Bidraget er publisert med ropert og har blitt hentet fram på Kystpuls, Fjordaglimt og Oslo (fredag 18. november 2011). Les mer om roperten…

Har Dagbladet brutt loven?

Dagbladet publiserte idag ei undersøking blant 3801 tillitsvalde i lokal- og fylkeslaga i Framstegspartiet. Det er svært mykje som er galt med denne undersøkinga, men mest av alt lurer eg på om den er gjennomførd på ein ulovleg måte.

Undersøkinga
Til tross for at Dagbladet kan vise til at heile 806 tillitsvalde har svart på undersøkinga, og dette er eit svært godt statistisk grunnlag, så er det faktorar som tilseier at Dagbladet burde tenkt seg om ein ekstra gang før dei publiserte resultatet. For det første vart undersøkinga gjennomførd i løpet av nokre timar i går ettermiddag basert på eit spørreskjema utsend på e-post. Svært mange fekk ikkje eingong høve til å sjekke e-posten før undersøkinga var over.

For det andre var det ei rekkje med forskjellige oppmodingar på sosiale media, SMS og e-post om å la være å svare på undersøkinga. (For ordens skuld: Det var ikkje hovudorganisasjonen eller organ i partiet som kom med dei oppfordringane) Oppfordringa gjekk på at ved å svare på spørsmåla ville ein berre bidra til at det vart endå meir negativt fokus på ei trist sak, som ikkje har noko med politikk å gjere. Svært mange av dei som då var oppteken av at saka ikkje skulle få meir mediemerksemd, lot med all sannsynlighet være å svare på undersøkinga.

Dagbladet publiserer likevel ei sak der dei viser til at så å så mange prosent av dei tillitsvalde meiner det eine eller det andre.

Dagbladet syner til at dei har spurt dei tillitsvalde om kven ein støtter i “den opne maktkampen”?? Kva maktkamp? Veit ikkje om Dagbladet har fått det med seg, men dette er ikkje ein kamp om makta i partiet. Landsmøtet har vald ei partileiing og ein partileiar, og Carl I. Hagen har aldri ytra noko ønske om å ta opp den kampen. Dette handlar om heilt andre ting enn maktkamp, utan at eg vil gå inn på det i dette innlegget.

Lovbrot
Det eg stiller store spørsmålsteikn ved, er korleis Dagbladet var istand til å gjennomføre ei e-post undersøking blant 3801 tillitsvalde i Framstegspartiet. Først tenkte eg at dette må jo ha tatt enorme ressursar å få til! Ikkje sjølve utsendinga, for det kan gjerast med ei rekkje program og av ei rekkje firma. Men korleis har ein klart å samla inn alle e-postadressene?

Eg spurde då Politisk redaktør i Dagbladet, Marie Simonsen, kor mykje ressursar dei har brukt på denne undersøkinga, men fekk til svar: “nesten ingen”.

Problemet er at det er berre 2 måtar å samle inn desse e-postadressene på. Ein av dei krev mykje ressursar, mens den andre, så vidt eg veit, er ulovleg.

Den eine måten er sjølvsagt å gå inn på nettsidene til Framstegspartiet, og gå systematisk gjennom kvar enkelt fylkeslag, lokallag og tillitsvald. Dette er ganske ressurskrevjande, fordi du må gjennom ganske mykje klikk pr e-postadresse. Og når du då skal gjere dette på 3801 personar, så tek det tid!

Den andre måten dei kan ha fått dette til på, er at dei har motteke e-postlister frå nokon som har tilgang til dette i partiet. Dette betyr at nokon har brutt både vedtektene til FrP, samt norsk lov ved å gje ut personopplysningar frå vårt interne medlemsregister. Dette krev ikkje mykje ressursar, men det vil være svært alvorleg likevel.

Hadde Dagbladet fått tilgang på informasjon som var taushetsbelagt og publisert dette, så måtte Dagbladet ha svara på kvifor det var så avgjerande viktig at samfunnet måtte få vite denne informasjonen. Det ville med all sansynlighet også vore grundige drøftingar i redaksjonen før ein gjekk til det steget å publisere denne informasjonen.

Men sidan dette er Framstegspartiet, så har ikkje Dagbladet noko problem med å nytte taushetsbelagte register (viss det er riktig som Simonsen seier, at dei ikkje har brukt mykje ressursar på dette) til å kunne sende ut undersøkingar for å lage TABLOIDsaker. Det kan vel ikkje hevdast at offentligheten har krav på å få vite kva dei tillitsvalde i FrP meiner om ein mediekonstruert maktkamp?

Uansett om Dagbladet har nytta store ressursar med å hente inn e-postadresser eller dei har nytta taushetsbelagt informasjon, så stiller eg store spørsmålstegn ved deira gjennomføring av denne undersøkinga. Eg har heller aldri sett det vore gjort noko slikt med noko anna parti i Norge tidlegare, så dette er vel nok eit eksempel på at Dagbladet og store deler av norsk presse meiner at “Så lenge det er FrP, så er det greit”.

Vist 239 ganger. Følges av 3 personer.
Annonse