Alt innhald og kommentarar på denne bloggen vert innsamla og lagra av Nasjonalbiblioteket.

Ærlighet varer lengst, og for Høgre

I denne valkampen, som i mange andre kjem det mykje løfter frå dei politiske partia. Og for all del, dei politiske partia har gode intensjonar om å gjennomføre løftene dei gjer og. Det er veljarane som avgjer på valdagen kven sine politiske løysingar og løfter dei ynskjer å gjennomføre. Men då må politikarane og være ærlege.

Høgre lovar mykje i valkampen, og dei fleste politiske løysingane har dei adoptert frå FrP. Vi skal behandle fleire pasientar for å få ned sjukehuskøene, vi skal byggje fleire og betre vegar, vi skal gje næringsfremjande skatteletter, og vi skal satse på utdanning og forskning.

Problemet er at Høgre samstundes skal halde den såkalla handlingsregelen, og innser ikkje at dei politiske løysingane kostar pengar. Viss du skal behandle fleire pasientar, så vil det koste pengar. Sjølv om vi utnyttar kapasiteten hos dei private sjukehusa og klinikkane, så vil pasientbehandling koste meir for å få vekk helsekøene.

Høgre har allereie eit forklaringsproblem når det gjeld vegar, der dei har lova nye vegar til 130 milliardar, utan å ha sagt kor dei skal ta pengane frå. Det hjelp ikkje å svare at ein skal nytte bompengar, for viss du lånefinansierer vegbygging så kjem det akkurat like mykje pengar inn i økonomien som viss du hadde brukt meir over statsbudsjettet.

Viss vi skal etterlate eit velfungerande samfunn, eit konkurransedyktig næringsliv, og gode velferdstilbod til kommande generasjonar så er det no vi har sjansen. Ved å byggje infrastrukturen og ta att etterslepet, ved å satse på utdanning og forsking i ny og framtidsretta teknologi, og ved å leggje til rette for dirkete finanseiring av helse og omsorgstilbod, så vil framtidige generasjonar nyte godt av at dei har inntekter til å dekkje utgftene sine, samstundes som dei har like gode velferdstilbod som vi har idag.

Det er ikkje eit mål i seg sjølv å bruke mest muleg pengar over statsbudsjettet, målet er å sikre framtidige inntekter og konkurransekraft. FrP er tydelege på at det er meir fornuftig å bruke pengane på å byggje vegar i Sogn og Fjordane, enn å eige aksjar i Coca Cola.

Høgre må svare veljarane på eit enkelt spørsmål: Skal dei bryte løftene sine, eller skal dei bryte handlingsregelen?

Vist 1532 ganger. Følges av 1 person.
Annonse