Alt innhald og kommentarar på denne bloggen vert innsamla og lagra av Nasjonalbiblioteket.

Viser arkivet for august, 2013

Bløffar seg til stemmer

Det ser ut til at valkampen også denne gongen skal fyllast av valløfter som partia har brote allereie før dei har lova dei. Utan skruplar fyllast aviser og valmøter med fagre ord og lovnader, som berre fører til auka politikarforakt den dagen dei bryt det igjen.

Høgres Bjørn Hollevik lovar bygging av Kystvegen Måløy-Florø med statlege riksvegpengar så snart dei inntek regjeringskontora, mens Høgre så seint som i juni stemde imot framlegg i Stortinget om å nettopp gjere Kystvegen til riksveg.

Både Ingrid Heggø (AP) og Erling Sande (SP) lovde snarleg oppstart av Stad Skipstunnel i førre valkamp, men stemde mot framlegg på Stortinget i juni i år om å starte bygging i 2014.
Dette er berre to eksempel, og det finst mange fleire. Men eg skal ærleg innrømme at desse eksempla bleiknar i forhold til det dei forskjellige partia presterte å gjere tysdag denne veka, då dei møtte på strategiseminar om Cat Ski på Harpefossen Skisenter i Eid.

Alle parti var inviterte til Harpefossen for å få ein presentasjon av Cat Ski og planane for å legge til rette for aktiviteten ved skisenteret. Kort fortald handlar Cat Ski om at ein køyrer ei beltegåande tråkkemaskin med skigåarar opp på eit fjell, der dei kan frikøyre i umerka løyper ned igjen. Det lokale tiltaket har fått brei støtte frå både rådmann og politikarar i Eid kommune, som sjølvsagt har vurdert både negative og positive sider ved aktiviteten.

Problemet er berre at Cat Ski er forbode i Norge. Eller rettare sagt, det er ulovleg å køyre ei beltegåande tråkkemaskin i utmark. Så difor er det ikkje muleg å få starta opp tiltaket uansett kor mykje lokalpolitikarar, investorar eller kundar måtte ynskje det, før Staten har godkjent anten lokal forvaltning av motorferdsel i utmark, eller bruk av tråkkemaskin i utmark.

Til stades på møtet var forutan meg sjølv, Sveinung Rotevatn (V), Hege Lothe (SV), Kristin Maurstad (AP), Jenny Følling (SP), Erling Sande (SP), Bjørn Lødemel (H), Olav Klungre (KRF) og sjølvsagt arrangørar, representantar for kommunen og nokre lokalpolitikarar.

Kandidatar frå alle parti var overbegeistra for prosjektet, og roste både tiltakshavarane og kommunen for eit flott prosjekt. Dei lovde alle saman at dei skulle arbeide for at dette vart ein realitet. Realiteten derimot er at dei fleste av desse har stemt ned dette så seint som i vår.

Hege Lothe frå SV og Sveinung Rotevatn frå Venstre var like positive som alle andre, men var samstundes ærlege på at partia deira i nokon grad hadde eit anna syn. Lothe var tydeleg på at lokalpartiet i Eid var imot, og Rotevatn meinte at slike viktige oppgåver som å køyre beltevogn i fjellet passa best for byråkratane i Oslo å handtere, sjølv partiet hans lokalt var for tiltaket.

FrP og Høgre meiner at det er politikarane lokalt som skal regulere og styre motorferdsel i utmark. Det er lokalpolitikarane og dei lokale forvaltarane som har best føresetnader til å vurdere både bruk, konsekvensar og restriksjonar på dette. Ganske enkelt fordi dei kjenner dei lokale tilhøva og føresetnadene og slepp leite seg fram på eit kart for i det heile skjønne kor det er. Difor fremmer FrP og Høgre regelmessig framlegg om dette i Stortinget, og har av og til fått støtte frå KRF.

21. mars stemde både Arbeidarpartiet, Senterpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Venstre imot eit framlegg på Stortinget om at motorferdsel i utmark skulle forvaltast og avgjerast lokalt. Ikkje nok med det, dei same partia og KRF stemde og imot ei prøveordning i Balestrand med bruk av nettopp beltegåande tråkkemaskin. Stortingsrepresentantane til SP og AP frå Sogn og Fjordane som var med på avstemninga, Tor Bremer (AP) og Knut M. Olsen (SP), stemde mot både lokalt sjølvstyre og prøveprosjektet i Balestrand.

I mars 2012 vart det fremja bortimot likelydande forslag, både om lokal forvaltning av motorferdsel i utmark og prøveprosjekt med beltegåande motorferdsel i Balestrand. Då stemde Ingrid Heggø (AP), Tor Bremer (AP) og Erling Sande (SP) mot begge framlegga. Den same Sande sat på Harpefossen og skrytte uhemma av prosjektet og kor viktig det var med lokal forvaltning av motorferdsel i utmark.
Eg syns det er heilt greitt med forskjellige syn i politikken, og at ein er ueinige om politiske løysingar og resultat av desse. Men å direkte lyge om kva partia deira vil gjere viss dei får makt, og kva partia deira faktisk har gjort dei siste 4 åra, det er direkte skittent ovanfor veljarane.

Eg ynskjer å kjempe om veljarane ved å presentere Framstegspartiet sine politiske løysingar og kvifor dei er gode og fornuftige. Eg vil ikkje være med på ein valkamp der politikarar ikkje skyr noko middel for å kapre veljarar sjølv om dei lyg dei rett opp i trynet. Slikt skapar politikarforakt, og slikt er med på å svekke tilliten til politikarar.

Ein er ikkje alltid 100% einig med det eit parti står for. Difor kjempar vi våre kampar innad i partia for å få endra det vi er ueinig i. Men når partiet har vedteke ein politikk, då er det politikarane si oppgåve og forklare den politikken og stå for det ein har gjort. Ikkje bortforklare og prøve å skjule handlingane sine.

Mi klåre oppfordring til veljarane er: Ikkje høyr på kva vi seier, men sjå på kva vi faktisk gjer!

Stigmatisering av bokmålsfolket

I dag er det 200 år sidan Ivar Aasen vart fødd, og i media over heile landet flaumar det over av saker og lovprisingar av «nynorskens far». Bergens Tidende har laga heile dagens papirutgåve på nynorsk, Liv Signe Navarsete nyttar høvet til å fremje framlegg om å likestille nynorsk og bokmål i grunnlova, og NRK Sogn og Fjordane syner at nynorsken er iferd med å vinne terreng over bokmål i småbyar på Vestlandet.

Eg er nynorskbrukar. Heile livet har eg nytta nynorsk som mitt skriftspråk, og det vil eg og at ungane mine skal gjere. Ikkje fordi eg ikkje både mestrar, og av og til nyttar bokmål når det høver seg, men fordi eg vil ikkje at ungane mine skal stigmatiserast. For det vert ein viss ein kjem frå «nynorskland» og ikkje nyttar nynorsk.

I media kan vi ofte lese saker om nynorskfolk som føler seg diskriminert og forskjellsbehandla fordi dei ikkje vert tiltalt på sitt eige målføre. Det kan være bøker som ikkje kjem ut på nynorsk, butikkar eller bedrifter som reklamerer på bokmål i staden for nynorsk, eller noko så banalt som valkort til haustens Stortingsval som vert sendt ut på bokmå i ein nynorskkommune. Eg fekk faktisk sjølv valkortet mitt på bokmål, til tross for at eg bur i ein nynorskkommune (antakeleg ein byråkrat i kommunen som har kryssa feil i meldinga til Kommunal- og regionaldepartementet).

Men eg har og forståing for nokre av reaksjonane frå nynorskbrukarane. For det store fleirtalet av dei som nyttar nynorsk så handlar det om skriftspråket dei er oppvaksen med, og det handlar om identiteten deira. Eg kjenner sjølv at eg vert provosert når eg høyrer austlendingar og andre bokmålsbrukarar snakke nedsettande om nynorsken ved å kalle det grautmål eller skriftspråk for spesielt interesserte. Endå meir provosert vert eg når sidemålsdebatten vert handlande om for eller mot nynorsk, og ikkje om valfridom til å sjølv velje om du skal lære deg eit eller to skriftspråk, slik det eigentleg er. «Fri oss frå Ivar Aasens lenker» er eit slagord som har gått igjen i skuledebattar og ungdomsdebattar så lenge eg kan hugse, slikt gjer meg eitrande forbanna.

Kampen for målføret vårt, har hardna nynorskbrukarane. Vi vert kvasse og aggressive så snart nokon «køddar» med skriftspråket vårt. Og ja, det vert eg og. Men viss vi tenkjer oss godt om, så er vi ikkje betre sjølv. Vi boikottar butikkjeder som ikkje nyttar bokmål. Vi krev at folk som arbeider i det offentlege skal svare oss på nynorsk, sjølv om det ikkje er deira eige målføre, vi spelar ut «offer-kortet» så snart nokon i Oslo snakkar om at dei sjølv vil velje om dei skal lære seg å skrive nynorsk eller ikkje. Vi «rasar» kvar gong nokon er så syndige at dei sender ut noko i postkassane våre på bokmål, og i det offentlege (Fylkeskommunen og mange kommunar) stiller vi krav til at dei som ikkje nyttar nynorsk dei får heller ikkje levere varer og tenester til oss.

Dagens sak på NRK om at det var så få elevar som ville ha bokmål i Florø, at det ikkje vart noko bokmålsklasse, har og ei førhistorie. At kommunen ikkje informerte foreldra om at det kunne verte oppretta ei bokmålsklasse før etter at fristen for skuleregistrering var ute, og at det faktisk var nok elevar til å starte klassen, men mange foreldre trekte seg i ettertid (kvifor?), det seier saka i NRK ingenting om.

Når eg vart møtt med nynorskangrep ala «Fri oss frå Ivar Aasens lenker» i debatter, så var eg alltid rask med å replisere «Fri oss frå dansk språkherredøme». Sjølv om eg i staden burde heva meg over det, og forklart at dette faktisk handlar om å sjølv velje kva skriftspråk ein skal lære, uansett om det er bokmål, nynorsk, eller begge deler.

Så ja, bokmålsbrukarar vert stigmatisert i nynorskland. Dei vert sett på som svikarar som ikkje held i hevd tradisjonar og identitet. Og vi er ikkje betre enn dei som stigmatiserer nynorskbrukarar. Vi nyttar alle midlar og retoriske grep for å fremje vår målsak, slik og mange bokmålsbrukarar gjer det. Denne språkkampen trur eg ikkje får nokon vinnar, dessverre berre taparar. Kan vi ikkje berre einast om å være ueinige? Eg vil nytte nynorsk, og vil at ungane mine skal lære seg nynorsk. Andre vil nytte bokmål, og vil at ungane deira skal lære seg bokmål. Må det være vanskelegare enn det? Treng vi å verte såra og fornerma om det står «lavere priser» og ikkje «lågare prisar» på tilbodsskilta i butikkane?

Den beste måten å fremje nynorsken på er ikkje å tvinge alle andre til å lære seg og bruke nynorsk. Den beste måten å fremje nynorsk på er at vi som er glad i nynorsk og har nynorsk som vårt skriftspråk nyttar det sjølv, og sluttar å bry oss om kva alle andre gjer. Og eg trur faktisk at eg skal klare å finne Framstegspartiet si liste i vallokalet 9. september til tross for at eg har fått «valgkort» og ikkje «valkort».