Alt innhald og kommentarar på denne bloggen vert innsamla og lagra av Nasjonalbiblioteket.

Viser arkivet for juni, 2014

Sogn og Fjordane er framleis inntektsvinnaren

Dei siste vekene har vi kunna lese overskrifter og sitat i lokalavisene i fylket som «Det klare taparfylket», «Me er under blåblått åtak», «slik blir vi ofra» og «Ny skulemasakre». Kriseoverskriftene vert supplert med «dokumentasjon» på at distrikta og særleg Sogn og Fjordane vert den store taparen med nytt inntektssystem for Fylkeskommunane.

I ein kommentar i Firda 15. mai skriv journalist, Helge Johnsen, at «Pengane frå oss og andre utkantfylke skal omfordelast til storbyane og folkevekstområda». På leiarplass i same avis 19. mai, kan vi lese at «no skal kjøtvekta få råde». Men er dette sant?

Er det verkeleg slik at H/FrP-regjeringa tek pengar frå utkantfylke og gjer til dei folkerike områda? Svaret er faktisk nei. Sanninga er i realiteten det motsette av det lokalmedia og enkelte politikarar hevdar. Sogn og Fjordane er eit av dei fylka som får desidert mest inntekter over det statlege inntektssystemet, både det gamle og det nye.

Er verkeleg Sogn og Fjordane “taparen”? Utslag mellom det gamle og nye inntektssystemet, inntekter pr innbyggjar

Til tross for at lokalmedia, fylkesordførar og ein del andre har starta hylekoret, og framstiller fylket vårt både som stakarslege og som eit katastrofeområde, så er det faktisk slik at gjennom det nye inntektssystemet så er det vi som får overført store midlar frå dei folkerike områda. Og sjølv om eg synes at media absolutt skal fokusere på utslaga for Sogn og Fjordane slik dei gjer, så har dei og eit ansvar for å syne nyansane i det totale biletet.

Gjennomsnittleg så får alle fylkeskommunane i landet 11.441 kroner pr innbyggjar til å drive dei fylkeskommunale tenestene. Men når ein legg inn kostnadsnøklar på Sogn og Fjordane og dei andre fylka sine spesielle utfordringar både når det gjeld topografi, demografi, geografi, og ei heil rekkje andre faktorar, så får vårt fylke 17.319 kroner pr innbyggjar, mens Oslo berre får 9.053 kroner. Av alle fylkeskommunane i landet, så er Sogn og Fjordane den fylkeskommunen som får tredje mest, berre slått av Finnmark og Nordland.

Inntekter pr innbyggjar i forhold til landssnittet 0=11.441

Når vi ropar på rettferdighet og likeverd, så skal vi være svært glad at dei store og folkerike områda ikkje gjer det same. Eg trur nok ikkje at innbyggjarane i Rogaland og Oslo vil meine at det er rettferdig at deira skattekroner skal gå til å finansiere at politikarane i Sogn og Fjordane skal krevje kompensasjon fordi vi ikkje sjølv evnar å få innbyggjarane våre til å verte buande her. Rettferdighet vil som alltid vere ei vurdering utifrå kor ein står. Vi skal og være svært glad at vi har ei regjering som så tydeleg ynskjer ein distriktsprofil som favoriserer distriktsfylka og sikrar at vi kan satse på gode og trygge velferdstenester i heile landet, og der det ikkje bur like mange innbyggjarar.

Men det som no skjer er for så vidt og grunnen til dei problema vi no står ovanfor. Når politikarar frå Sogn og Fjordane bortimot konstant framstår som sutrete og kravstore, og hevdar at vi er så dårlege på både utvikling og økonomistyring at storsamfunnet alltid skal yte meir for oss enn for andre, ja så vert det ikkje så rart at folk flytter herifrå heller. Kven vil vel bu i eit kriseråka samfunn, som attpåtil er «under åtak» frå nasjonale myndigheter. Det må då være betre å flytte til eit fylke som openbart nyter godt av alle skattekronene vi betaler inn frå vårt fylke. Resultatet er at dei som flyttar, tek med seg endå meir av «våre» pengar til andre fylke.

Og når folk flyttar til andre deler av landet, så må og pengane følgje med. Om ein elev flyttar frå Sogn og Fjordane til ein annan fylkeskommune og ein anna vidaregåande skule, så skulle det vel berre mangle om det ikkje var den skulen som og fekk midlane. På den måten vil økonomien i fylkeskommunen verte dårlegare og dårlegare, jo meir politikarane skrik opp om rasering, armod og katastrofer.

Å vite at Sogn og Fjordane ligg på inntektstoppen i landet gjer det uansett ikkje enklare å gjennomføre omorganiseringar og innsparingar på over 200 millionar kroner. Det vert ikkje enklare å vurdere skulestruktur, oppseiingar, kutt i vegvedlikehald og stogg i investeringar. Og nettopp difor brukar politikarar frå Framstegspartiet i fylket dei påverknadskanalane vi har for å påverke korleis det endelege resultatet skal bli. Men i staden for å sutre og klage, og på den måten ikkje bli teken på alvor i det heile, så jobbar vi konstruktivt der vi synleggjer potensial og muligheter for fylket vårt.

Vi må snart slutte å skulde på alle andre når vi ikkje evnar å gjere jobben vår. Det er ikkje regjeringa sin feil at vi ikkje klarar å behalde ungdommane våre i fylket, det er ikkje regjeringa sin feil at eit fleirtal av politikarane i fylket har allergi mot å leggje til rette for sterkare vekstsenter i fylket, og det er ikkje regjeringa sin feil at politikarane i fylket har vore meir oppteken av å få fleire offentlege arbeidsplassar enn dei har vore til å leggje til rette for private arbeidsplassar. Det er vår eigen feil, og skulda ligg på politikarane i Sogn og Fjordane, ingen andre.