Alt innhald og kommentarar på denne bloggen vert innsamla og lagra av Nasjonalbiblioteket.

Viser arkivet for november, 2012

Politisk spel med elevane som brikker

(FrP sin modell 4)

Enkelte politiske parti er meir oppteken av det politiske spelet, enn korleis vi skal skape det beste skuletilbodet i Sogn og Fjordane for framtida. Dette gjeld spesielt Arbeiderpartiet, Senterpartiet og Kristeleg folkeparti.

Då Norconsult i forrige veke la fram 3 alternative modellar for framtidig skulestruktur i fylket var det mange som vart overraska. Kommunar, næringsliv, lærarar, elevar, rektorar og lokalpolitikarar gjekk tungt i forsvar for sin skule. I media kunne vi lese om enkeltelevar som måtte flytte på hybel, lærarar som ville miste jobben, bedrifter som ville miste rekrutteringsgrunnlaget sitt, og ikkje minst lokalsamfunn som ville slå ring om skulen sin.

Media si vinkling har vore nesten utelukkande på denne typen saker, utan at nokon har spurt kva som er alternativet. For det er eit beinhardt og hjerteskjerande faktum at elevtalet i Sogn og Fjordane vil gå ned med 20-30% dei kommande 8 åra. Vi er og i ein situasjon der Fylkeskommunen allereie idag brukar 100 millionar meir på vidaregåande skule enn vi får overført frå Staten til føremålet. I åra som kjem vil i tillegg økonomien til fylkeskommunen verte ytterlegare forverra på grunn av faktorar som manglande lokale inntekter, nytt inntektssystem og nedgang i samferdslemidlar. Noko må gjerast, og det er politikarane i fylkeskommunen som må gjere det.

At Fylkeskommunen valde å bruke eit konsulentfirma til å komme med nokre alternative modellar for framtidas skulestruktur er heilt naturleg. Spesielt sidan ein og valde eit selskap som har gjennomførd denne type utgreiingar og for andre fylke. Men det vil ikkje seie at ein må være einig med et konsulentane seier. Viss ein brukar konsulentane sine eigne modellar, men vektar andre faktorar enn det Norconsult har gjort høgare, så får ein og andre modellar å jobbe utifrå.

Og ein skulle tru at fylkespolitikarane var oppteken av å ha eit breiast muleg beslutningsgrunnlag når dei skal fatte avgjerd ein gong neste år. Mest muleg fakta, og alternativ som vektar andre ting enn Norconsult burde være svært velkommen hos fylkespolitikarane.

Difor valde FrP å bruke mykje tid på å gjennomgå rapporten frå Norconsult, og leggje vekt på andre faktorar enn det selskapet hadde gjort. Nettopp for å sikre at vi fekk eit større beslutningsgrunnlag. I det som vi kalte modell 4, valde vi difor å leggje vekt på følgjande faktorar meir enn det Norconsult hadde gjort:

  • Elevane sine val (For å sikre motiverte elevar og høg gjennomføring)
  • Lokalt næringsliv (For å sikre høve til lærlingeplassar og rekruttering til næringslivet)
  • Nærleik til skulen (For å sikre at flest muleg kan bu heime viss dei ynskjer det)
  • Høve til å utnytte eksisterande fagmiljø (For å sikre kompetanse og kvalitet)
  • Samordning av utdanningstilbod (Sjå opplæringstilbodet i regionane i ein samanheng)

Desse faktorane meiner vi vert lite ivareteken i Norconsult sine modellar, og difor meinte vi det burde være fornuftig å utarbeide ein modell som legg desse faktorane til grunn. Dette var heller ikkje noko endeleg vedtak, det var eit fjerde alternativ som og burde utgreiast konsekvensane av. Vi trudde at dei andre politiske partia ville ta imot eit slikt alternativ med glede, slik at og dei fekk høve til å gjere andre vurderingar enn konsulentane.

Men neida! For enkelte parti handlar dette meir om eit politisk spel, der ein skal halde på veljarane for einkvar pris, og ikkje korleis vi skal skape framtidas skuletilbod.

Måndag morgon går Senterpartiets Jenny Følling, Arbeidarpartiets Nils P. Støyva, og KRF si Norunn Lunde Furnes ut i media og kritiserer modellen. Og kritikk skal ein sjølvsagt tole! Men kritiserer dei modellen og vurderingane i modellen? Nei, dei har faktisk ikkje gidda å settje seg inn i den!

Nils P. Støyva har ikkje skjønt at det er ein 4. modell (navnet burde kanskje gje han eit hint "Modell 4), han trur at det er eit endeleg vedtak og kallar det useriøst å leggje fram ein modell utan saksutgreiing (!). Så i realiteten meiner han at heile saka er useriøs for det er strengt tatt ingen modellar som er utgreid endå.

Jenny Følling heng seg opp i ein av faktorane i modellen, nemleg utgreiing av å leggje ned Firda vgs. Ho argumenterer med at det er investert så mykje i skulen (noko som strengt tatt gjeld nesten alle dei vidaregåande skulane i fylket). Ho meiner vidare at Firda har spesiallinjer for heile fylket (Dette er noko Norconsult foreslår i sine modellar) som gjer at skulen ikkje bør leggast ned. Det er heilt greit å ikkje være einig i delar av ein modell, men betyr det at Jenny Følling er einig i alle Norconsult sine modellar? Ho vil saksutgreie dei modellane, men ikkje modell 4. I tillegg vil ho tydeligvis byggje framtidas skuletilbod på fortida, og ikkje på kvalitet.

KRF og Norunn Lunde Furnes vert berre useriøs. Ho hevdar at FrP foreslår å utgreie nedlegging av skulen på Sandane fordi FrP har lite stemmer i Gloppen kommune. Ho har nok ikkje kikka i kartboka i det siste, då ville ho fort sjå kvifor FrP forslår å og sjå på denne skulen.

Så det politiske spelet er igang! AP, SP og KRF vil ikkje ha eit breidt grunnlag å vurdere utifrå. Dei vil kritisere, opponere og skjule seg bak konsulentar og administrasjon. Dei bryr seg ikkje om at det dei spelar med er framtida for skuletilbodet i fylket, og framtida for elevane i den vidaregåande skulen. Desverre er det desse som har fleirtalet til å fatte vedtaket!