| Bidraget er publisert med ropert og har blitt hentet fram på Kystpuls og Fjordaglimt (mandag 10. oktober 2011). Les mer om roperten… KRF sin raudgrøne flørt![]() Trude Brosvik har vald å samarbeide med AP og dei raudgrøne partia på Fylkestinget i Sogn og Fjordane. Klarare indikasjon på at KRF vil sikre eit framleis raudgrønt styre etter 2013 skal ein leite lenge etter. Jens Stoltenberg har innsett at han vil tape det raudgrøne fleirtalet etter stortingsvalet i 2013, og arbeidar no hektisk for å ""innynde" seg hos Knut Arild Hareide og KRF. Om dette, skriv tidlegare nestleiar i KRF, Inger Lise Hansen, følgande i eit blogginnlegg: “Siden partiet ikke avviser sjarmoffensiven fra de rødgrønne er det mange kommentatorer og andre som legger til grunn at partiet nå må og kommer til å foreta et valg i en ny retning. De ønsker det vel kanskje selv også, og forsøker å fremstille det slik at den nye partilederen sannelig må finne på noe nytt om partiet skal få interesse igjen. Det siste er helt riktig.” Hareide er vag, og gjer verken politkarar, media, eller veljarar tydelge indikasjonar på korleis KRF vil stille seg til eit borgarleg regjeringssamarbeid etter valet. Snarare tvert imot, vel han å faktisk trekkje fram AP som ein naturleg samarbeidspartnar. Det er fleire indikasjonar på at KRF no trekk mot AP og sosialistisk side i politikken, og dermed vil være eit klart hinder for ei ny regjering og ein ny politisk kurs i 2013. Det beste eksempelet har vi i Sogn og Fjordane, der KRF til tross for at dei ville oppnådd det same med dei borgarlege partia, har vald å samarbeide med AP om posisjonar på Fylkestinget. Gruppeleiar og Fylkesleiar i KRF, Trude Brosvik, hevdar at dette ikkje vil svekkje den borgarlege opposisjonen, men ser då bort ifrå at det er antallet representantar i ei eventuell blokk som avgjer kor stor makt ein har til å oppnå politiske posisjonar i konstitueringa av Fylkestinget. Brosvik og KRF si støtte til dei raudgrøne partia har også allereie bore frukter. Det var vel ikkje tilfeldig at det nettopp var Trude Brosvik som vart oppnemd til nytt styremedlem i Helse Førde, av eit Helse Vest som tydeligvis har fått beskjed om kven som er lojale til dei raudgrøne og ikkje. Det vert interessant å sjå korleis KRF vil forsvare regjeringa sin politikk i tida som kjem, og om dei vil velge å samarbeide med dei raudgrøne eller dei borgarlege etter valet. Men eg trur ikkje dei beheld mykje av “kjerneveljarane” sine med å bryte det 7. budet.
Vist 211 ganger. Følges av 2 personer. Annonse | ||