Vestlendingen og det raudgrøne trolletI år valde eg å fortelje eit eventyr i mitt innlegg på Landsmøte i FrP. Men det er viktig å presisere at eventyret er basert på ein sann historie. Vestlendingen sin kamp mot det trehoda raudgrøne trollet.
Det var ein gang ein Vestlending. Vestlendingen budde i værhardt og ganske ugjestmildt område, og havet og fjella var dei næraste naboane hans. Men her valde likavel vestlendingen å slå seg ned, dyrke jorda, utvinne naturresursar frå havet, og skape seg ein heim. Til tross for dei harde forholda var vestlendingen svært glad i heimstaden sin. Men i landet så styrde eit stort trehoda troll. Trollet hadde den innstillinga at han var smartare, meir intelligent og betre til å definere framtida og vala til dei som budde der, enn dei sjølv var. Eg sa at trollet var trehoda, men eigentleg så var det eit stort hovud som styrde. I tillegg hadde trollet to bitte små hovud, men sidan dei var så små så høyrde ikkje det store hovudet kva dei sa, og masinga til dei små hovuda vart berre ei irriterande piping i øyra. Men trollet kunne ikkje leve utan tre hovud. Trollet var utruleg irritert på vestlendingen! For uansett kor mykje trollet prøvde å detaljstyre, så klarte han aldri heilt å få kontroll på vestlendingen. Når vestlendingen utnytta ressursane og skapte verdia, så fann trollet heile tida nye måtar å sette kjeppar i hjula for han. Først prøvde trollet å ta alle verdiane til vestlendingen. Med stadig nye kreative skattar og avgifter tok trollet det vestlendingen skapte. Det var både inntektsskatt, bedriftsskatt, veiskatt, miljøskatt, formueskatt, arveskatt, arbeidsgjevaravgift, moms, osv.. Trollet viste ein enorm kreativitet for å stogge vestlendingen. Men framleis kjempa vestlendingen. Han ville ikkje utan vidare la det raudgrøne trollet vinne fram. Og når trollet innsåg at heller ikkje trollungane klarde å stoppe vestlendingen, då fekk han panikk. Og faktisk var trollet nær ved å lykkast med knekke vestlendingen. Men så, heilt ut av det blå, så kom ein riddar i skinnande rustning, Framstegspartiet, som riddaren heite, hadde sett korleis trollet for åt med vestlendingen, og ville ta han i forsvar. For der det raudgrøne trollet ville øydelegge mest muleg for å behalde makta si, så meinte FrP at det var bra at vestlendingen skapte verdiar og utvikla framtida si. FrP ville ikkje ta frå vestlendingen pengane sine. FrP ville at pengane som vestlendingen hadde betalt inn skulle brukast til å byggje nye sikre og bomfrie vegar, og gode helsetenester der vestlendingen sjølv kunne få bestemme kva som var best for han. Og ikkje minst, så ville FrP få vekk desse hersens trollungane. FrP gjekk i front for å kjempe for vestlendingen, og var fast bestemt på å vinne. Å snipp, snapp, snute, neste haust er den raudgrøne regjeringa ute! Interpellasjon om båtrutene i FlorabassengetEg har fremja følgjande interpellasjon til Fylkestinget i april: Det fylkeskommunale rutetilbodet vart handsama i fylkestinget i sak 11/10. Det vart vedteke at fylkeskommunen skal tilby likt rutetilbod med båt uavhengig av bustadkommune, der det fylkeskommunale minstetilbodet med båt vert definert ut frå samla tal fastbuande langs kvar båtrute. Ved anbodsutlysing av båtruter skulle det fylkeskommunale rutetilbodet lysast ut med kommunal tilleggsproduksjon som opsjon. Fylkesutvalet har ved to høve drøfta anbodet knytt til Flora, Bremanger og Vågsøy. I FU-sak 110/11 vart det gjort følgjande vedtak: Etter ynskje frå fylkesutvalet har fylkesvaraordføraren og fylkesrådmannen gjennomført møte med den politiske og administrative leiinga i Flora, Bremanger og Vågsøy kommune. Sogn og Fjordane fylkeskommune har den 14. desember 2011 teikna kontrakt med Fjord1 Fylkesbaatane om drift av båtruter i Flora, Bremanger og Vågsøy frå 1. mai 2012 til 30. april 2020 (med opsjon på to år fram til 2022). I kontrakten er det også teke med at rutetilbodet skal omfatte både eit fylkeskommunalt minstetilbod og eit kommunalt tilleggstilbod, jf. vedtaket i FT-sak 11/10. Både Flora kommune og Vågsøy kommune har stadfesta overfor fylkeskommunen at dei vil nytte sine kommunale opsjonar. Det vert då ein mellomperiode for rutene i Florabassenget på to år der eittskrogsbåten Seaservice fortsatt skal utføre 10 turar. Dei resterande 10 turane skal utførast av eittskrogsbåten Dagning. Denne løysinga vil berre vare fram til seinast 30. april 2014. Innan då skal 74 av rutene utførast av kombikatamaran Første anbodsrunde la opp til vidareføring av dagens tilbod. Denne anbodsrunden måtte avlysast, blant anna fordi anboda var for høge. I den andre utlysinga reduserte ein kravet til båtmateriell. I anbodet har Fylkeskommunen stilt krav om universell utforming av båtane, og i den same pressemeldinga frå 15. mars 2012 står følgjande: Som politikarar i Fylkestinget er vi dei øvste ansvarlege for drifta av Fylkeskommunen og alle dei tilbod og tenester som fylkeskommunen tilbyr innbyggjarane. Vi kan aldri skulde på lovkrav, administrasjon eller juss for dei vedtak som vert fatta, og det er aldri nokon andre som sitt med ansvaret. Personleg kan eg ikkje stå inne for eit tilbod der vi seier at menneske med nedsett funksjonsevne skal bærast om bord i båtar. Dette handlar om den personlege verdigheta til folk, uansett kva eventuelle lovkrav måtte meine. Ei lov definerer eit minimum, men det er alltid lov å bruke sunn fornuft og gje eit tilbod som opplevast som verdig av brukarane. I byrjinga av mars vart det gjennomførd private støymålingar om bord i «Dagning» som er tenkt nytta på 10 ruter i veka. Desse støymålingane synte følgjande: Ved passivgang med kaikanten vart støy målt til 66-70 db (decibel), i marsjfart framme i passasjersalongen var nivået ca 80 db, i marsjfart bak i passasjersalongen var nivået 80-85 db. I tillegg var støyen kortvarig sterkare ved tillegging til kai og ved aksellerering. 85 db er maksimumsgrenseverdi for arbeidsplassar med støyande maskiner og målsettinga er 75 decibel eller lågare. Med tanke på at det her reiser svært mykje unge skuleelevar er dette svært urovekkande med tanke på framtidige hørselsskadar. Når skuleborn er om bord i «Dagning» er det ikkje plass til skulesekkar og eventuell anna baggasje, ikkje plass til instrument til bruk i kulturskulen, og det kan ikkje medbringast sykkel eller andre større ting. Eg har også ved sjølvsyn sett korleis baggasjen dekkar til nødutgangar og gjer at det ikkje lenger finst frie rømningsvegar. På bakgrunn av interpellasjonen ber eg om at Fylkestinget vedtek følgjande: Fylkestinget krev at det vert nytta båtmateriell på rutene i Florabassenget som sikrar verdighet og tryggleik for dei reisande. Dette betyr at rørslehemma og personar med nedsett funksjonsevne skal kunne nytte rutene utan å verte nedverdiga ved å måtte bærast på nokon som helst måte. Det betyr og at båtar skal tilfredsstille krav til romslighet og støynivå som gjer at skuleelevar og andre reisande kan nytte båtrutene på ein trygg og komfortabel måte. Fylkestinget ber administrasjonen sikre at operatør tilfredsstiller dette i det båtmateriellet som vert nytta på rutene. Fylkesutvalet får mynde til å bevilge eventuelle ekstramidlar som må nyttast for å sikre eit slikt tilbod. Draumen om legolandKanskje er eg veldig “politisk ukorrekt” når det kjem til barneoppdragelse, men eg må innrømme at eg faktisk tek på minstejenta både kjole og rosa klede. Eg let også dei to gutane våre bruke spiderman-genser og leike med Transformers. Til min store fornøyelse er den eldste guten (4 år), svært opteken av lego. Og ikkje kva som helst lego heller, men den mest “guttete” legoen av dei alle: Hero Factory. Er dette diskriminerande, og er med på å hindre likestillinga? Bidreg eg til at ungane mine får kjønnsrollehaldningar som besteforeldra mine hadde på 40- og 50-talet? Når eg var guttunge likte eg svært godt å leike med lego. Eg og den nokre år yngre boren min var samlarar, og bygde oss etterkvart opp ei mengde plastklossar som ville skremd vatnet av einkvar minimalistisk interiørkonsulent. Det var legoklossar overalt! Det var byar med politistasjonar, brannstasjonar, båtar og trailerer på romma våre. Det var episke slagmarker med borger, dragar og riddarar på badet. Og det var intergalaktiske romstasjonar med romskip og astronautar i hyllene i gangen. Om det var bursdag, om det var jul eller om det berre var besøk frå besteforeldre som hadde reist i fleire døgn for å krysse fylkesgrensa frå Hordaland (sjølvsagt med den obligatoriske “reisegåva”), så ynskja vi oss lego. Mjuke pakkar med ullvottar, ullsokkar, eller andre klesplagg som klødde, og meir eller mindre fornuftige gåver, medførte stort sett eit halvår med furting og “the silent treatment” ovanfor gjevaren.
Dette var legoen som var toppmodell for 20 år sidan Vi brukte sjølvsagt og mykje tid med denne legoen. Alle ledige stunder, om det var helg eller berre nokre minuttar før frukost, gjekk med til å konstruere kreasjonar og køyretøy der designet fekk Pablo Picasso sine kunstverk til å sjå heilt kvardagslege ut. Fantasien og dei kreative evnene fekk utfolde seg i legoen, for det fantes jo ikkje begrensingar for kva vi kunne konstruere. Det kan nok, i lys av dagens debatt om ungar som bruker mykje tid med data, stillast spørsmål ved om vi ikkje hadde hatt betre av å vore ute å bygd trehytte, enn all den tida vi brukte på lego. Vi hadde og to jenter i søskenflokken, ei som var eldre enn meg og bror min, og ei som var yngre. Utruleg nok, så smitta ikkje vår fasinasjon for danskprodusert plast over på dei. Vel å merke prøvde dei å konstruere nokre fornuftige hus, med symetriske fargar og blomster i vindauga, men dei gjekk lei når bror min regelrett splintra dei arkitektoniske mesterverka med det nye romskipet sitt, som forøvrig hadde batteridrevet lys og lyd. (Må forresten nytte høvet til, etter 20 år, å unnskylde ovanfor bror min at eg, litt misunneleg grunna at eg fekk nytt regnsett i staden for lego, kom i skade for å rote vekk nokre av delane til romskipet han fekk til jul, då eg knuste det under prøveflyging rett i veggen. Sorry!). 20 år seinare har eg altså 3 eigne ungar, og sett sjølvsagt stor pris på at eg atter får bruke tid på desse fantastiske leikane. 4-åringen fekk sin første lego allereie når han var 2, og sjølv om det var ambisiøst å tru at han allereie då skulle kunne sette saman brannstasjonen med fleire byggjedelar enn regjeringa sine antal løftebrot, så kan eg no konstatere at han er gått langt forbi mine evner i kva type legoprodukt han interesserer seg for. Han har gått for den tekniske legoen (som eigentleg er tilpassa ungar frå 7-16) i Hero Factory. Kort fortald er dette ein serie med legoprodukt, filmar, TV-serie og dataspel med ingeniørmessig samensette robotar i alle mulege fasongar og tema. For ein gut som er over gjennomsnittet oppteken av både lego og robotar (les: Transformers), så passa dette midt i blinken for han.
4-åringen sine kreasjonar går langt utover det vi forestillte oss når eg var guttunge Den mellomste guten, som no er i overkant av 2 år, har fatta interesse for Ninjago (han har forøvrig og stor interesse for Kaptein Sabeltann, men det har ingenting med legoen å gjere). Ninjago er, slik eg har skjønt det, det mest populære i dagens legounivers. Her er det dragar, slangemennesker, diverse merksnodige køyretøy, og sjølvsagt ein og anna snill samurai som skal redde verda. Også her er det tilhøyrande spel og tv-serie. Den yngste er altså ei jente som no har passert sitt fyrste leveår med god margin. Kanskje utifrå alder, men utan tvil også fordi ho er jente, så har ho ikkje fatta meir interesse for lego enn sporadisk sabotasje av det gutane har brukt timar på å settje saman. Og kvifor er det slik? Ingen skal tvile på mine forsøk på påverknad av jentungen sine preferansar til leikar. Eg og 4-åringen fyllte opp leikegrinda med det vi kunne finne av legobitar som var store nok til at ho ikkje fekk dei inn i munnen, allereie før ho kom heim frå fødeavdelinga. Men på tross av våre iherdige forsøk på å få ho interessert i den fantastiske legoverdenen, så har vi ikkje lukkast. Ho finn utruleg nok større glede i å nappe ut smokken av munnen på ei dukke, slik at den byrjar å remje så naboane, som opplevde 2. verdskrig, går i dekning i kjellaren, for deretter å la freden senke seg ved å sette den tilbake på plass. Eg innrømmer at eg forstår meg ikkje noko vidare på gleda i den øvelsen. Men no er løysinga nær! Rykta vil ha det til at det er idag lego lanserer sin nye legoserie “friends”. Denne serien er sjølvsagt også legoklossar, men den er full av ting som jenter er meir oppteken av enn gutar. Det er legofigurar med kjole og det er detaljar som rosa persienner, blomsterkreasjonar og kaker. Det er hestar og kaffibarar, piano og hundar som passar i ei handveske. Samstundes er det både terrengkøyretøy og ein heftig kabriolet med i “kolleksjonen”. I staden for typiske “guttete” legoseriar som Star Wars, Hero Factory, Indiana Jones og byar med helikopter og langt over norsk raudgrøn standard antal politibilar, set ein her fokus meir “kvardagslege” ting som kafear, trehytter og skule. Utifrå erfaringa med jentungen sin heilt kvardagslege måte å trille tur med dukkene på, så ser eg føre meg at ho vil kunne ha stor interesse av denne nye legoen. Det igjen medfører at eg som pappa, med truverdig engasjement, kan delta og bidra med leik og med jentungen. Kall meg gjerne stereotypisk, men det er begrensa kor mykje eg klarer å engasjere meg og ha entusiasme for å bytte bleier og trille rundt på dukker. Dessutan får eg, etter å ha smugtitta på “Childs Play” ein gong for snart 25 år sidan, “the creeps” av dukker, og vil eigentleg berre låse inne alle dukkene i garasjen om natta, “berre for å være på den sikre sida”. No kan eg endeleg finne produkt i legokatalogen som også den vetle prinsessa mi kan interesere seg for, og kanskje også mora kan finne glede i å leike med lego, til gutane sin store fornøyelse. Kanskje kan det sågar være eit og anna prosukt i serien som også vi mennene synst passar inn i våre fantasibyar. Viss du har gidda å lest heilt hit, så vil du no og få med deg den meir seriøse bodskapen min. Eg vart rett og slett forbanna når eg igår las om ein SV-politikar som hevda at den nye legoen var eit tilbakesteg for likestillinga. I mine auge så vil den nye legoen faktisk bidra til at jentene i familien også kan få augene opp for denne fantastiske plastbiten som har trollbunde millionar av ungar (og vaksne) i årevis. Eg har skjønt at SVarar flest skulle sett at gutar gjekk i skjørt, og jenter gjekk i bukser, fordi dette er deira forvridde syn på likestilling. Men for meg handlar likestilling om å respektere at vi er forskjellige, samstundes som det ikkje skal kunne brukast imot oss i samfunnet. Eg synst gutar skal få være gutar, og jenter skal få være jenter, sjølv om det inneber at vi kanskje kler oss annleis og er optekne av forskjellige ting. Kanskje vil friends-serien føre til at fleire jenter begynner å leike med lego, og kanskje ikkje. Eg skal ihvertfall ikkje forskjellsbehandle, og vil difor kjøpe lego i alle mulege fasongar, fargar og seriar, heilt til eg finn noko jenteungen vil leike med :-) Sundagar til besværLO-forbundet Handel og Kontor har vald å bruke tid og resursar på å gå til angrep på dagens 324 søndagsopne matbutikkar. Desse matbutikkane er såkalla «Brustad-buer», som inneber at dei må være under 100 kvm. Grunngjevinga frå Handel og Kontor, til no å stramme inn reglane, er at dei tilsette vert tvinga til å jobbe på søndagar.
Som politikar er eg oppteken av mange ting, og eg får høve til å delta i prosessar for å påverke korleis samfunnet skal utvikle seg, og kva velferd vi skal tilby innbyggjarane. Vi har mange og store utfordringar som krev mykje av samfunnet, og av dei offentlege forvaltningsorgana. Men heilt seriøst: Kvifor i all verda skal eg som politikar blande meg borti når folk skal få lov å handle å ikkje?? Mange hevdar i debatten at det ikkje er behov for søndagsopne butikkar, «vi kan jo handle alle andre dagar». Men kven er dei som skal definere behovet for alle andre? Du har rimeleg stor tru på deg sjølv når du påtek deg å definere behovet for 5 millionar innbyggjarar i landet. Personleg meiner eg at det er butikkar vi ikkje har bruk for i det heile teke, men det kan ikkje falle meg inn å ville nekte dei å halde opent. Strengt tatt bør det være så enkelt at viss ein butikk finn det føremålstenleg å halde opent, ja så skal ikkje det offentlege leggje seg borti det. Så lenge ein butikkeigar meiner at dei kan tene pengar og skape sysselsetting ved å halde opent ein søndag, eller midt på natta for den del, så skal vi ikkje ha lover som hindrar det. Det vi som politikarar derimot bør definere, er ei arbeidsmiljølov som sikrar at dei tilsette har gode arbeidsvilkår og at ein har anstendige arbeidstidsordningar. I dag er også den lova for streng og rigid, og det er merkeleg at Handel og Kontor ikkje heller bruker tida si på å sikre fleksibilitet og gode arbeidstidsordningar for sine medlemmer som er tilpassa den tida vi lever i, enn å skulle blande seg borti når folk skal få handle og ikkje. Det som overraskar meg mest med utspelet frå Handel og Kontor er faktisk at dei vil redusere sysselsettinga innan for sitt eige fagområde. Ved å hindre dei 324 butikkane å ha søndagsope, så snakkar vi sikkert om nokre tusen dagsverk som Handel og Kontor vil fjerne. Meiner verkeleg LO at det er ei oppgåve for dei å syte for at det vert færre tilsette i daglegvarebransjen? Ved å fjerne reguleringane, vil vi faktisk få ei markant auke i tal tilsette innan Handel og Kontor. Burde ikkje det glede forbundet? Dette utspelet er nok ganske enkelt nok eit bevis på at LO og forbunda brukar meir tid på å hindre utvikling, vekst og sysselsetting, ved å skulle legge hindringar i vegen for arbeidstakarar og bedrifter sin valfridom, enn å kjempe for verdiskaping og medlemmane sine rettar. Trur dei skal være glad for at dei framleis har gode forsikringsavtaler og medlemshytter. Uetisk å være profesjonell
Med overskrifta “"ISS-ansatte gråter på jobben”, presenterer Dagbladet ei sak der 40 tilsette på forskjellige hotell på Gardermoen kjem med sine historiar om “fysisk rovdrift” frå leiinga i ISS. I kommentarfeltet under artikkelen vert uttrykka “slaveri”, “sosial dumping” og ikkje minst det verste av dei alle, “profitt”, nemnd relativt hyppig. Og til tross for at eg reagerte kraftig når eg såg artikkelen, så fann eg fort ut når eg begynte å lese at her er det heilt andre agendaer ute å går enn “verdige arbeidsforhold”. For til tross for at Dagbladet har prøvd etter beste evne å vinkle artikkelen så negativt dei kan, med ei rekkje tilsynelatande grove skildringar av uverdige arbeidstilhøve og dårleg kvalitet, så vil det for dei som har litt kunnskap om reinhald, samt norsk arbeidsliv og samfunnsdebatt, vise seg etter nokre linjer i artikkelen at dette ikkje er “uetisk rovdrift” av dei tilsette, men mest truleg er ei journalistisk skapt “skandale” frå Dagbladet si side. Auka arbeidsmengde I tida då eg var tilsett i ISS (2006-2009) gjennomførde selskapet noko som vart kalla “Logistikk-prosjektet”, eller “Korrekt arbeidsmetodikk” som var det offisielle namnet. Her tok ein i bruk 100 års fagkompetanse i eit av verdas største og mest profesjonelle selskap, for å styrkje dei tilsette sin kompetanse og effektivitet. Ein svært sentral del av prosjektet var nettopp å sikre at dei tilsette arbeide etter ein metodikk som skulle sikre at dei holdt seg friske og unngjekk blant anna belastningsskadar. I denne prosessen vert det avdekka at nærare 60% av reinhaldarane sin tidsbruk ikkje gjekk med til faktisk reinhald, men tida gjekk til å bevege seg frå rom til rom, bevege seg fram og tilbake til reinhaldsvogn, fram og tilbake frå vaskerom for å hente utstyr, bevege seg frå eit reinhaldsobjekt til eit anna etc. Det betyr altså at 60% av arbeidstida til reinhaldarane gjekk med til 100% uproduktive ting! Det vart sett i gang ei enorm omorganisering og ny opplæring av dei tilsette. Det vart kjøpt inn eller utvikla nytt ergonomisk tilpassa utstyr, ny teknologi vart tatt i bruk, det vart investert i nye bilar, nye reinhaldsvogner, personlege utstyrsbelter, det vart utvikla nye arbeidsplanar og flytskjema, alle reinhaldskontrakter vart gjennomgått for å finne den beste og mest effektive måten å rengjere på. Kort sagt: Dei tilsette fekk ein vesentleg enklare og betre arbeidsdag, og reinhaldet vart utførd meir effektivt og billegare. Og ein skal heller ikkje gløyme at dette vart gjennomførd på toppen av alle dei tiltak og fagutviklingsprosjekta som allereie tidlegare var gjennomført i eit selskap som har vore størst og teknologisk verdsleiande på reinhald i mange 10-år. Konserndirektør i ISS, Jan Bjørnebo, påpeiker dette heilt korrekt i artikkelen til Dagbladet, “Vi er spesialister på reinhald. Dette er ISS sitt konkurransefortrinn". Viss ikkje ville det vel ikkje vore mykje vits i å bruke ISS? Viss eg skal skifte tapet på veggen min heime, så har eg ingen problem med å gjere det sjølv. Men eg vel heller å ta kontakt med eit firma som har fagkompetanse og ekspertise på å gjere det, og dei gjer det både betre og meir effektivt enn eg klarer sjølv. Det er det same med reinhald. Det er eit fag, og dei som utfører det er profesjonelle på det dei gjer. Mange tilsette var svært skeptiske til “det nye”. Dei hadde gjennomførd sine reinhaldsoppdrag på same måte i 15-20 år og ingen skulle komme å fortelje dei korleis dette skulle gjerast. Dette førde til at den pedagogiske utfordringa, spesielt for dei enkelte avdelingsleiarar, vart ganske stor. Dei aller fleste stader gjekk dette fint, spesielt etter at ein var kommen i gang og såg forbetringane det førde med seg. Nokre få stader hadde ein derimot “bestemt seg” for at alt skulle være ved det gamle. Spesielt gjaldt dette såkalla konkurranseutsette kontraktar, som kommunar, hotell ol., kanskje kombinert med ein litt mindre pedagogisk avdelingsleiar. Viss ISS overtek ei kontrakt frå ein kommune eller ei anna bedrift som ikkje har sjanse til å følgje med på utviklinga, og inneha den same faglege kompetansen som ISS har, så skulle det berre mangle om dei ikkje klarde å utføre oppdraget både 30, 40 og 50% meir effektivt. Dette gjeld også hotell som vel å konkurranseutsette sitt reinhald. Men det føreset at dei tilsette er innstilt på å tilpasse seg ikkje berre nye krav til effektivitet, men også nye arbeidsrutinar og nytt utstyr. Reinhald med eller utan vatn Eg hugsar for nokre år sidan då eg fortalde mor mi at ho burde ikkje bruke vatn når ho skulle vaske, fordi det berre fører til at ho slenger “smusset” rundt omkring, og at ein ikkje klarer å fjerne bakteriar ved å vaske på den måten. Svaret var kontant: “Eg har vaska sidan før du vart fødd, så du skal ikkje komme her å prøve å fortelje meg korleis eg skal vaske”. Fordi alle har ei viss personleg erfaring med nettopp å vaske i forhold til kanskje det før nemnde eksempelet med å henge opp tapet, så ville alle også ha ei formeining om kva som er godt og dårleg reinhald. Då er det godt at ein driv forsking på nettopp dette, slik at i vert fall dei profesjonelle som ISS og andre reinhaldsbedrifter, sikrar at det faktisk vert reint. For det kan kanskje høyrest rart ut, men det er altså eit faktum at mikrofiber fjernar 99% av bakteriane mens tradisjonelle tekstilar kombinert med vatn og såpe, berre fjernar 33%. For å skjønne dette så må ein forstå korleis ein mikrofibermopp er laga. Det kan ein lese om her. Eg skal ærleg innrømme at eg og synest at det høyrest rart ut at det vert reinare utan vatn, men slik er det faktisk. Når tilsette reinhaldarar seier til media at dei ikkje trur det vert reint med bruk av mikrofiber, og at dei ikkje får bruke vatn, så har det nok i stor grad vore ei mangelfull opplæring av dei tilsette i nettopp dette. Dei tilsette har likevel også eit eige ansvar i å ta til seg den informasjonen dei får, og nytte dei metodar som det enkelte selskap nyttar. Men at det ikkje vert reint, det er feil! Her igjen handlar det om å nytte ny teknolgi og vitenskap for å forbetre reinhaldet. Arbeidsforhold Om det er eit godt eller dårleg arbeidsmiljø på dei spesifikke avdelingane er avhengig av mange ting, det kan avhenge av personkjemi mellom avdelingsleiar og/eller teamleiarar og dei tilsette, det kan avhenge av personkjemi mellom berre dei tilsette, og ikkje minst kan det avhenge av den enkelte leiar, i tillegg kan det være mange andre faktorar. Dette er eit velkjent problem i ISS, som selskapet arbeider systematisk for å hindre. Gjennom leiarutviklingsprogram, psykososiale undersøkingar, trivselsmålingar, tydelege verdiar og etiske retningslinjer så er mi erfaring at leiinga prøver å utøve ein god personalpolitikk i heile selskapet. I eit selskap med over 14.000 tilsette og kanskje så mange som 7-800 leiarar på forskjellige nivå (alt frå konsernsjef til enkelete teamleiarar), så er det ikkje enkelt å sikre dette 100%. Ofte er også kommunikasjonssvikt ein faktor som spelar inn i arbeidsmiljøet. Frasen “Graviditet er ingen sjukdom” er ein typisk frase som vert brukt i norsk arbeidsliv og i den offentlege debatten. Når dette vert sagt til ein som faktisk er gravid, så kan dette verke noko brutalt. Men faktum er at graviditet i all hovudsak ikkje skal være grunn til å sjukemelde seg, så sant det ikkje fører til at ein ikkje er i stand til å utføre arbeidet sitt på grunn av graviditetsrelaterte komplikasjonar og/eller belastningar. Viss ein er sjukemeld 50% (Ikkje aktivt sjukemeld), så betyr det at ein skal ha 50% lågare arbeidsbelastning. Når ein til vanleg skal reingjere 24 rom, så vil naturleg nok 50% være 12 rom. Kvifor Dagbladet gjer eit poeng ut av det utan å faktisk spørje den tilsette kvifor ho reagerer på det, er ei gåte. Eit anna faktum som kan høyrest brutalt ut, er at viss ISS ikkje er i stand til å utføre sine kontraktsforpiktingar på den tida og til den prisen ein har avtalt, så mister ISS kontrakten, og dei tilsette mister jobben. Då er det avgjerande at dei tilsette er lojale, ikkje berre til tida og kvaliteten, men også til dei metodane og den framgangsmåten som det er lagt opp til i kontrakten. Framlagt på feil måte kan nok dette høyrest brutalt ut, men det er likevel sanninga. Uansett kva som ligg bak at dei tilsette ikkje ynskjer å tilpasse seg metodane og systema til ISS, og at dei føler seg “utnytta” og “kjefta på”, så er det ikkje dei tilsette som har ansvar for det, men leiinga i ISS. Det er leiinga som må sikre at dei tilsette får riktig opplæring, det er leiinga som må sikre at kommunikasjonen fungerer, det er leiinga som må sikre at dei tilsette har eit godt arbeidsmiljø, og ikkje minst er det leiinga sitt ansvar å få dei tilsette til å forstå at dei er profesjonelle innan sitt fag og klare å få yrkesstoltheten fram hos dei. Leiinga i ISS må arbeide endå hardare for å sikre at selskapet sine verdiar og etiske retningslinjer ikkje vert mista på vegen ned til dei enkelte tilsette, men vert kommunisert 100% til alle. Eg er ikkje i tvil om at leiinga i ISS kjem til å klare det på Gardermoen, men eg er også like sikker på at det kjem til å oppstå fleire saker andre stader. Dette gjer leiinga i ISS ei utfordring, fordi sjølv om 90% av avdelingane fungerer bra, så vil det alltid være nokre som har utfordringar. Nøkkelen ligg i å få dei tilsette til å forstå at reinhald er ingen annenrangs yrke. Reinhald er ein profesjon på same måte som rørleggaren eller snekkaren, og reinhaldarane er like viktige i samfunnet som andre yrkesgrupper. Men for å verte best i sitt yrke må ein heile tida utvikle seg og være villig til å lære, det gjeld også leiinga i ISS. Har Dagbladet brutt loven?
Dagbladet publiserte idag ei undersøking blant 3801 tillitsvalde i lokal- og fylkeslaga i Framstegspartiet. Det er svært mykje som er galt med denne undersøkinga, men mest av alt lurer eg på om den er gjennomførd på ein ulovleg måte. Undersøkinga For det andre var det ei rekkje med forskjellige oppmodingar på sosiale media, SMS og e-post om å la være å svare på undersøkinga. (For ordens skuld: Det var ikkje hovudorganisasjonen eller organ i partiet som kom med dei oppfordringane) Oppfordringa gjekk på at ved å svare på spørsmåla ville ein berre bidra til at det vart endå meir negativt fokus på ei trist sak, som ikkje har noko med politikk å gjere. Svært mange av dei som då var oppteken av at saka ikkje skulle få meir mediemerksemd, lot med all sannsynlighet være å svare på undersøkinga. Dagbladet publiserer likevel ei sak der dei viser til at så å så mange prosent av dei tillitsvalde meiner det eine eller det andre. Dagbladet syner til at dei har spurt dei tillitsvalde om kven ein støtter i “den opne maktkampen”?? Kva maktkamp? Veit ikkje om Dagbladet har fått det med seg, men dette er ikkje ein kamp om makta i partiet. Landsmøtet har vald ei partileiing og ein partileiar, og Carl I. Hagen har aldri ytra noko ønske om å ta opp den kampen. Dette handlar om heilt andre ting enn maktkamp, utan at eg vil gå inn på det i dette innlegget. Lovbrot Eg spurde då Politisk redaktør i Dagbladet, Marie Simonsen, kor mykje ressursar dei har brukt på denne undersøkinga, men fekk til svar: “nesten ingen”.
Problemet er at det er berre 2 måtar å samle inn desse e-postadressene på. Ein av dei krev mykje ressursar, mens den andre, så vidt eg veit, er ulovleg. Den eine måten er sjølvsagt å gå inn på nettsidene til Framstegspartiet, og gå systematisk gjennom kvar enkelt fylkeslag, lokallag og tillitsvald. Dette er ganske ressurskrevjande, fordi du må gjennom ganske mykje klikk pr e-postadresse. Og når du då skal gjere dette på 3801 personar, så tek det tid! Den andre måten dei kan ha fått dette til på, er at dei har motteke e-postlister frå nokon som har tilgang til dette i partiet. Dette betyr at nokon har brutt både vedtektene til FrP, samt norsk lov ved å gje ut personopplysningar frå vårt interne medlemsregister. Dette krev ikkje mykje ressursar, men det vil være svært alvorleg likevel. Hadde Dagbladet fått tilgang på informasjon som var taushetsbelagt og publisert dette, så måtte Dagbladet ha svara på kvifor det var så avgjerande viktig at samfunnet måtte få vite denne informasjonen. Det ville med all sansynlighet også vore grundige drøftingar i redaksjonen før ein gjekk til det steget å publisere denne informasjonen. Men sidan dette er Framstegspartiet, så har ikkje Dagbladet noko problem med å nytte taushetsbelagte register (viss det er riktig som Simonsen seier, at dei ikkje har brukt mykje ressursar på dette) til å kunne sende ut undersøkingar for å lage TABLOIDsaker. Det kan vel ikkje hevdast at offentligheten har krav på å få vite kva dei tillitsvalde i FrP meiner om ein mediekonstruert maktkamp? Uansett om Dagbladet har nytta store ressursar med å hente inn e-postadresser eller dei har nytta taushetsbelagt informasjon, så stiller eg store spørsmålstegn ved deira gjennomføring av denne undersøkinga. Eg har heller aldri sett det vore gjort noko slikt med noko anna parti i Norge tidlegare, så dette er vel nok eit eksempel på at Dagbladet og store deler av norsk presse meiner at “Så lenge det er FrP, så er det greit”. Bærekraftig innvandring til Flora
I eit innlegg på kystpuls.no skriv gruppeleiar i SV, Bente Halvorsen at ho er skuffa over Venstre og positivt overraska av FrP etter bystyredebatten om busetting av flyktningar. Odd Bovim frå Venstre repliserer, ikkje uventa, at det framleis er stor skilnad på partia i spørsmålet om innvandring og integrering til Flora. Og han har heilt rett! For der Venstre og SV i stor grad definerer vellukka integrering og eit meir inkluderande samfunn i kor stort antal flyktningar kommunen skal ta imot (kvantitet), så definerer FrP det same i korleis vi handterer den stadig aukande innvandrarbefolkninga i form av å inkludere dei i arbeidsliv og samfunn forøvrig (kvalitet). Fleirtalet Høgre og Venstre vedtok til slutt å busettje oppunder 50 flyktningar i Flora kommune i 2012, ca 20 som såkalla familigjennforening i tillegg til dei 25 som det vart fatta direkte vedtak om. AP/SV/SP/KRF sitt framlegg på litt i overkant av 50 ville nok i realiteten ikkje førd til ein einaste verken meir eller mindre innvandrar. Det vart nok mest eit spel for galleriet, utan realpolitisk innhald. I tillegg var det brei semje i Bystyret om at integreringa måtte betrast for å klare å inkludere innvandrarbefolkninga i kommunen, både når det gjaldt arbeid, bustad, organisasjonsliv og elles i Florasamfunnet. Det vart sågar fatta vedtak om utgreiingar som skulle oppnå desse måla på sikt. Problemet vart vel at dei ikkje ville ta inn over seg realitetane, og ville ikkje fokusere på kvalitet i integreringa framfor kvantitet i tilflyttinga. Det kan godt være at både SV og Venstre er programforplikta til å hevde at jo fleire flyktningar vi tek imot, dess meir humanistiske og gode mennesker er vi. Men kanskje burde desse to partia heller fokusere på korleis folk som kjem hit har det, og korleis vi skal få dei til å “passe inn”. Flyktningar som skal busettjast har fått fast opphald i Norge, og skal pr definisjon verte “norske”. Dei skal være ein del av samfunnet og bidra på samme måte som alle oss andre som bur i kommunen. For å få dette til, hjelp det ikkje å ta inn eit så stort antal at apparatet ikkje klarer å takle det. Resultatet vert ein “humanistisk” politikk på bekostning av livskvaliteten til dei som dei hevdar dei vil hjelpe. Vi ser allereie resultatet av denne politikken i Flora kommune. Fleire og fleire innvandrarar vel å flytte andre stader, i staden for å skape seg ei framtid i nettopp vår kommune. Dette prøver SV og Venstre å kompensere ved å ta imot endå fleire. Kanskje er det snart på tide å stoppe opp, tenkje seg om, styrkje den individuelle integreringa, og skape ei framtid for flyktningane. Dette klarer vi ikkje i “lille” Flora når vi skal ta imot 50 flyktningar i året, i tillegg til dei kanskje 100-150 arbeidsinvandrarane som kjem til Flora i same periode. Det er ein forskjell mellom FrP og dei andre partia i Flora når det gjeld integrering. Vi meiner at ved å redusere antalet flyktningar til 15 i året, så vil vi kunne ha fokus på kvar enkelt, og kvar enkelt sitt behov, i staden for gruppetenkinga som råder idag. Viss vi ynskjer at flyktningane skal integrerast og skape seg ei framtid med familien i Flora, då må vi endre fokus frå kvantitet til kvalitet. Det ser ut som vi må vente endå eit år før det vert ein realitet. Professor med skylappar og politiske kujonar
Professor Torger Reve kjem med ein brannfakkel som syner manglande evne til å sjå heilskapen i samfunnsutviklinga, når han føreslår å bruke samferdslemidlar for å oppretthalde skular. Samstundes syner vår eigen fylkesordførar, Åshild Kjelsnes (AP), ei overraskande haldning om at politikarar ikkje lenger skal drive med politikk ved å prioritere mellom sektorar. Eg veit saneleg ikkje kva som er verst! Satsing på skule Men Reve går i ei enorm felle når han trekk fram struktur som avgjerande for denne satsinga. For det er jo kvaliteten i opplæringa, og korvidt vi klarer å utdanne elevane best mogleg som er avgjerande for dei faktorane Reve trekk fram, og ikkje kor desse skulane nødvendigvis er lokalisert. Reve må ha misforstått situasjonen i Sogn og Fjordane totalt. Vi snakkar jo ikkje om å svekkje opplæringstilbodet, men vi snakkar om å tilpasse antal skular, antal klassar og antal lærarar til det antal elevar vi har. Det er ein stor skilnad. Desverre er Framstegspartiet saman med Høgre, dei einaste som faktisk ser desse realitetane, og ynskjer å få på plass system som gjer det mogleg å oppretthalde kvaliteten i den vidaregåande opplæringa i fylket, sjølv om elevtalet går ned. Satsing på samferdsle Det hjelp lite å satse på opplæring hvis skuleungane ikkje kjem seg på skulen på grunn av rasstengde vegar, eller i verste fall at skulebussen vert teken av ras. Det hjelp ikkje å satse på høgare utdanning og inovasjon, hvis bedrifter ikkje er i stand til å etablere seg i fylket fordi dei ikkje får transportert ut varer og tenester. Det hjelp heller ikkje å ha dei beste elevane i landet, hvis dei ikkje har høve til å komme seg til stader der dei får fritidstilbod som dei ser som sjølvsagte. Då vel dei heller å flytte til ein stad der dei finn dette innan 5 minutt med trikken. Det Reve må forstå er at ei massiv satsing på samferdsle er den 1. og heilt avgjerande faktoren, for at det i det heile skal være muleg å både ta utdanning, og ikkje minst skape arbeidsplassar og få folk til å verte busett i vårt fylke. Vi kan gjerne satse alle samferdslemidlane på opplæring. Men då vert konsekvensen at vi utdannar ungdom til å busettje seg i andre delar av landet, og vi får på sikt endå mindre skattekroner å fordele til desse sektorane. På lang sikt er dette ei svært dårleg prioritering. Politiske kujonar Ein politikar si oppgåve er jo nettopp å prioritere mellom alle dei tiltaka og ordningane vi har. Vi har ein pengesekk, og desse pengane skal fordelast mellom det vi som politikarar meiner er viktig og mindre viktig. Når ein politikar viser så total mangel på evne og vilje til å sjå denne samanhengen, så kan ein lure på kva det er som vil skje framover. Skal ein berre lukke auga å sjå pengesekken verte mindre å mindre, og kutte i det årlege budsjetta til det ikkje er meir igjen verken til skule eller samferdsle? Ei rask avklaring på opplæringsspørsmålet, vil kunne gje oss ei økonomisk handlefridom til å kunne tilpasse oss til eit godt oppløæringstilbod i framtida, utan at det må gå på bekostning av samferdsle. Men då må ein slutte å tru at dette går over av seg sjølv, og vise handlekraft. Kjempande ordførarar I 2009 advarte eg Arve Helle med at viss ein prioriterte Dalsfjordbrua, så risikerte han at den vidaregåande skulen i Dale vart nedlagd. Over 2 år etterpå har det så smått begynt å gå opp for han at det er nett det som er i ferd med å skje. Årsaka er ganske enkel. Dalsfjordbrua, slik den vert bygd utan tilknyttning nord/sør, har ein samfunnsøkonomisk vinst som ligg alvorleg langt nede på minussida. Viss ein derimot hadde prioritert 45-minuttsregionen først, så ville den auka næringsutviklinga og skatteinngangen ha sikra både Dalsfjordbrua og skulen i Dale på lengre sikt. Men slik går det desverre når fylkespolitikarar er mest oppteken av å utvikle sine eigne bygder, framfor å sjå heilskapen i samfunnsutviklinga i fylket. Manglande evne til å prioritere og fatte vedtak, vil nok også i åra framover medføre at det raudgrøne utstillingsviduet, Sogn og Fjordane, vert den tapande part. KRF sin raudgrøne flørt![]() Trude Brosvik har vald å samarbeide med AP og dei raudgrøne partia på Fylkestinget i Sogn og Fjordane. Klarare indikasjon på at KRF vil sikre eit framleis raudgrønt styre etter 2013 skal ein leite lenge etter. Les mer…Utspørjing på NRK5. september var eg i NRK-studio i Førde og vart “grilla” av Erlend Blaalid Oldeide. Heile utspørjinga kan du sjå på nett-tv her. Frank Willy Djuvik sin blogg
Følges av 3 medlemmer.
Eg har oppretta denne bloggen for å skrive om lokale saker som gjeld kommunane og lokalsamfunna i Sogn og Fjordane. Naturleg nok vil bloggen handle mykje om politikk, men også andre aktuelle ting som skjer i vårt fylke. Spesielt vil eg nok skrive om det som eg verkeleg brenn for, nemleg vekst og utvikling. Korleis eit fylke som Sogn og Fjordane kan ha så dårleg folketalsutvikling er den store gåta som vi må finne svaret på, og ikkje minst finne gode løysingar for å endre i åra som kjem. Eg vil bidra med mine tankar om dette her på bloggen. Eg skal prøve å variere blogginnlegga med både tekst, bilete og videoar, så stikk gjerne innom ein gang iblant for å sjå dei nyaste oppdateringane. Kom gjerne med innspel og kommentarar til innlegga, det er tross alt ved at vi kombinerer gode idéar og innspel at vi som oftast finn dei beste løysingane. Du kan også lese den andre bloggen min, som handlar om meir nasjonale og ideologiske saker, den finn du her Du kan også følge meg på facebook eller twitter Eller du kan sjå videoar av meg her Mer om sonen Frank Willy Djuvik sin blogg er en sone på Origo. Les mer Annonse | ||