopol på vert lagt under fylkeskommunal politisk kontroll. Vi kan syte for at det vert meir byråkrati og mange hundre nye administrative stillingar. Gje oss kontroll over skattesystemet og så skal vi sågar syte for at det ikkje vert ein einaste fæl riking som kan investere kapital inn i næringslivet, det kan det offentlege ordne med sjølv.

Slutt med dette tullet de held på med no om dagen. Det er ikkje nødvendig å bruke fellesressursane våre meir effektivt, vi har nok av pengar. Slutt å frigjere ressursar til meir vegbygging og helsetenester, det er bra nok som vi har det (Ja, alle andre stader sjølvsagt, vi må jo sjølvsagt få litt meir til vårt fylke). Det er viktigare for oss at vi har lokale skatteinnkrevjarar som vi kan møte opp hos personleg å betale skatten vår, enn at vi får meir effektiv innkrevjing. Det treng ikkje lønne seg å jobbe, vi skal no sysselsette dei som jobbar på NAV og, har de tenkt på det? Og eit siste hjartesukk frå Sogn og Fjordane: Vi er svært skuffa over at de valde å sende mulla Krekar til Sør-Trøndelag. Hadde vore mykje betre om de sende han til Sogn og Fjordane, der vi faktisk treng folketalsauke.

Frank Willy Djuvik
Frustrert Sognogfjording