Alt innhald og kommentarar på denne bloggen vert innsamla og lagra av Nasjonalbiblioteket.

Viser arkivet for oktober, 2012

Kameraderi også i Sogn og Fjordane

Det har den siste tida vore mykje fokus på regjeringa sine utnemningar av styremedlemmer og styreleiarar i statleg eigde selskap. Media avslører stadig fleire eksempel på at det er kameraderi og partibok som er førande for utnemning av godt betalte styreverv og leiarstillingar. Men var det nokon som trudde at dette var unikt for statleg eigde selskap? I vårt eige fylke er det akkurat dei same forholda i dei fylkeskommunalt og kommunalt eigde selskapa.

I Sogn og Fjordane er det så mange offentleg eigde og deleigde selskap og stiftingar at det er nesten ei umuleg oppgåve å få oversikt over dei alle. Men lat oss sjå på nokon av dei fylkeskommunale, og kven som er styreleiar i dei:

  • I Sogn og Fjordane Energi er det Per Kjøllesdal frå Senterpartiet som er styreleiar, for dette får han ei godtgjersle på kroner 114.000 i året
  • I Fjord1 er det Reidar Sandal frå Arbeidarpartiet som er styreleiar, og han får kr 182.000 i året i godtgjersle.
  • Same Reidar Sandal er og styreleiar i Innovasjon Norge, der han mottek 250.000 kroner i godtgjersle.
  • I Botnaneset Industriselskap er det Kjartan Longva frå Arbeidarpartiet som er styreleiar, og for det får han 50.000 kr i året i godtgjersle.
  • I Lutelandet Utvikling finn vi Jan Balstad frå Arbeidarpartiet som styreleiar, og det får han 125.000 kr i året for.
  • I tillegg kunne ein ha ramsa opp ei rekkje med stiftingar og kommunale selskap, som Sunnfjord Energi og musea i Sogn og Fjordane (Harry Mowatt (AP)), Sogn og Fjordane Teater (Håkon Fimland (SP)) osv….

Det kan nok godt hende at fleire av desse, ja kanskje alle faktisk, har gode kvalifikasjonar til å inneha desse verva. Men eg stiller meg likevel svært tvilande til at all styreleiarkompetanse i fylket er å finne i Senterpartiet og Arbeidarpartiet. Ja, eg stiller meg svært tvilande til at den beste styreleiarkompetansen faktisk er å finne berre i dei politiske partia.

Det er faktisk enkeltpersonar som har så mykje verv, at det umogleg kan la seg gjere å følgje alle desse opp på ein god og kvalitativ måte. Som eksempel kan eg nemne Fylkesvaraordførar, Jenny Følling frå Senterpartiet.

I tillegg til dei politiske verva i Fylkesutval, Vestlandsråd, kommunestyret i Gaular, og at ho har stilling som Fylkesvaraordførar i 100% (!) stilling, så finn ein med eit raskt googlesøk at ho er styremedlem i alle dei følgjande:

  • Stamvegutvalet for E39
  • Verdsarvrådet for Nærøyfjorden
  • Norsk Gassforum
  • Sogn og Fjordane Holding AS
  • F1 Holding AS
  • KS-Fylkesstyre
  • KS-Hovudstyre
  • Innovasjon Norge
  • Lutelandet Eigedom
  • KS-holding AS
  • Lutelandet Utvikling AS.
  • I tillegg er ho vararepresentant i rekkje med styrer og er utsending eller varautsending til ei rekkje med generalforsamlingar i kraft av å være fylkesvaraordførar.

Når har ho eigentleg tid til å være fylkesvaraordførar, som ho faktisk skal være 100% av tida?

Eg har ikkje sett på kor mykje alle desse verva utgjer i godtgjersler, men eg kan ikkje tenkje meg at det er reint lite.

Kvifor er no alt dette så viktig? Kan ikkje dei berre ha desse godt betalte verva, så kan nokon andre overta dei når dei eventuelt vinn valet? Nei, det er ikkje så enkelt!

Desse selskapa og stiftingane eig vi for eit bestemt føremål. Nokon skal sikre økonomisk avkastning, andre igjen skal oppfylle bestemte målsetingar innanfor kultur- og næringslivet. Og for å oppnå desse føremåla er vi avhengige av at styra består av kompetente personar som er i stand til å bruke tid, krefter og sin kompetanse for å drifte og utvikle selskapa.

Eg stiller meg svært tvilande til at medlemskap i eit parti automatisk gjer ein god nok kompetanse til å ta strategiske næringsmessige val med stor økonomisk og personalmessig betydning.

Når Fylkeskommunar og kommunar skal utnemne representantar i styrer er det berre tre ting som må telle: Kompetanse, kompetanse og kompetanse! Men fram til vi får eit politisk skifte, så må vi nok belage oss på mange fleire politiske og kameratslege utnemningar. Også i vårt fylke!