Alt innhald og kommentarar på denne bloggen vert innsamla og lagra av Nasjonalbiblioteket.

Bløffar seg til stemmer

Det ser ut til at valkampen også denne gongen skal fyllast av valløfter som partia har brote allereie før dei har lova dei. Utan skruplar fyllast aviser og valmøter med fagre ord og lovnader, som berre fører til auka politikarforakt den dagen dei bryt det igjen.

Høgres Bjørn Hollevik lovar bygging av Kystvegen Måløy-Florø med statlege riksvegpengar så snart dei inntek regjeringskontora, mens Høgre så seint som i juni stemde imot framlegg i Stortinget om å nettopp gjere Kystvegen til riksveg.

Både Ingrid Heggø (AP) og Erling Sande (SP) lovde snarleg oppstart av Stad Skipstunnel i førre valkamp, men stemde mot framlegg på Stortinget i juni i år om å starte bygging i 2014.
Dette er berre to eksempel, og det finst mange fleire. Men eg skal ærleg innrømme at desse eksempla bleiknar i forhold til det dei forskjellige partia presterte å gjere tysdag denne veka, då dei møtte på strategiseminar om Cat Ski på Harpefossen Skisenter i Eid.

Alle parti var inviterte til Harpefossen for å få ein presentasjon av Cat Ski og planane for å legge til rette for aktiviteten ved skisenteret. Kort fortald handlar Cat Ski om at ein køyrer ei beltegåande tråkkemaskin med skigåarar opp på eit fjell, der dei kan frikøyre i umerka løyper ned igjen. Det lokale tiltaket har fått brei støtte frå både rådmann og politikarar i Eid kommune, som sjølvsagt har vurdert både negative og positive sider ved aktiviteten.

Problemet er berre at Cat Ski er forbode i Norge. Eller rettare sagt, det er ulovleg å køyre ei beltegåande tråkkemaskin i utmark. Så difor er det ikkje muleg å få starta opp tiltaket uansett kor mykje lokalpolitikarar, investorar eller kundar måtte ynskje det, før Staten har godkjent anten lokal forvaltning av motorferdsel i utmark, eller bruk av tråkkemaskin i utmark.

Til stades på møtet var forutan meg sjølv, Sveinung Rotevatn (V), Hege Lothe (SV), Kristin Maurstad (AP), Jenny Følling (SP), Erling Sande (SP), Bjørn Lødemel (H), Olav Klungre (KRF) og sjølvsagt arrangørar, representantar for kommunen og nokre lokalpolitikarar.

Kandidatar frå alle parti var overbegeistra for prosjektet, og roste både tiltakshavarane og kommunen for eit flott prosjekt. Dei lovde alle saman at dei skulle arbeide for at dette vart ein realitet. Realiteten derimot er at dei fleste av desse har stemt ned dette så seint som i vår.

Hege Lothe frå SV og Sveinung Rotevatn frå Venstre var like positive som alle andre, men var samstundes ærlege på at partia deira i nokon grad hadde eit anna syn. Lothe var tydeleg på at lokalpartiet i Eid var imot, og Rotevatn meinte at slike viktige oppgåver som å køyre beltevogn i fjellet passa best for byråkratane i Oslo å handtere, sjølv partiet hans lokalt var for tiltaket.

FrP og Høgre meiner at det er politikarane lokalt som skal regulere og styre motorferdsel i utmark. Det er lokalpolitikarane og dei lokale forvaltarane som har best føresetnader til å vurdere både bruk, konsekvensar og restriksjonar på dette. Ganske enkelt fordi dei kjenner dei lokale tilhøva og føresetnadene og slepp leite seg fram på eit kart for i det heile skjønne kor det er. Difor fremmer FrP og Høgre regelmessig framlegg om dette i Stortinget, og har av og til fått støtte frå KRF.

21. mars stemde både Arbeidarpartiet, Senterpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Venstre imot eit framlegg på Stortinget om at motorferdsel i utmark skulle forvaltast og avgjerast lokalt. Ikkje nok med det, dei same partia og KRF stemde og imot ei prøveordning i Balestrand med bruk av nettopp beltegåande tråkkemaskin. Stortingsrepresentantane til SP og AP frå Sogn og Fjordane som var med på avstemninga, Tor Bremer (AP) og Knut M. Olsen (SP), stemde mot både lokalt sjølvstyre og prøveprosjektet i Balestrand.

I mars 2012 vart det fremja bortimot likelydande forslag, både om lokal forvaltning av motorferdsel i utmark og prøveprosjekt med beltegåande motorferdsel i Balestrand. Då stemde Ingrid Heggø (AP), Tor Bremer (AP) og Erling Sande (SP) mot begge framlegga. Den same Sande sat på Harpefossen og skrytte uhemma av prosjektet og kor viktig det var med lokal forvaltning av motorferdsel i utmark.
Eg syns det er heilt greitt med forskjellige syn i politikken, og at ein er ueinige om politiske løysingar og resultat av desse. Men å direkte lyge om kva partia deira vil gjere viss dei får makt, og kva partia deira faktisk har gjort dei siste 4 åra, det er direkte skittent ovanfor veljarane.

Eg ynskjer å kjempe om veljarane ved å presentere Framstegspartiet sine politiske løysingar og kvifor dei er gode og fornuftige. Eg vil ikkje være med på ein valkamp der politikarar ikkje skyr noko middel for å kapre veljarar sjølv om dei lyg dei rett opp i trynet. Slikt skapar politikarforakt, og slikt er med på å svekke tilliten til politikarar.

Ein er ikkje alltid 100% einig med det eit parti står for. Difor kjempar vi våre kampar innad i partia for å få endra det vi er ueinig i. Men når partiet har vedteke ein politikk, då er det politikarane si oppgåve og forklare den politikken og stå for det ein har gjort. Ikkje bortforklare og prøve å skjule handlingane sine.

Mi klåre oppfordring til veljarane er: Ikkje høyr på kva vi seier, men sjå på kva vi faktisk gjer!

Vist 2097 ganger. Følges av 4 personer.

Kommentarer

Så lenge som Norge har hadt et Storting og en Regjering , så er der IKKE ETT PARTI som med hånden på hjertet kan si at de har klart å holde sine valgløfter !
Velgerene er hele tiden blitt proppet full av fagre valgløfter foran hvert val !
Så snart valet er over så er lovnadane og borte !
Kan F.W. Djuvik svare på kva tid lovnadene som blir gitt fremfor hvert val oppfylles 100 % ?
Det norske folk har krav på seriøsitet , sett ut fra det hvert enkelt parti lover !
Vis velgerene ikke skal høre på hva Dere sier , men se på hva Dere gjør , ja da er der ikke mange av dem som er i Regjering eller på Stortinget som burde vert der ! Handlingslammelse er det som gjenspeiler seg i det norske samfunn !

Men det er der du tek feil Arne. Nettsida www.holderdeord.no fører statistikk over vallovnader og kva parti som faktisk oppfyller det dei lovar. Og FrP er det partiet som er ærlegast. Nettsida har endå ikkje funne løftebrot frå FrP. Og difor er svaret på spørsmålet ditt: FrP!

Statistikk er kun et bestillingsverk !
Den reelle fakta er sannhet !

..nemmen Arne Hansen då, kvar har du funne den eller Dei reelle fakta som har gjeve deg sannheita som ekstra-belønning for strevet, i forbingen til AP der dei lite truleg ikkje veit kva dei forar seg sjølve med ein gong og einaste religionen dei ha gjeve levelege vilkår er mulitkulturisme der ein visst kan lyge så mykje ein vil utan at det straffar seg, i den himmelen dei lovar at landet skal bli til om ein gjer knefall for dei globalistiske læresetningane og EØS-gullkalven som dei fleste stortings-parti for tida dansar som loboar rundt, ELLER vi skal halde oss til den eller DEI reelle fakta som du meinar inneheld sannheita, at det er eit reint helvet som er i ferd med å bli skapt her i landet, finns statistikker for det og men om du ikkje trur på dei så er et vel like så bortkasta, som å lese i bibelen for ein hedning,?…
og måtte multikulturismens profeter ende opp der dei høyrer heime, i sin eigen himmel, ned i midtausten ein stad,.

med helsing rabulist og Bruværing

Jarle Olav Steinhovden

Merkelig !
Under noen av dine innlegg heter du Jarle Steinodden , under andre innlegg
Jarle Olav Steinhovden !
Navnet skjemmer ingen , men det handler om seriøsitet !

Bløffar seg til stemmer !
Stortingsvalet er over og Siv skrek : "Morn a Jens " !
FRP har alle rede svelget en mengde kameler etter valget .
Skal det forsette slik for FRP , så vil nok elefantstammen i verden bli utryddet !
Det , takket vere FRP !

Annonse