Alt innhald og kommentarar på denne bloggen vert innsamla og lagra av Nasjonalbiblioteket.

Bærekraftig innvandring til Flora

I eit innlegg på kystpuls.no skriv gruppeleiar i SV, Bente Halvorsen at ho er skuffa over Venstre og positivt overraska av FrP etter bystyredebatten om busetting av flyktningar. Odd Bovim frå Venstre repliserer, ikkje uventa, at det framleis er stor skilnad på partia i spørsmålet om innvandring og integrering til Flora. Og han har heilt rett! For der Venstre og SV i stor grad definerer vellukka integrering og eit meir inkluderande samfunn i kor stort antal flyktningar kommunen skal ta imot (kvantitet), så definerer FrP det same i korleis vi handterer den stadig aukande innvandrarbefolkninga i form av å inkludere dei i arbeidsliv og samfunn forøvrig (kvalitet).

Fleirtalet Høgre og Venstre vedtok til slutt å busettje oppunder 50 flyktningar i Flora kommune i 2012, ca 20 som såkalla familigjennforening i tillegg til dei 25 som det vart fatta direkte vedtak om. AP/SV/SP/KRF sitt framlegg på litt i overkant av 50 ville nok i realiteten ikkje førd til ein einaste verken meir eller mindre innvandrar. Det vart nok mest eit spel for galleriet, utan realpolitisk innhald.

I tillegg var det brei semje i Bystyret om at integreringa måtte betrast for å klare å inkludere innvandrarbefolkninga i kommunen, både når det gjaldt arbeid, bustad, organisasjonsliv og elles i Florasamfunnet. Det vart sågar fatta vedtak om utgreiingar som skulle oppnå desse måla på sikt. Problemet vart vel at dei ikkje ville ta inn over seg realitetane, og ville ikkje fokusere på kvalitet i integreringa framfor kvantitet i tilflyttinga.

Det kan godt være at både SV og Venstre er programforplikta til å hevde at jo fleire flyktningar vi tek imot, dess meir humanistiske og gode mennesker er vi. Men kanskje burde desse to partia heller fokusere på korleis folk som kjem hit har det, og korleis vi skal få dei til å “passe inn”. Flyktningar som skal busettjast har fått fast opphald i Norge, og skal pr definisjon verte “norske”. Dei skal være ein del av samfunnet og bidra på samme måte som alle oss andre som bur i kommunen. For å få dette til, hjelp det ikkje å ta inn eit så stort antal at apparatet ikkje klarer å takle det. Resultatet vert ein “humanistisk” politikk på bekostning av livskvaliteten til dei som dei hevdar dei vil hjelpe.

Vi ser allereie resultatet av denne politikken i Flora kommune. Fleire og fleire innvandrarar vel å flytte andre stader, i staden for å skape seg ei framtid i nettopp vår kommune. Dette prøver SV og Venstre å kompensere ved å ta imot endå fleire. Kanskje er det snart på tide å stoppe opp, tenkje seg om, styrkje den individuelle integreringa, og skape ei framtid for flyktningane. Dette klarer vi ikkje i “lille” Flora når vi skal ta imot 50 flyktningar i året, i tillegg til dei kanskje 100-150 arbeidsinvandrarane som kjem til Flora i same periode.

Det er ein forskjell mellom FrP og dei andre partia i Flora når det gjeld integrering. Vi meiner at ved å redusere antalet flyktningar til 15 i året, så vil vi kunne ha fokus på kvar enkelt, og kvar enkelt sitt behov, i staden for gruppetenkinga som råder idag. Viss vi ynskjer at flyktningane skal integrerast og skape seg ei framtid med familien i Flora, då må vi endre fokus frå kvantitet til kvalitet. Det ser ut som vi må vente endå eit år før det vert ein realitet.

Vist 479 ganger. Følges av 2 personer.

Kommentarer

Hei Frank Willy. Eg er ikkje ueinig i at vi skal ha kvalitet på integreringspolitikken i Flora. KF Innvandrarsenteret har opparbeida seg god kompetanse på dette området gjennom mange år og oppfyller dei nasjonale krav som gjeld for busette på ein god måte. Mitt poeng i SV sine forslag handlar om kva vi som lokalsamfunn kan gjere etter at innvandrarsenteret har sløkt lysene og godt heim for dagen. Eg meiner at vi har mange ubrukte ressursar som berre ventar på å få noko å gjere på fritida si eller på ein arbeidsplass. Vi treng alle sosiale nettverk. Kvifor kan ikkje Flora bruke litt av dei pengane som vi får i dekningsbidrag av KF Innvandrarsenteret (vi får 3,5 mill) til å bruke på inkluderingstiltak for alle? Tenk om vi kunne fått fleirårlege vedtak som gjer at vi kan jobbe med langsiktige inkluderingstiltak i staden for å måtte stoppe opp kvart år for å vente på eit nytt vedtak? Fleire kommunar har bevist at det ikkje er antall busette flyktningar som bestemmer om vi er gode på integrering og inkludering, til dømes Vinje kommune med sine 3661 innbyggarar. Det er kva vi gjer.

Ville vel vært rart om ikke Frp, SV og Venstre alle i noen grad måtte være enige om å være uenige her. Venstre har selvsagt ikke noe i mot å være gode mennesker uavhengig av måleenhet, men det vi kommuneøkonomi-fantaster er litt opptatt av (og som Bente også indirekte bemerker) er jo at innvandringen også er ganske brukbar butikk for oss. For meg er imidlertid det viktigste for oss at vi nå får en god og grundig vurdering om hvordan innvandringen virker inn på samfunnet, slik at vi kan se BÅDE hva slags antall som er det optimale å ta inn OG hvordan vi på best mulig kan få dem inn i Florasamfunnet – deretter kan vi fatte opplyste, og gjerne flerårige, vedtak. Forslaget om en grundig og tverrfaglig utredning ble nå heldigvis vedtatt av et forstandig flertall – men interessant nok var verken Frp eller SV en del av dette.

For å få det på det reine. FrP støtta SV sine framlegg om inkluderingstiltak som vart fremja i bystyret, med unntak av at ein frivillighetssentral skulle driftast av kommunen (då er det ikkje lenger ein frivillighetssentral, men ei kommunal eining). Vi ynskja og i likhet med SV å ha fleirårige vedtak om busettjing. Når det gjeld økonomien i busettjinga, så vil ikkje eg være bastant å sei at dette er “god butikk” slik Bovim hevdar, sidan langtidskostnadar både i dei kommunale einingane og seinare økonomisk bistand ikkje er med (etter 5 år for flyktningar, og etter 3 år for familiegjennforente). Men eg er einig med Halvorsen i at det er meir fornuftig å bruke av dei midlane vi faktisk får til integrering og gjennomføre den, enn å hente “masse” pengar inn i drifta, for å ta “belastninga” på drifta seinare.

Men fortsatt er det grunnleggande at ein må handtere integreringa før ein tek inn så mange som SV og Venstre ynskjer. Når vi ser fråflyttingstala, så bør det vel også gå opp for desse to partia at vi klarer ikkje å få fleire integrert i Flora ved å berre vedta at vi skal ta imot fleire? Vi har mangel på flyktningeguidar, vi har mangel på språkpraksisplassar, vi har begransa med lag/organisasjonar, og vi har ei svært omfattande arbeidsinnvandring til kommunen. Då må ein snart innsjå at vi er ikkje store nok til å handtere så stor busettjing som kommunen no legg opp til, fordi det vil gå på bekostning av integreringa, og ikkje minst inkluderinga, til dei som allereie er her. Eg kjenner ikkje til Vinje, så der må nok Halvorsen utdjupe kva som er den store suksessen i den kommunen.

Når det gjeld utgreiinga til Venstre og Høgre, så kan den sjølvsagt ha noko for seg, men det føreligg ei rekkje med studiar og undersøkingar som gjer dei svara Venstre etterspør. Forslaget frå SV, som FrP støtta, gjekk på å gjennomføre ei spørjeundersøking blant innvandrarane, men samstundes ikkje avvente dette før ein iverksette tiltak. Det er ein uting i det offentlege med stadige utgreiingar og undersøkingar, når ganske opplagte tiltak kan gjennomførast raskt. Desverre nytta verken SV eller Venstre høve til å gjennomføre det som ville hatt mest positiv effekt på integreringa, nemleg å redusere antalet for 2012. Men no får dei jo ein ny sjanse neste år!

Annonse