| Bidraget er publisert med ropert og har blitt hentet fram på Kystpuls og Fjordaglimt (mandag 20. februar). Les mer om roperten… Sundagar til besværLO-forbundet Handel og Kontor har vald å bruke tid og resursar på å gå til angrep på dagens 324 søndagsopne matbutikkar. Desse matbutikkane er såkalla «Brustad-buer», som inneber at dei må være under 100 kvm. Grunngjevinga frå Handel og Kontor, til no å stramme inn reglane, er at dei tilsette vert tvinga til å jobbe på søndagar.
Som politikar er eg oppteken av mange ting, og eg får høve til å delta i prosessar for å påverke korleis samfunnet skal utvikle seg, og kva velferd vi skal tilby innbyggjarane. Vi har mange og store utfordringar som krev mykje av samfunnet, og av dei offentlege forvaltningsorgana. Men heilt seriøst: Kvifor i all verda skal eg som politikar blande meg borti når folk skal få lov å handle å ikkje?? Mange hevdar i debatten at det ikkje er behov for søndagsopne butikkar, «vi kan jo handle alle andre dagar». Men kven er dei som skal definere behovet for alle andre? Du har rimeleg stor tru på deg sjølv når du påtek deg å definere behovet for 5 millionar innbyggjarar i landet. Personleg meiner eg at det er butikkar vi ikkje har bruk for i det heile teke, men det kan ikkje falle meg inn å ville nekte dei å halde opent. Strengt tatt bør det være så enkelt at viss ein butikk finn det føremålstenleg å halde opent, ja så skal ikkje det offentlege leggje seg borti det. Så lenge ein butikkeigar meiner at dei kan tene pengar og skape sysselsetting ved å halde opent ein søndag, eller midt på natta for den del, så skal vi ikkje ha lover som hindrar det. Det vi som politikarar derimot bør definere, er ei arbeidsmiljølov som sikrar at dei tilsette har gode arbeidsvilkår og at ein har anstendige arbeidstidsordningar. I dag er også den lova for streng og rigid, og det er merkeleg at Handel og Kontor ikkje heller bruker tida si på å sikre fleksibilitet og gode arbeidstidsordningar for sine medlemmer som er tilpassa den tida vi lever i, enn å skulle blande seg borti når folk skal få handle og ikkje. Det som overraskar meg mest med utspelet frå Handel og Kontor er faktisk at dei vil redusere sysselsettinga innan for sitt eige fagområde. Ved å hindre dei 324 butikkane å ha søndagsope, så snakkar vi sikkert om nokre tusen dagsverk som Handel og Kontor vil fjerne. Meiner verkeleg LO at det er ei oppgåve for dei å syte for at det vert færre tilsette i daglegvarebransjen? Ved å fjerne reguleringane, vil vi faktisk få ei markant auke i tal tilsette innan Handel og Kontor. Burde ikkje det glede forbundet? Dette utspelet er nok ganske enkelt nok eit bevis på at LO og forbunda brukar meir tid på å hindre utvikling, vekst og sysselsetting, ved å skulle legge hindringar i vegen for arbeidstakarar og bedrifter sin valfridom, enn å kjempe for verdiskaping og medlemmane sine rettar. Trur dei skal være glad for at dei framleis har gode forsikringsavtaler og medlemshytter.
Vist 164 ganger. Følges av 6 personer. Annonse | ||
Kommentarer
- ja dette utspillet kunne jo ikke komme fra annet en en FRPèr, hvor en av “ideologiene” til partiet er å knuse alt som har med fagbevegelse å gjøre -
Kanskje har vi fått det så godt at LO har vansker med å finne saker å markere seg på?
Ja i Sverige är alla matbutiker öppna på söndagar, och flesta klädsbutiker med. Förstår inte varför det skulle vara nå problem! Om man har fri lördag/söndag så är det väldigt bra att ha två dagar man kan välja på när man ska shoppa, eller kanske bara gå med vänner på café.
Petra Bjelke . Hvilke lønnsatser har dei som jobber i butikk i Sverige , uten om den ordinære arbeistid ?.
Søndag er en fin dag å handle på for de som vil det.
Søndag er en fin dag til å kose seg med det en har handlet på lørdag , for dem som vil det !