Bidraget er publisert med ropert og har blitt hentet fram på Kystpuls, Fjordaglimt og Romerike.no (mandag 5. desember 2011). Les mer om roperten…

Uetisk å være profesjonell

Med overskrifta “"ISS-ansatte gråter på jobben”, presenterer Dagbladet ei sak der 40 tilsette på forskjellige hotell på Gardermoen kjem med sine historiar om “fysisk rovdrift” frå leiinga i ISS. I kommentarfeltet under artikkelen vert uttrykka “slaveri”, “sosial dumping” og ikkje minst det verste av dei alle, “profitt”, nemnd relativt hyppig. Og til tross for at eg reagerte kraftig når eg såg artikkelen, så fann eg fort ut når eg begynte å lese at her er det heilt andre agendaer ute å går enn “verdige arbeidsforhold”.

For til tross for at Dagbladet har prøvd etter beste evne å vinkle artikkelen så negativt dei kan, med ei rekkje tilsynelatande grove skildringar av uverdige arbeidstilhøve og dårleg kvalitet, så vil det for dei som har litt kunnskap om reinhald, samt norsk arbeidsliv og samfunnsdebatt, vise seg etter nokre linjer i artikkelen at dette ikkje er “uetisk rovdrift” av dei tilsette, men mest truleg er ei journalistisk skapt “skandale” frå Dagbladet si side.

Auka arbeidsmengde
Når ein ser vekk i frå skildringane i byrjinga, så kan vi lese at problemet ligg i auka arbeidsmengde ved at ein må vaske 32 rom på ein arbeidsdag, dette vert litt vidare i artikkelen nedjustert til 24. Dette talet på rom er likevel i sterk kontrast til at tidlegare fekk dei bonus når dei hadde vaska 15-16 rom. Vi snakkar altså om ei auke på 8-15 rom pr arbeidsdag. Og for dei fleste vil dette høyrest ut som ei enorm auke i arbeidsbelastning.

I tida då eg var tilsett i ISS (2006-2009) gjennomførde selskapet noko som vart kalla “Logistikk-prosjektet”, eller “Korrekt arbeidsmetodikk” som var det offisielle namnet. Her tok ein i bruk 100 års fagkompetanse i eit av verdas største og mest profesjonelle selskap, for å styrkje dei tilsette sin kompetanse og effektivitet. Ein svært sentral del av prosjektet var nettopp å sikre at dei tilsette arbeide etter ein metodikk som skulle sikre at dei holdt seg friske og unngjekk blant anna belastningsskadar.

I denne prosessen vert det avdekka at nærare 60% av reinhaldarane sin tidsbruk ikkje gjekk med til faktisk reinhald, men tida gjekk til å bevege seg frå rom til rom, bevege seg fram og tilbake til reinhaldsvogn, fram og tilbake frå vaskerom for å hente utstyr, bevege seg frå eit reinhaldsobjekt til eit anna etc. Det betyr altså at 60% av arbeidstida til reinhaldarane gjekk med til 100% uproduktive ting!

Det vart sett i gang ei enorm omorganisering og ny opplæring av dei tilsette. Det vart kjøpt inn eller utvikla nytt ergonomisk tilpassa utstyr, ny teknologi vart tatt i bruk, det vart investert i nye bilar, nye reinhaldsvogner, personlege utstyrsbelter, det vart utvikla nye arbeidsplanar og flytskjema, alle reinhaldskontrakter vart gjennomgått for å finne den beste og mest effektive måten å rengjere på. Kort sagt: Dei tilsette fekk ein vesentleg enklare og betre arbeidsdag, og reinhaldet vart utførd meir effektivt og billegare.

Og ein skal heller ikkje gløyme at dette vart gjennomførd på toppen av alle dei tiltak og fagutviklingsprosjekta som allereie tidlegare var gjennomført i eit selskap som har vore størst og teknologisk verdsleiande på reinhald i mange 10-år. Konserndirektør i ISS, Jan Bjørnebo, påpeiker dette heilt korrekt i artikkelen til Dagbladet, “Vi er spesialister på reinhald. Dette er ISS sitt konkurransefortrinn". Viss ikkje ville det vel ikkje vore mykje vits i å bruke ISS?

Viss eg skal skifte tapet på veggen min heime, så har eg ingen problem med å gjere det sjølv. Men eg vel heller å ta kontakt med eit firma som har fagkompetanse og ekspertise på å gjere det, og dei gjer det både betre og meir effektivt enn eg klarer sjølv. Det er det same med reinhald. Det er eit fag, og dei som utfører det er profesjonelle på det dei gjer.

Mange tilsette var svært skeptiske til “det nye”. Dei hadde gjennomførd sine reinhaldsoppdrag på same måte i 15-20 år og ingen skulle komme å fortelje dei korleis dette skulle gjerast. Dette førde til at den pedagogiske utfordringa, spesielt for dei enkelte avdelingsleiarar, vart ganske stor. Dei aller fleste stader gjekk dette fint, spesielt etter at ein var kommen i gang og såg forbetringane det førde med seg. Nokre få stader hadde ein derimot “bestemt seg” for at alt skulle være ved det gamle. Spesielt gjaldt dette såkalla konkurranseutsette kontraktar, som kommunar, hotell ol., kanskje kombinert med ein litt mindre pedagogisk avdelingsleiar.

Viss ISS overtek ei kontrakt frå ein kommune eller ei anna bedrift som ikkje har sjanse til å følgje med på utviklinga, og inneha den same faglege kompetansen som ISS har, så skulle det berre mangle om dei ikkje klarde å utføre oppdraget både 30, 40 og 50% meir effektivt. Dette gjeld også hotell som vel å konkurranseutsette sitt reinhald. Men det føreset at dei tilsette er innstilt på å tilpasse seg ikkje berre nye krav til effektivitet, men også nye arbeidsrutinar og nytt utstyr.

Reinhald med eller utan vatn

Eg hugsar for nokre år sidan då eg fortalde mor mi at ho burde ikkje bruke vatn når ho skulle vaske, fordi det berre fører til at ho slenger “smusset” rundt omkring, og at ein ikkje klarer å fjerne bakteriar ved å vaske på den måten. Svaret var kontant: “Eg har vaska sidan før du vart fødd, så du skal ikkje komme her å prøve å fortelje meg korleis eg skal vaske”. Fordi alle har ei viss personleg erfaring med nettopp å vaske i forhold til kanskje det før nemnde eksempelet med å henge opp tapet, så ville alle også ha ei formeining om kva som er godt og dårleg reinhald. Då er det godt at ein driv forsking på nettopp dette, slik at i vert fall dei profesjonelle som ISS og andre reinhaldsbedrifter, sikrar at det faktisk vert reint.

For det kan kanskje høyrest rart ut, men det er altså eit faktum at mikrofiber fjernar 99% av bakteriane mens tradisjonelle tekstilar kombinert med vatn og såpe, berre fjernar 33%. For å skjønne dette så må ein forstå korleis ein mikrofibermopp er laga. Det kan ein lese om her. Eg skal ærleg innrømme at eg og synest at det høyrest rart ut at det vert reinare utan vatn, men slik er det faktisk.

Når tilsette reinhaldarar seier til media at dei ikkje trur det vert reint med bruk av mikrofiber, og at dei ikkje får bruke vatn, så har det nok i stor grad vore ei mangelfull opplæring av dei tilsette i nettopp dette. Dei tilsette har likevel også eit eige ansvar i å ta til seg den informasjonen dei får, og nytte dei metodar som det enkelte selskap nyttar. Men at det ikkje vert reint, det er feil! Her igjen handlar det om å nytte ny teknolgi og vitenskap for å forbetre reinhaldet.

Arbeidsforhold

Om det er eit godt eller dårleg arbeidsmiljø på dei spesifikke avdelingane er avhengig av mange ting, det kan avhenge av personkjemi mellom avdelingsleiar og/eller teamleiarar og dei tilsette, det kan avhenge av personkjemi mellom berre dei tilsette, og ikkje minst kan det avhenge av den enkelte leiar, i tillegg kan det være mange andre faktorar. Dette er eit velkjent problem i ISS, som selskapet arbeider systematisk for å hindre. Gjennom leiarutviklingsprogram, psykososiale undersøkingar, trivselsmålingar, tydelege verdiar og etiske retningslinjer så er mi erfaring at leiinga prøver å utøve ein god personalpolitikk i heile selskapet. I eit selskap med over 14.000 tilsette og kanskje så mange som 7-800 leiarar på forskjellige nivå (alt frå konsernsjef til enkelete teamleiarar), så er det ikkje enkelt å sikre dette 100%.

Ofte er også kommunikasjonssvikt ein faktor som spelar inn i arbeidsmiljøet. Frasen “Graviditet er ingen sjukdom” er ein typisk frase som vert brukt i norsk arbeidsliv og i den offentlege debatten. Når dette vert sagt til ein som faktisk er gravid, så kan dette verke noko brutalt. Men faktum er at graviditet i all hovudsak ikkje skal være grunn til å sjukemelde seg, så sant det ikkje fører til at ein ikkje er i stand til å utføre arbeidet sitt på grunn av graviditetsrelaterte komplikasjonar og/eller belastningar.

Viss ein er sjukemeld 50% (Ikkje aktivt sjukemeld), så betyr det at ein skal ha 50% lågare arbeidsbelastning. Når ein til vanleg skal reingjere 24 rom, så vil naturleg nok 50% være 12 rom. Kvifor Dagbladet gjer eit poeng ut av det utan å faktisk spørje den tilsette kvifor ho reagerer på det, er ei gåte.

Eit anna faktum som kan høyrest brutalt ut, er at viss ISS ikkje er i stand til å utføre sine kontraktsforpiktingar på den tida og til den prisen ein har avtalt, så mister ISS kontrakten, og dei tilsette mister jobben. Då er det avgjerande at dei tilsette er lojale, ikkje berre til tida og kvaliteten, men også til dei metodane og den framgangsmåten som det er lagt opp til i kontrakten. Framlagt på feil måte kan nok dette høyrest brutalt ut, men det er likevel sanninga.
Leiinga sitt ansvar

Uansett kva som ligg bak at dei tilsette ikkje ynskjer å tilpasse seg metodane og systema til ISS, og at dei føler seg “utnytta” og “kjefta på”, så er det ikkje dei tilsette som har ansvar for det, men leiinga i ISS. Det er leiinga som må sikre at dei tilsette får riktig opplæring, det er leiinga som må sikre at kommunikasjonen fungerer, det er leiinga som må sikre at dei tilsette har eit godt arbeidsmiljø, og ikkje minst er det leiinga sitt ansvar å få dei tilsette til å forstå at dei er profesjonelle innan sitt fag og klare å få yrkesstoltheten fram hos dei. Leiinga i ISS må arbeide endå hardare for å sikre at selskapet sine verdiar og etiske retningslinjer ikkje vert mista på vegen ned til dei enkelte tilsette, men vert kommunisert 100% til alle.

Eg er ikkje i tvil om at leiinga i ISS kjem til å klare det på Gardermoen, men eg er også like sikker på at det kjem til å oppstå fleire saker andre stader. Dette gjer leiinga i ISS ei utfordring, fordi sjølv om 90% av avdelingane fungerer bra, så vil det alltid være nokre som har utfordringar. Nøkkelen ligg i å få dei tilsette til å forstå at reinhald er ingen annenrangs yrke. Reinhald er ein profesjon på same måte som rørleggaren eller snekkaren, og reinhaldarane er like viktige i samfunnet som andre yrkesgrupper. Men for å verte best i sitt yrke må ein heile tida utvikle seg og være villig til å lære, det gjeld også leiinga i ISS.

Vist 257 ganger. Følges av 2 personer.

Kommentarer

Kor ligger etikken din? “- Jeg gråter ofte på jobben, forteller flere av dem.” Kordan kan du svare på dette? Det kan hende Dagbladet har satt dette i eit negativt lys, men her står det direkte sitat om at folk gråter på jobb av oppgitthet, og at dei blir sjuke av arbeidet dei gjer. I tillegg står det at ein mistar jobben om ein ikkje får fullført det som er forventa av ein, som ikkje akkurat er reint lite. Eg kan vere sikker på at om du, Djupvik, hadde prøvd å vaske 24 hotellrom på en arbeidsdag, ville du nok fort blitt utrolig sliten. Om du i tillegg ikkje fikk ta pausar i løpet av en 7,5 timers arbeidsdag fordi du ikkje hadde nok tid, og ikkje fått sjukepengar om du var sjuk, trur eg at du òg hadde villa sagt ifra til nokon. Som tidlegare reingjeringshjelp ved hotell, vil eg seie at jobben du gjer i løpet av ein arbeidsdag, tilsvarar ein 7,5 timars lang treningsøkt. Prøv dette 5 dagar i veka, og du vil nok sympatisere med desse kvinnene ganske så fort.

Denne utnyttinga kjem i alle fall ikkje arbeidarane til gode. Dei som står med bøyd rygg dagen lang tener nok utruleg lite av det dei fortener, i forhold til dei rikare leiarane som sikkert har nok frå før.

Det er nettopp dette som er problemet med saka i Dagbladet. Ein spelar på følelsar og følelsesmessige skildringar for å få fram eit fiendebilete mellom ISS som arbeidsgjevar og dei tilsette. Fakta i saka, og dei historiane som vert fortald vert ikkje utfordra av journalisten, og det fører til at lesarane gjer seg opp ei meining basert på følelsar og ikkje fakta.

Som eg skriv i innlegget så trur eg mykje her handlar om kommunikasjon. Her handlar det både om kommunikasjon frå leiinga i ISS til dei tilsette, men også forståelsen dei tilsette har av den informasjonen som vert gitt dei. Utan tvil vil det på ein arbeidsplass med så mykje utanlandsk arbeidskraft også være språkproblemar.

Eg kjenner dei etiske retningslinjene i ISS og dei verdiane selskapet har for dei tilsette. Difor veit eg og at ISS ikkje godtek at folk ikkje får ta pausar, ISS godtek ikkje at dei tilsette som er sjuke ikkje får sjukepengar, og ISS godtek ikkje at det vert brukt trugsmål mot dei tilsette. Men fakta er faktisk at viss reinhaldarane ikkje klarer å gjennomføre oppdraget på den tida selskapet har estimert i grunnlaget for kontrakten med kunden, så vil ISS miste oppdraget og dei tilsette vil miste jobben. Det er ingen trussel, det er eit faktum som dei tilsette faktisk har rett til å verte informert om.

Når det gjeld sjukepengar så burde vel kanskje journalisten ha spurt den tilsette om sjukemeldinga gjaldt for planlagt arbeidstid. Dette gjaldt vel ein vikar slik eg skjønte det. Og viss det ikkje var planlagt at du skulle jobbe å få lønn, så er det vel ikkje riktig at du skal kunne krevje sjukepengar heller?

Har ein viss mistanke om at det er Fellesforbundet som har sin eigen agenda her, og bruker dei stakkars tilsette på hotella for å køyre sitt løp mot “store stygge” ISS. På den måten kan dei hindre at fleire kontrakter vert sett ut på anbod og dei mister medlemmer til Arbeidsmandsforbundet.

Og ja, eg har vaska rom, eg har jobba både 7,5 og 9 timar, både 5 og 7 dagar i veka. Og ja, eg skjønnar at dei tilsette er frustrerte. Men også dei tilsette er nødt til å tilpasse seg framtida, nye tider og betre metodar for reinhald. Det som ein no gjer, og også du i ditt innlegg er å stakkarsleggjere reinhaldarar og framheve det som eit fryktelig tungt og krevjande yrke som ingen andre vil ha.

Rett opp ryggen! Reinhald er eit yrke, og dei som utfører det skal være stolte av den jobben dei gjer. Dei er fagfolk som nyttar den nyaste kunnskapen og det beste utstyret. Det er ingen annenrangs yrke! Hvis ikkje reinhaldarane sjølv rettar opp ryggen, så vil alltid alle andre sjå ned på dei. Det er det verste som kan skje.

Annonse