Bidraget er publisert med ropert og har blitt hentet fram på Kystpuls og Fjordaglimt (torsdag 3. november 2011). Les mer om roperten…

Professor med skylappar og politiske kujonar

Professor Torger Reve kjem med ein brannfakkel som syner manglande evne til å sjå heilskapen i samfunnsutviklinga, når han føreslår å bruke samferdslemidlar for å oppretthalde skular. Samstundes syner vår eigen fylkesordførar, Åshild Kjelsnes (AP), ei overraskande haldning om at politikarar ikkje lenger skal drive med politikk ved å prioritere mellom sektorar. Eg veit saneleg ikkje kva som er verst!

Satsing på skule
Professor Reve har rett i mange av dei tinga han trekk fram i debatten. Det er i høgare utdanning nytt næringsliv vert skapt. Det er gjennom forsking og innovasjon at ein skaper nytt næringsliv, utvikling og framgang. Og ikkje minst er investering og satsing på den menneskelege kapitalen det som på lang sikt er avgjerande for framtida.

Men Reve går i ei enorm felle når han trekk fram struktur som avgjerande for denne satsinga. For det er jo kvaliteten i opplæringa, og korvidt vi klarer å utdanne elevane best mogleg som er avgjerande for dei faktorane Reve trekk fram, og ikkje kor desse skulane nødvendigvis er lokalisert.
Eg kan ikkje med mine beste evner klare å sjå at Reve faktisk meiner at ved å ha utdanning i halvtomme skulebygg, med færre elevar, og mindre fagmiljø, så vil det være meir framtidsretta enn å ha fokus på kvalitet, læringsmiljø, faglighet og sterkare skular.

Reve må ha misforstått situasjonen i Sogn og Fjordane totalt. Vi snakkar jo ikkje om å svekkje opplæringstilbodet, men vi snakkar om å tilpasse antal skular, antal klassar og antal lærarar til det antal elevar vi har. Det er ein stor skilnad. Desverre er Framstegspartiet saman med Høgre, dei einaste som faktisk ser desse realitetane, og ynskjer å få på plass system som gjer det mogleg å oppretthalde kvaliteten i den vidaregåande opplæringa i fylket, sjølv om elevtalet går ned.

Satsing på samferdsle
Der Reve verkeleg syner ein manglande innsikt i situasjonen til Sogn og Fjordane, er når han trekk fram samferdsle som eit område som bør vike på bekostning av opplæring. Dette er noko som berre kan uttalast av nokon som er professor, og gjer sine betraktningar basert på tall og statistikkar. For i den verkelege verden, så er ikkje dette så veldig svart/kvitt.

Det hjelp lite å satse på opplæring hvis skuleungane ikkje kjem seg på skulen på grunn av rasstengde vegar, eller i verste fall at skulebussen vert teken av ras. Det hjelp ikkje å satse på høgare utdanning og inovasjon, hvis bedrifter ikkje er i stand til å etablere seg i fylket fordi dei ikkje får transportert ut varer og tenester. Det hjelp heller ikkje å ha dei beste elevane i landet, hvis dei ikkje har høve til å komme seg til stader der dei får fritidstilbod som dei ser som sjølvsagte. Då vel dei heller å flytte til ein stad der dei finn dette innan 5 minutt med trikken.

Det Reve må forstå er at ei massiv satsing på samferdsle er den 1. og heilt avgjerande faktoren, for at det i det heile skal være muleg å både ta utdanning, og ikkje minst skape arbeidsplassar og få folk til å verte busett i vårt fylke.

Vi kan gjerne satse alle samferdslemidlane på opplæring. Men då vert konsekvensen at vi utdannar ungdom til å busettje seg i andre delar av landet, og vi får på sikt endå mindre skattekroner å fordele til desse sektorane. På lang sikt er dette ei svært dårleg prioritering.

Politiske kujonar
Det som er kanskje det mest betenkelege med denne debatten, er faktisk ei total mangel på politisk handlekraft og sjølvinnsikt frå den politiske leiinga i fylkeskommunen. Når fylkesordførar, Åshild Kjelsnes, seier til NRK at ho ikkje vil settje ting opp mot kvarandre, då kan ein lure på kva ho i det heile teke gjer som politikar.

Ein politikar si oppgåve er jo nettopp å prioritere mellom alle dei tiltaka og ordningane vi har. Vi har ein pengesekk, og desse pengane skal fordelast mellom det vi som politikarar meiner er viktig og mindre viktig. Når ein politikar viser så total mangel på evne og vilje til å sjå denne samanhengen, så kan ein lure på kva det er som vil skje framover. Skal ein berre lukke auga å sjå pengesekken verte mindre å mindre, og kutte i det årlege budsjetta til det ikkje er meir igjen verken til skule eller samferdsle?

Ei rask avklaring på opplæringsspørsmålet, vil kunne gje oss ei økonomisk handlefridom til å kunne tilpasse oss til eit godt oppløæringstilbod i framtida, utan at det må gå på bekostning av samferdsle. Men då må ein slutte å tru at dette går over av seg sjølv, og vise handlekraft.

Kjempande ordførarar
Ordførar i Fjaler, Arve Helle, er den som framstår mest desperat i debatten. Han klistrar seg til alle halmstrå for å klare å hindre at AP-gruppa på Fylkestinget legg ned skulen hans. I valkampen proklamerte han høglydt at skulane er ikkje til for elevane, men for næringslivet. For han var det knekkande likegyldig kva visjonar og draumar elevane hadde, så lenge dei utdanna seg til det næringslivet i kommunen hadde bruk for. Ja, sånt skaper jo læreglede og motiverte elevar!

I 2009 advarte eg Arve Helle med at viss ein prioriterte Dalsfjordbrua, så risikerte han at den vidaregåande skulen i Dale vart nedlagd. Over 2 år etterpå har det så smått begynt å gå opp for han at det er nett det som er i ferd med å skje.

Årsaka er ganske enkel. Dalsfjordbrua, slik den vert bygd utan tilknyttning nord/sør, har ein samfunnsøkonomisk vinst som ligg alvorleg langt nede på minussida. Viss ein derimot hadde prioritert 45-minuttsregionen først, så ville den auka næringsutviklinga og skatteinngangen ha sikra både Dalsfjordbrua og skulen i Dale på lengre sikt.

Men slik går det desverre når fylkespolitikarar er mest oppteken av å utvikle sine eigne bygder, framfor å sjå heilskapen i samfunnsutviklinga i fylket. Manglande evne til å prioritere og fatte vedtak, vil nok også i åra framover medføre at det raudgrøne utstillingsviduet, Sogn og Fjordane, vert den tapande part.

Vist 203 ganger. Følges av 4 personer.
Annonse