Bidraget er publisert med ropert og har blitt hentet fram på Fjordaglimt og Kystpuls (tirsdag 21. februar). Les mer om roperten…

Draumen om legoland

Kanskje er eg veldig “politisk ukorrekt” når det kjem til barneoppdragelse, men eg må innrømme at eg faktisk tek på minstejenta både kjole og rosa klede. Eg let også dei to gutane våre bruke spiderman-genser og leike med Transformers. Til min store fornøyelse er den eldste guten (4 år), svært opteken av lego. Og ikkje kva som helst lego heller, men den mest “guttete” legoen av dei alle: Hero Factory. Er dette diskriminerande, og er med på å hindre likestillinga? Bidreg eg til at ungane mine får kjønnsrollehaldningar som besteforeldra mine hadde på 40- og 50-talet?

Når eg var guttunge likte eg svært godt å leike med lego. Eg og den nokre år yngre boren min var samlarar, og bygde oss etterkvart opp ei mengde plastklossar som ville skremd vatnet av einkvar minimalistisk interiørkonsulent. Det var legoklossar overalt! Det var byar med politistasjonar, brannstasjonar, båtar og trailerer på romma våre. Det var episke slagmarker med borger, dragar og riddarar på badet. Og det var intergalaktiske romstasjonar med romskip og astronautar i hyllene i gangen. Om det var bursdag, om det var jul eller om det berre var besøk frå besteforeldre som hadde reist i fleire døgn for å krysse fylkesgrensa frå Hordaland (sjølvsagt med den obligatoriske “reisegåva”), så ynskja vi oss lego. Mjuke pakkar med ullvottar, ullsokkar, eller andre klesplagg som klødde, og meir eller mindre fornuftige gåver, medførte stort sett eit halvår med furting og “the silent treatment” ovanfor gjevaren.

Dette var legoen som var toppmodell for 20 år sidan

Vi brukte sjølvsagt og mykje tid med denne legoen. Alle ledige stunder, om det var helg eller berre nokre minuttar før frukost, gjekk med til å konstruere kreasjonar og køyretøy der designet fekk Pablo Picasso sine kunstverk til å sjå heilt kvardagslege ut. Fantasien og dei kreative evnene fekk utfolde seg i legoen, for det fantes jo ikkje begrensingar for kva vi kunne konstruere. Det kan nok, i lys av dagens debatt om ungar som bruker mykje tid med data, stillast spørsmål ved om vi ikkje hadde hatt betre av å vore ute å bygd trehytte, enn all den tida vi brukte på lego.

Vi hadde og to jenter i søskenflokken, ei som var eldre enn meg og bror min, og ei som var yngre. Utruleg nok, så smitta ikkje vår fasinasjon for danskprodusert plast over på dei. Vel å merke prøvde dei å konstruere nokre fornuftige hus, med symetriske fargar og blomster i vindauga, men dei gjekk lei når bror min regelrett splintra dei arkitektoniske mesterverka med det nye romskipet sitt, som forøvrig hadde batteridrevet lys og lyd. (Må forresten nytte høvet til, etter 20 år, å unnskylde ovanfor bror min at eg, litt misunneleg grunna at eg fekk nytt regnsett i staden for lego, kom i skade for å rote vekk nokre av delane til romskipet han fekk til jul, då eg knuste det under prøveflyging rett i veggen. Sorry!).

20 år seinare har eg altså 3 eigne ungar, og sett sjølvsagt stor pris på at eg atter får bruke tid på desse fantastiske leikane. 4-åringen fekk sin første lego allereie når han var 2, og sjølv om det var ambisiøst å tru at han allereie då skulle kunne sette saman brannstasjonen med fleire byggjedelar enn regjeringa sine antal løftebrot, så kan eg no konstatere at han er gått langt forbi mine evner i kva type legoprodukt han interesserer seg for. Han har gått for den tekniske legoen (som eigentleg er tilpassa ungar frå 7-16) i Hero Factory. Kort fortald er dette ein serie med legoprodukt, filmar, TV-serie og dataspel med ingeniørmessig samensette robotar i alle mulege fasongar og tema. For ein gut som er over gjennomsnittet oppteken av både lego og robotar (les: Transformers), så passa dette midt i blinken for han.

4-åringen sine kreasjonar går langt utover det vi forestillte oss når eg var guttunge

Den mellomste guten, som no er i overkant av 2 år, har fatta interesse for Ninjago (han har forøvrig og stor interesse for Kaptein Sabeltann, men det har ingenting med legoen å gjere). Ninjago er, slik eg har skjønt det, det mest populære i dagens legounivers. Her er det dragar, slangemennesker, diverse merksnodige køyretøy, og sjølvsagt ein og anna snill samurai som skal redde verda. Også her er det tilhøyrande spel og tv-serie.

Den yngste er altså ei jente som no har passert sitt fyrste leveår med god margin. Kanskje utifrå alder, men utan tvil også fordi ho er jente, så har ho ikkje fatta meir interesse for lego enn sporadisk sabotasje av det gutane har brukt timar på å settje saman. Og kvifor er det slik? Ingen skal tvile på mine forsøk på påverknad av jentungen sine preferansar til leikar. Eg og 4-åringen fyllte opp leikegrinda med det vi kunne finne av legobitar som var store nok til at ho ikkje fekk dei inn i munnen, allereie før ho kom heim frå fødeavdelinga. Men på tross av våre iherdige forsøk på å få ho interessert i den fantastiske legoverdenen, så har vi ikkje lukkast. Ho finn utruleg nok større glede i å nappe ut smokken av munnen på ei dukke, slik at den byrjar å remje så naboane, som opplevde 2. verdskrig, går i dekning i kjellaren, for deretter å la freden senke seg ved å sette den tilbake på plass. Eg innrømmer at eg forstår meg ikkje noko vidare på gleda i den øvelsen.

Men no er løysinga nær! Rykta vil ha det til at det er idag lego lanserer sin nye legoserie “friends”. Denne serien er sjølvsagt også legoklossar, men den er full av ting som jenter er meir oppteken av enn gutar. Det er legofigurar med kjole og det er detaljar som rosa persienner, blomsterkreasjonar og kaker. Det er hestar og kaffibarar, piano og hundar som passar i ei handveske. Samstundes er det både terrengkøyretøy og ein heftig kabriolet med i “kolleksjonen”. I staden for typiske “guttete” legoseriar som Star Wars, Hero Factory, Indiana Jones og byar med helikopter og langt over norsk raudgrøn standard antal politibilar, set ein her fokus meir “kvardagslege” ting som kafear, trehytter og skule. Utifrå erfaringa med jentungen sin heilt kvardagslege måte å trille tur med dukkene på, så ser eg føre meg at ho vil kunne ha stor interesse av denne nye legoen.

Det igjen medfører at eg som pappa, med truverdig engasjement, kan delta og bidra med leik og med jentungen. Kall meg gjerne stereotypisk, men det er begrensa kor mykje eg klarer å engasjere meg og ha entusiasme for å bytte bleier og trille rundt på dukker. Dessutan får eg, etter å ha smugtitta på “Childs Play” ein gong for snart 25 år sidan, “the creeps” av dukker, og vil eigentleg berre låse inne alle dukkene i garasjen om natta, “berre for å være på den sikre sida”. No kan eg endeleg finne produkt i legokatalogen som også den vetle prinsessa mi kan interesere seg for, og kanskje også mora kan finne glede i å leike med lego, til gutane sin store fornøyelse. Kanskje kan det sågar være eit og anna prosukt i serien som også vi mennene synst passar inn i våre fantasibyar.

Viss du har gidda å lest heilt hit, så vil du no og få med deg den meir seriøse bodskapen min. Eg vart rett og slett forbanna når eg igår las om ein SV-politikar som hevda at den nye legoen var eit tilbakesteg for likestillinga. I mine auge så vil den nye legoen faktisk bidra til at jentene i familien også kan få augene opp for denne fantastiske plastbiten som har trollbunde millionar av ungar (og vaksne) i årevis. Eg har skjønt at SVarar flest skulle sett at gutar gjekk i skjørt, og jenter gjekk i bukser, fordi dette er deira forvridde syn på likestilling. Men for meg handlar likestilling om å respektere at vi er forskjellige, samstundes som det ikkje skal kunne brukast imot oss i samfunnet.

Eg synst gutar skal få være gutar, og jenter skal få være jenter, sjølv om det inneber at vi kanskje kler oss annleis og er optekne av forskjellige ting. Kanskje vil friends-serien føre til at fleire jenter begynner å leike med lego, og kanskje ikkje. Eg skal ihvertfall ikkje forskjellsbehandle, og vil difor kjøpe lego i alle mulege fasongar, fargar og seriar, heilt til eg finn noko jenteungen vil leike med :-)

Vist 289 ganger. Følges av 3 personer.

Kommentarer

Som jente med to brødre opplevde jeg særbehandlinga jeg fikk svært negativt. Guttene fikk kule leker, Lego, Transformers, elektroniske dingser som laga masse forskjellige lyder. Og fiskestenger til 7-års-dagen. Som jente oppdaga jeg tidlig at det var andre regler som gjaldt for meg. Jeg fikk dokker og klær, og sparte lommepengene iherdig for å kjøpe ting brødrene fikk servert som en selvfølge.

Om rosa lego får dattera di til å interessere seg for å bygge ting, er jo det flott. Men mange av oss er redde for at det vil forsterke dette kjønnsrollemønsteret som begrenser en til ‘gutte-ting’ og ‘jente-ting’. Det er viktig at lego er for alle, at ikke jenter som liker lego blir utsatt for mobbing i form av “Du har ikke lov til å like lego, det er for gutter” (den slapp jeg heldigvis)

La barn være barn, ikke bare gutter og jenter. I barndommen er det jo nesten ingen forskjell på gutter og jenter, så la det vente til puberteten. Om guttene dine ikke vil leke med dokker, så håper jeg det er fordi dokker er kjedelige, ikke fordi det er en ‘jente-ting’.

ikke så rart at..

Nå må vi snart ta “frornuften fange”.La jenter leke med “jenteting” og gutter med “gutteting”.Alt skal jo være så innmari pedagogisk riktig.Vi som foreldre og besteforeldre greier da og tenke selv.Det har da vokst opp generasjoner før oss,meg selv som vokste opp på 50-60tallet. Vi lekte sammen med gutter og vi var veldig kreative,men idag skal jo alt bestemmes om hvordan du skal gjøre det og det.Skal vi ikke få lov å tenke selv lenger?La barn få være barn,de blir tidlig nok “kastet” ut i voksenlivet.

Unni Giil

Annonse